Her får ikkje lenger elevane nye blyantar

2 weeks ago 10



Det er skralt i kommuneøkonomien, og fleire stader blir skulane hardt råka.

Den siste tida har debatten rasa om tilstanden i norske kommunar, som medfører kutt, skulenedlegging og vikarstopp.  

På Ytre Herøy Ungdomsskule i Møre og Romsdal, går innkjøpsstoppen så langt som til grunnleggande utstyr. 

 Bjørn Sigurdsøn / NTB
LITE PENGA: Skular over heile landet må omstille seg på grunn av dårleg økonomi. Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

TV 2 har fått tilsendt ei melding frå ein av dei føresette ved skulen, som ikkje ønskjer å stille med namn. 

Oppmoding til foreldre

Vedkommande hadde fått ei melding frå skulen, der det stod følgjande: 

«Grunna innkjøpsstopp i kommunen er vi nøydde til å informere om at vi ikkje har høve til å dele ut papirkoppar, blyantar og liknande utstyr til elevane.»

 Aage Aune / TV 2
TA MED SJØLV: Skulen i Møre og Romsdal oppmodar føresette om å passe på at elevane har utstyret dei treng. Foto: Aage Aune / TV 2

Vidare oppmodar dei føresette om å hjelpe ungdommen med å ta med seg nødvendig utstyr.

«Vi ønskjer også minne om at vi ikkje har lov å gi ut Paracet eller andre medisinar utan løyve frå føresette. Dette gjeld også innkjøpsstoppen.»

– Kan bli ein slitasje

Kommunalsjef for skule og oppvekst i Herøy kommune, Lene Nupen, er open om at kommunane står i ein krevjande økonomisk situasjon. 

Ho seier dei må forhalde seg til rammene dei har fått. 

– Vi skal drive forsvarlege tenester. Då må vi finne løysingar som hjelper oss med å frigjere at vi får det til, seier Lupen

Innkjøpsstopp er eitt at av tiltaka dei har innført. Ho forsikrar likevel om at elevane skal få det utstyret dei skal ha. 

– Meldinga var ei oppmoding om at elevane må halde styr på tinga sine og at ein har med seg det utstyret dei har fått. 

– Så elevane får utlevert ein blyant om dei manglar det?  

– Det er alltid nokon å låne av. Det er sånt som går an å løyse.

 Privat
SPAREBLUSS: Skular over heile landet har spareblussen på. Kommunalsjef for helse og oppvekst i Herøy kommune seier dei gjer så godt dei kan med rammene dei har. Foto: Privat

Den økonomiske situasjonen gjer at dei må bruke av det materiellet dei har, og utsette alle innkjøp inntil vidare. 

I tillegg til innkjøpsstopp, leiger dei inn så lite vikarar som mogleg ved korttidsfråvêr. 

Elevane kan heller ikkje delta på aktivitetar som utløyser ekstra kostnadar med transport, som til dømes kino, konsertar eller skidag.

– Er du uroa for den økonomiske situasjonen? 

– Ja, ein blir jo det. Når ein heile tida skal strekke seg, og heile tida må løyse oppgåver på ein annan måte med avgrensa ressursar, så ser vi at det kan bli slitasje. 

– Ikkje overraska 

Mette Johnsen Walker, leiar i Skolenes landsforbund, er ikkje overraska over å høyre om innkjøpsstopp som går så langt som til eingongskoppar og blyantar. 

– Det er skore til beinet så mange stadar at vi no er alvorleg uroa for fellesskulen og gratisprinsippet, seier Johnsen Walker. 

 Terje Pedersen / NTB
UROA: Mette Johnsen Walker i Skolenes landsforbund meiner mange skular står i ein svært krevjande situasjon. Foto: Terje Pedersen / NTB

Ho seier at dei stadig ser kutt som gjeld meir enn berre skule, men og fritidsaktivitetar, skulepsykologar og kutt som rammar psykisk helse blant unge. 

– Den største uroa er knytt til at mange skular no ikkje er i stand til å vareta samfunnsoppdraget, altså å utdanne og danne barn og unge. 

Meir pengar til kommunane

KS sine undersøkingar viser at kommunar og fylkeskommunar har eit meirforbruk på tenestene i år på om lag 10 milliardar kroner. 

Etter at regjeringa la fram statsbudsjettet for 2025, var kommunane i harnisk over rammene dei fekk å forhalde seg til. 

 Jan Helge Rambjør / TV 2
KRISEMØTE: Kommunalminister Erling Sande var i krisemøte med styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen om den økonomiske situasjonen i kommunane. Foto: Jan Helge Rambjør / TV 2

Regjeringa kalla inn til krisemøte. Førre veke la dei fram at dei vil gi 5 milliardar ekstra til Kommune-Noreg i år og til neste år. 

– Vi kjem til å bedra overfor kommunane i den krevjande situasjonen dei står i. Det er viktig for å sikre trygge barnehagar, gode skular for ungane våre og ein god eldreomsorg rundt i kommunane, sa kommunalminister Erling Sande (Sp) då. 

Kommunesektorens organisasjon (KS) meiner dette ikkje er nok. 

– Det var ein nødvendig handsrekning som letter noko på situasjonen, men det er framleis behov for kutt og omstilling. Det merkast i dei viktigaste velferdstenestene våre som skular, barnehagar og eldreomsorg, seier Gunn Marit Helgesen, leiar i KS. 

Read Entire Article