Her kjem den kantra Naddoddur inn til land

1 month ago 21



Havaristen Naddoddur er no komen inn til land etter den dramatiske kantringa i Stadhavet tysdag kveld, der ei kvinne i 20-åra omkom.

Det var svært krevjande forhold på sjøen, med bølgjehøgder på opptil fem meter.

Båten Naddoddur er på 30 fot, noko som svarar til ni meter.

Den blei bygd etter vikingtradisjonar frå Færøyane og hadde opphavleg to master.

På færøysk blir båten kalla for «seksæringur».

Naddoddur slept til land i Måløy.

Store krefter har vore i sving på havet. Den færøyske båten såg slik ut då han kom til hamn i Måløy.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Det var seks personar om bord i båten då den kantra. Fire av dei var frå Sveits, éin var frå Færøyane og éin var frå USA.

– Veldig krevjande arbeid

– Det er krevjande, mørkt, avgrensa sikt og mykje sjø. Veldig krevjande arbeid.

– Det var jo relativt rufsete og godt over tjue meter i kasta, med bølgehøgde på signifikante fem meter, så det var rufsete, fortel maskinsjef om bord redningsskøyta «Idar Ulstein», Per Børstad.

Naddoddur blir frakta til land

Her blir Naddoddur slept til land av Kystvakta.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Ved vêrstasjonen på Kråkenes fyr var det målt vindkast nær 30 meter i sekundet.

Børstad fortel at dei brukte lyskastarar, men med mykje bølgjedalar var det vanskeleg å sjå noko på sjøen.

RS Idar Ulstein.

Maskinist på redningsskøyta «Idar Ulstein» fortel om svært krevjande forhold på sjøen tysdag kveld og natt.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Båten låg opp ned. Det er krevjande å finne så små ting ute på sjøen om natta.

Lokal båtførar

Torfinn Kråkenes er lokalkjend og bur ute ved Kråkenes fyr. Han har ein liknande båt i Kystkulturlaget, av tilsvarande storleik, og er erfaren på sjøen.

– Det eg har funne ut er at du må vere forsiktig med seglføringa.

– Eg trur at båten hadde klart seg i slikt vêr som det er i dag, viss ein hadde vore forsiktig med segla sine. Men det var meir sjø i går.

Korleis trur du dei hadde det der ute i går

– Det trur eg ikkje kan ha vore noko kjekt. Det må ha vore utruleg stress.

– Eg trur det må ha vore eit heftig døgn for dei der ute.

Publisert 28.08.2024, kl. 16.25 Oppdatert 28.08.2024, kl. 17.00

Read Entire Article