Her kan dei brukte kleda dine ende opp

1 week ago 14



Motebransjen produserer klesplagg og kolleksjonar som aldri før.

Såkalla fast- og ultra fast fashion betyr lave prisar - og lav kvalitet.

Det som før var ei investering meint for å vare livet ut, har no blitt forbruksvare.

Å donere gamle plagg er ei god gjerning, men også noko vi forbrukarar gjer for å kunne konsumere nye klede utan å føle skam.

Berre tre prosent av kleda vi donerer, blir verande i Noreg for gjenbruk, gjenvinning eller forbrenning, viser ei kartlegging av brukte tekstilar og tekstilavfall.

Resten set ut på ei lang reise sørover.

Skattejakt

NRK har tatt turen dit mesteparten av tekstilane endar opp. I fattige afrikanske land.

På gjenbruksmarknaden Gikomba i Nairobi møter vi Dorris Njambi som er på jakt etter brukte skattar.

Kvar måndag startar ho veka med det ho elskar aller mest; å finne nye eigarar til våre brukte klede.

Mote var lenge hobbyen hennar. No har det blitt levebrødet.

På marknaden investerer ho i klesballar frå importørar, heilt uvitande om innhaldet. Så byrjar jobben med å sortere ut det ho vil ha med vidare.

– Eg vel ut kleda eg vil selje vidare. Det eg ikkje vil ha, legg eg til side. Eg ser på om plagga er reine. Om dei har hol. Denne er i god stand, seier ho og held opp ei raud og grå T-skjorte.

Mykje er i dårleg stand. Det kan vere feil størrelse, ueigna til klima og lokale stilar eller plagg dekka av oppkast, flekkar eller skadar.

Gjenbruksklede

Dorris Njambi inspiserer klede på gjenbruksmarknaden Gikomba i Nairobi.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Baksida av medaljen

– Denne syklusen av gjenbruk har påverka oss positivt. Vi får varer frå andre land. Moten kjem til oss. Vi kan kle oss og få fine plagg til ein rimeleg penge, seier ho med eit smil om munnen.

Likevel har jobben ei enorm skuggeside.

På baksida av klesmarknaden kjem dei negative konsekvensane av Vesten sitt overforbruk til syne.

Nairobi River er full av tekstilavfall. Her hamnar plagga som aldri fekk nye eigarar.

40 prosent av det som kjem frå Europa til land som Kenya og Ghana, er i så dårleg stand at det går rett på søppeldunga, ifølge ei kartlegging.

Kvart sekund hamnar ein søppelbil med brukte klede på søppelfyllingar i afrikanske land.

EU tar grep

Noreg eksporterte 31.642 tonn brukte tekstilar og tekstilavfall i 2022. Det tilsvarar omkring 5,76 kilo per person.

EU vil no forby eksport av tekstilavfall til land som er dårleg rusta til å handtere det.

Det er Sverige, Danmark og Frankrike som har gått i bresjen for at EU skal innføre klare og effektive globale restriksjonar for å stoppe forureining frå tekstilar.

Unionen ynskjer ein sirkulær økonomi der vi tar ansvar for å redusere, gjenbruke og resirkulere tekstilavfall.

I tillegg har EU vedtatt eit nytt regelverk som gjer det ulovleg å kaste klede som ikkje blir selde i butikk.

Gjenbruksklede

Nairobi River er full av tekstilavfall frå Vesten.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Produsentansvar

EU sin nye strategi for å handtere tekstilavfall inneber blant anna at produsentar skal stillast til ansvar og må betale for handtering av avfall.

– Det er ingen i den norske tekstilnæringa som ynskjer å sjå at produkt dei set på marknaden skal ende opp som eit avfallsproblem i andre land, seier berekraftsjef Tord Dale i Virke.

This aerial view shows a dump site where secondhand clothes are discarded at Old Fadama in Accra, Ghana, on November 15, 2023. Ghana became the world's largest importer of used clothing in 2021, according to the Observatory of Economic Complexity (OEC) data site, with garments worth $214 million shipped mostly from China, the United Kingdom and Canada. (Photo by Nipah Dennis / AFP)

40 prosent av brukte klede som eksporterast til afrikanske land endar opp som søppel. Dette er Old Fadama i Accra, Ghana.

Foto: AFP

Han seier vidare at bransjen er opptatt av å lage berekraftige tekstilar som har lang levetid ved bruk av naturmateriale.

Per i dag er det ingen materialgjenvinning av tekstilavfall i Noreg.

– For å løyse dette problemet må ein blant anna sikre ei betre sortering av tekstil som går ut av Noreg slik at ein får fjerna det som er avfall, seier han.

Sjå Urix for å finne ut korleis vi kan hindre at vår mote blir til afrikansk søppel:

Gjenbruk er bra - men er det så enkelt? Hvordan kan vi hindre at vår mote blir til afrikansk søppel? Programleder Eline Buvarp Aardal.

Publisert 24.04.2024, kl. 20.20

Read Entire Article