Olha Sharudylo kom til Ål for litt over tre år sidan, etter at ho flykta frå den ukrainske hovudstaden Kyiv.
Ål ligg midt mellom Oslo og Bergen. Det er langt til byen. Men ho kunne knapt vore meir heldig, for denne kommunen er nemleg best i landet på å få flyktningar i arbeid.
– Eg trivst her. Det er ei lita bygd, med vakker natur og veldig snille menneske. Det er koseleg her, seier Olha.
Olha Sharudylo har fått fast jobb på den lokale Spar-butikken.
Foto: Tordis Gauteplass / NRKStartar på kaféen
At hallingdalskommunen lykkast med integreringsarbeidet, viser tal frå SSB, der Ål tronar øvst av alle kommunane i landet. Gjennom introduksjonsprogrammet har dei greidd å sysselsette 83 prosent av dei ukrainske flyktningane.
-
Silje Landsmann-Wiwe er opptatt av at det i Ål ikkje skal vere vi og dei, men oss.
Foto: Tordis Gauteplass / NRK
– Dette seier mykje om Ål som samfunn. Det er ein kommune der me har utruleg mange arbeidsgivarar som stiller opp. Dei tilset gjerne personar som ikkje snakkar perfekt norsk, eller har den erfaringa dei er ute etter. Likevel er dei villige til å gi dei ein sjanse, seier Silje Landsmann-Wiwe.
Leiaren for Ål introsenter understrekar at ein grunnleggjande del av opplegget dei har for flyktningane, er Kafé TID. Her får alle bli kjent med norsk arbeidsliv i eit praksisførebuande løp to dagar i veka, kombinert med tre dagars språkopplæring.
– Det er ein læringsarena for å bli godt førebudd på kva det vil seie å jobbe i Noreg, noko som inkluderer både skrivne og uskrivne reglar. Det handlar også om forventningar og kva som er viktig på ein norsk arbeidsplass.
Fekk besøk av kronprinsparet
Landsmann-Wiwe fortel at arbeidskultur kan variere mykje frå land til land.
– Me har også fokus på arbeidsmiljø, for eksempel at det er viktig å vera sosial med kollegaer i lunsjen. Dessutan at ein må komme tidsnok og møte godt førebudd.
Perioden flyktningane har praksis på Kafé TID blir også brukt til å kartlegge og finne ut kva for ein praksis/jobb som kan passe som neste steg.
Butikksjef Geir Oskar Knudsen har tilsett tre ukrainarar på Spar.
Foto: Tordis Gauteplass / NRK– Me prøvar alltid å finne praksisplassar der det finst ein moglegheit for å få jobb etterpå. Det gjer at deltakaren får motivasjon til å stå på og gjere sitt beste.
Kafé TID kallar seg ein kafé utanom det vanlege, og namnet står for tillit, inkludering og deltaking.
For to veker sidan besøkte kronprinsparet kafeen.
– Det er eit utruleg fint tiltak, og ein fin stad å vera kunde, sa kronprins Haakon.
Kronprinsparet besøkte Kafé TID i september.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBBygde-Norge på toppen
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det er Bygde-Norge som tronar på toppen. Etter Ål kjem Gildeskål i Nordland og Senja i Troms.
Først på niandeplass kjem bykommunen, Tromsø, tett følgd av Kongsberg.
Silje Landsmann-Wiwe trur ikkje det er tilfeldig at dei åtte øvste er små distriktskommunar.
– Her kjenner me alle flyktningane som har vorte busett. Me følgjer dei godt opp og tilpassar introduksjonsprogrammet etter kva dei treng.
Det er ikkje «me og dei» når det kjem flyktningar hit, men dei er ein del av oss. Og når ein treffast på butikken eller som foreldre i barnehagen, så er terskelen for å snakke saman og sjå kvarandre plutseleg mykje lågare seier Silje Landsmann-Wiwe.
– Sterkt lokalt engasjement
Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng meiner arbeid er nøkkelen til god integrering.
– Lokale arbeidsgivarar fortener skryt for å våge å satse på flyktningar som kanskje ikkje meistrar språket til å begynne med, seier Stenseng.
Norce-forskar Benedicte Nessa meiner at tiltak som verkar ein stad, ikkje nødvendigvis verkar i ein annan kommune.
Benedicte Nessa, forskar i Norce.
Foto: Andreas R. Graven / NORCE– Det kunne vore interessant å undersøke om små kommunar lykkast fordi dei har færre instansar involvert, og dermed kortare veg til vedtak. God inkludering i små samfunn kan også henge saman med sterkt lokalt engasjement og at flyktningar, lokalsamfunn og arbeidsgivarar har nærleik til kvarandre seier ho.
Fafo-forskar Ragna Lillevik seier det kan vera forskjell på dei som blir busett i sentrale og rurale strøk.
Fafo-forskar Ragna Lillevik
Foto: FAFO– Personar som for eksempel har helseutfordringar som treng spesialistoppfølging, blir ikkje busett på Senja. Dei blir busett meir sentralt, i nærleiken av tenestene dei treng. Denne gruppa kan også ha større utfordringar med å komma i arbeid, seier Lillevik.
– Det lokale behovet for arbeidskraft vil påverke andelen som går over til arbeid. Vidare vil samarbeidet mellom kommunen ved Nav og lokale arbeidsgivarar bidra til kopling av innbyggarane i kommunen med moglegheiter for arbeid, seier divisjonsdirektør Halwan Ibrahim i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (Imdi).
Trygg framtid
Olha Sharudylo var leiar for ein klesbutikk heime i Ukraina. Då ho kom til Ål, gjekk vegen frå Kafé TID til praksisplassar både i klesbutikk og i daglegvarehandel. Etter å ha gått i eit tilkallingsvikariat hjå den lokale Spar-butikken ei stund, har ho no fått fast jobb.
– Kva betyr det for deg?
– Denne jobben gjer at eg kjenner på ein tryggleik for framtida, seier Olha, som slett ikkje saknar byen, sjølv om ho kjem frå tjukkaste Kyiv.
Publisert 15.10.2025, kl. 21.40