Her er voteringane du gjekk glipp av i natt

2 weeks ago 11



Legalisering av marihuana, minsteløn og oppmjuking av abortlovar. Medan Trump blei valt som president, stemte amerikanarar på fleire lovforslag som kan vera avgjerande.

 Charlie Riedel / AP
JUBLAR: To kvinner i Missouri jublar etter at staten med knapt fleirtal stemte for å utvida abortlovene i den elles konservative staten. Foto: Charlie Riedel / AP

Publisert 06.11.2024 12:13

Det amerikanske valet er over. 

Og medan presidentvalet stel overskriftene, er det ein heil del anna som blir stemt over i dei ulike delstatane. 

Marihuana, abort, homofilt ekteskap og minstelønn er noko av det amerikanarane har votert over i dag. 

Abort og marihuana

Abort har vore ei heit potet i valkampen. Heilt sidan Høgsterett stemte for å fjerna den føderale lovfesta retten til abort, den såkalla «Roe v Wade», har heile 14 statar innført eit abortforbod. 

Dette har i seinare tid mobilisert fleire veljarar, då ein såg at i det desse rettane kunne innskrenkast ganske kraftig i det statane tok over. 

Desse statane stemte for å utvida retten til abort der dette var ulovleg eller avgrensa: 

  • Arizona 
  • Missouri
  • Desse stemte mot: 

    • Florida (Her måtte ein ha ein ha 60 prosent fleirtal for å få fleirtal. Dei enda på 57,1 prosent)
    • Sør-Dakota 
    • Desse statane stemte for å oppretthalda aborttilgang, og å innføra retten til abort i grunnlova til staten:

      • Colorado
      • Maryland
      • Montana
      • Nevada
      • New York

Montana, Missouri og Arizona er tre statar som Donald Trump vann. Likevel stemte desse for å oppretthalde, eller liberalisera abortlovene. 

– Det visar at abortsaka ikkje er viktig nok til at dei stemmer på Demokratane i eit presidentval. Det er økonomi og innvandring som trumfar alle andre saker, seier Hilmar Mjelde, som er professor i statsvitskap på Høgskulen på Vestlandet. 

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
ØKONOMI OG INNVANDRING: Professor Hilmar Mjelde meiner at mange saker ikkje er viktige nok til å tippa eit presidentval i enkelte statar. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

I tillegg til abort, har marihuana òg vore ei sak som har fått momentum dei siste åra. I 24 statar er cannabis lovleg for rekreasjonsbruk, og i sju statar er bruken dekriminalisert. 

No har òg Nevada stemt for å legalisera medisinsk marihuana, og dessutan etablera ein medisinsk cannabiskommisjon. 

I Florida stemte 56 prosent for legalisering, men også her treng dei 60 prosent for å få forslaget gjennom. 

Auka minsteløn, men ikkje overalt

Fleire statar har òg vore innom minstelønn. I dag ligg minstelønna på usle 7,25 dollar, og der har han lege stabilt sidan 2009. 

Sidan då har fleire forsøkt å auka den føderale minsteløna, seinast i 2021. Dette har ikkje skjedd. 

Likevel er det store forskjellar frå stat til stat, der mange har minsteløn lang høgare enn 7,25 dollar. 

Desse stemte for å auke minsteløna: 

  • Missouri stemte for minsteløn på 13,75 dollar, og dessutan ein time betalt sjukefråvær for kvar 30. arbeidstime. 
  • Alaska stemte for å auka minsteløna til 15 dollar.

Desse stemte i mot: 

  • California stemte mot å auke minsteløna frå 15,50 til 18 dollar.
  • Massachusetts stemte mot å auke minsteløna for tilsette som tek imot tips.

I tillegg stemte Arizona mot eit forslag om å redusera minsteløna for arbeidstakarar som tek imot tips. 

CALIFORNIA VISER VEG?: Forslaget om å auka minsteløna blei stemt ned. Her frå eit folkemøte juni der medlem av Service International Union ville auka til 25$ i timen. Foto: Rich Pedroncelli / AP
CALIFORNIA VISER VEG?: Forslaget om å auka minsteløna blei stemt ned. Her frå eit folkemøte juni der medlem av Service International Union ville auka til 25$ i timen. Foto: Rich Pedroncelli / AP

Her er alt anna som vart stemt over på valnatta: 

Arizona stemte for at statleg og lokalt politi kan handheva immigrasjonslover og auka straffene for fentanyl.

California oppheva eit forslag om homofilt ekteskap. 

Nevada auka krav til identifikasjon for å stemma i val. 

Idaho, Kentucky Missouri og Nord-Carolina, Sør-Carolina, Wisconsin og Oklahoma stemte for at berre amerikanske statsborgarar kan stemma. 

Idaho stemte ned forslag om å etablera rangert val i primærval.

 Jim Watson / AFP / NTB
SIGRA: Sjølv om alt du har lest i denne artikkelen skjedde på valnatta, er nok gjenvalet av Donald Trump det de fleste kjem til å sita att med. Foto: Jim Watson / AFP / NTB
Read Entire Article