Her kjem ei melding til Hagtvet frå zombieuniversitetet vest i havet

3 weeks ago 149



Studentane og eg er særs takksame for at professor i statsvitskap Bernt Hagtvet (bildet) gjev oss det glatte lag i Aftenposten, skriver Per Eilif Thorvaldsen. Foto: Tom A. Kolstad

Ein student rekk opp handa: «Men har ikkje Hagtvet sjølv brote alle reglar for sakleg framferd med sin kronikk?»

Publisert: 01.11.2024 15:25

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Her kjem ei melding frå zombieuniversitetet vest i havet. Studentane og eg er særs takksame for at professor i statsvitskap Bernt Hagtvet gjev oss det glatte lag i Aftenposten den 24. oktober. Med orwelliansk nytale prøvar me å verta lik dei fire store ordentlege universiteta. Me er eit teikn på forfallet i høgare utdanning. Me tilsett university dropouts frå dei ordentlege universiteta, driv med Donald-forsking og undervisar studentar som synast det er stas å vera elev ved eit universitet som ikkje still nokre krav til dei.

Eg får kontant dårleg samvit når han kjem innom førebuande: «Ex.phil. (forberedende) er naturligvis noe herk. Vekk med dette gjenskinnet av foreldede standarder! Tenkningens historie? Fortsett med å fjerne dette dannelsesfjaset og saklighetslæren. Det er for vanskelig for dagens studenter.»

Det er jo nettopp det eg har gjort i vårt ING100 Ingeniørfagleg innføringsemne. Eg har skrella bort sakleg framferd og retorikk i eit fortvilt forsøk på å pressa so mykje danning som råd er inn i to studiepoeng.

Eg tek ei avgjerd. I hylla mi finn eg fram filosof Arne Næss si bok «En del elementære logiske emner» frå 1947. Det er Hagtvet sin bibel. Eg las han hausten 1978 med ein ungdommeleg gjesp. Skal eg gjeva Næss ein ny sjanse? Dei siste dagane har vore ein fest. Eg har kosa meg overalt med brokkar av boka. Som ein ekte intellektuell har eg sete på Bybanen og lese halvhøgt medan dei andre har skrolla på mobilen.

Kva med å taka det eit skritt vidare og innvia studentane i løyndomen? Eg vart jo konfrontert av nokre studentar førre torsdag med eit spørsmål om eg no var ferdig med pensum. Eg destillerer ut eit konsentrat på 14 ljosbilete for dei som ikkje lenger kan lesa tekstar som krev konsentrasjon. No skal dei fengja, anten dei vil eller ikkje.

Eg ber dei lesa Hagtvet sin kronikk som førebuing. Førelesinga går som ho må gå. Instant suksess. Studentane jublar av glede. Skjell fell frå deira auge (Apostlane sine gjerningar 9:18). Det er eit før-og-etter-augeblikk i livet deira.

So er det ein student som rekk opp handa: «Men har ikkje Hagtvet sjølv brote alle reglar for sakleg framferd med sin kronikk?»

Eg ler inni meg og seiar: «Lat oss samskriva eit svar til han frå zombieuniversitetet i fjøresteinane. Det er jo Halloween.»

Read Entire Article