Helsesjukepleiarar rådville: Når bør spedbarn få smake fast føde?

1 month ago 18



Peanøtt, egg, kveite og kumjølk.

Stadig fleire barn er allergiske mot ein eller fleire av desse matvarene. No meiner forskarar at ein kan unngå matallergi.

Ein stor norsk-svensk studie har vist at om barnet får smake på ulike matvarer frå dei er tre til fire månader gamle, reduserer det risikoen for å utvikle matallergi med 60 prosent.

Det strir med råd frå Helsedirektoratet.

Meiner funna er solide

Linnea på åtte månadar er blant barna som har fått smake på mat tidleg.

– Ut frå dei råda vi fekk, det vi har lese og høyrt frå andre, skjønte vi at ho burde få smake på annan mat så tidleg som mogleg, seier Jon-Henning Aasum.

Jon-Henning Aasum.

Aasum er i pappapermisjon og tek med dottera på helsestasjonen i Sandefjord. Han er nøgd med råda frå helsesjukepleiarane, seier han.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Helsedirektoratet gir råd om å berre mate spedbarna med brystmjølk fram til dei er seks månadar gamle.

– Det er ikkje trygt å anbefale dette når forskingsfunna er så solide og godt dokumenterte, seier professor Karin Lødrup Carlsen.

Det er ikkje snakk om mykje mat, forklarar ho.

Litt peanøttsmør, mjølk eller ei tynn eggerøre på fingeren til mor eller far som babyen får suge på, er nok til å førebygge allergi.

  • Karin Lødrup Carlsen, Oslo universitetssykehus

    Karin Lødrup Carlsen

    • Professor, Universitetet i Oslo
    • Barne- og overlege, Oslo universitetssykehus

No meiner Lødrup Carlsen at råda frå Helsedirektoratet er utdaterte og ber dei om å endre den nasjonale retningslinja i tråd med allergiforskinga.

Usikre helsesjukepleiarar

Råda frå Helsedirektoratet bygger på samanfatta forsking som viser at amming og fullamming førebygger infeksjonar, overvekt og truleg nokon typar kreftformer.

Tidleg introduksjon av fast føde kan føre til at babyen får mindre morsmjølk eller sluttar å amme tidlegare enn anbefalt, ifølge Helsedirektoratet.

Samstundes skal helsesjukepleiarar gi råd til nybakte foreldre om mellom anna mat og amming. Dei er lovpålagde å følge råda frå helsestyresmaktene.

Leiar av landsgruppa for helsesjukepleiarar i Norsk Sykepleierforbund, Ann Karin Swang, seier at fleire opplever det som vanskeleg å gi råd når ny forsking og råd frå ekspertar strir med den nasjonale retningslinja.

– Eg får mange e-postar frå helsesjukepleiarar rundt om i heile landet som lurer på kva informasjon dei skal forhalde seg til.

Ann Karin Swang, Leder av Landsgruppen av helsesykepleiere NSF

Ann Karin Swang, leiar for helsesjukepleiarane i Norsk Sykepleierforbund.

Foto: Kristin Henriksen / NSF

No ber Swang om få ei direkte avklaring frå Helsedirektoratet på kvifor dei ikkje har endra retningslinja i tråd med ny forsking.

– Det er spørsmål mange har og no treng vi ei avklaring, sånn at vi veit sikkert kva bodskap vi skal gå ut med på helsestasjonane våre.

– Ikkje éi sanning

Ifølge helsesjukepleiar Ingrid Maria Ødegården på helsestasjonen i Sandefjord, er det delte meiningar om mat- og ammeråda blant helsesjukepleiarane.

– Nokon kunne ønske at råda var meir eintydige og tok opp førebygging mot matallergiar, forklarer ho.

  • Ingrid Maria Ødegården, helsesykepleier i Sandefjord.

    Ingrid Maria Ødegården

    • Helsesjukepleiar, Nybyen helsestasjon i Sandefjord

Sjølv har Ødegården tiltru til vurderingane helsemyndigheitene gjer. Samstundes har ho erfart at fleire foreldre enn før, vel å gå bort frå fullamming i seks månader.

– Vi prøver å trygge foreldra i dei vala dei tek for barna sine. Det er ikkje er éi sanning som er rett for alle, seier ho.

Når gir du barnet ditt fast føde for første gong? 👶

– Fleire fordelar enn ulemper

– Vi forstår at det er krevjande når enkelte fagfolk gir andre råd enn det som blir gitt i den nasjonale faglege retningslinja, seier spesialrådgivar i Helsedirektoratet, Gry Hay.

Ho vil likevel peike på at det er råda frå Helsedirektoratet som gjeld og at desse er på linje med nye nordiske ernæringsoppfordringar og nye råd frå Verdshelseorganisasjonen, som kom i fjor.

I året som kjem skal Helsedirektoratet ta ein ny gjennomgang av den nasjonale retningslinja, og oppdatera råda etter same prosess for den generelle befolkninga, ifølge Hay.

Gry Hay. Helsedirektoratet.

– Morsmjølk er den beste maten for spedbarn dei første seks månadene.

Gry Hay

spesialrådgivar for barne- og ungdomshelse, Helsedirektoratet

– Kvifor er ikkje forskingsfunna om matallergi inkludert i råda?

– Det er brei einigheit om at ein ikkje bør unngå allergiframkallande matvarer til spedbarn. Likevel gir fullamming til seks månader størst helsefordel og fordelane er mykje større enn eventuelle ulemper.

Samla kunnskap tilseier at amma barn bør smake fast føde først ved omkring seks månader, om barnet veks som det skal, seier Hay og viser til nordiske ernæringsoppfordringar og nye råd frå Verdshelseorganisasjonen.

Ho legg til at rådet er ei global oppfordring. Det vil seie at det gjeld både for høginntektsland som Noreg, og låginntektsland.

Hei!

Har du eller nokon du kjenner ei sterk historie? Eller har du tips til noko anna eg burde sjekke ut?

Send meg gjerne innspel på e-post!

Publisert 31.08.2024, kl. 07.51 Oppdatert 31.08.2024, kl. 08.56

Read Entire Article