– Vi er veldig klare for skulestart og har pynta oss for det. Vi var aldri i tvil om at vi skulle gå i Lom på privatistskulen og gå saman med klassekameratane, seier Tonje Bårdseng frå Skjåk og Gøril Strømstad frå Vågå.
Begge 18-åringane var på plass på skuleopninga i Lom måndag.
Det er eit yrande liv, flagga er heist til topps og mange er kledd i bunad.
– Det er jo ein festdag! Det einaste negative er vel at vi må opp i alle eksamenar, men det får vi ta på strak arm. Det kjem til å gå fint, seier Bårdseng.
– Det er eit utruleg godt miljø her i Lom. Det betyr veldig mykje for meg å gå her, seier Strømstad.
– Ordna kaos
– Det er eit ordna kaos. Eg er rørt og kjenslene er mange. Vi har flytta fjell og gjort det umoglege mogleg.
Det seier styreleiar for Jotunheimen privatistskule, Hanna Flækøy Skjåkødegård.
Etter å ha mobilisert heile bygda inviterer ho og dei andre på skulen til storstilt opningsfest i Lom måndag.
FESTDAG: Måndag er det festdag i Lom når den nye skulen opnar. Monika Øyen (frå venstre), Kari-Anne Skjåk, Hanna Flækøy Skjåkødegård, Åshild Amundsen, Mari Arnøygard Wedum, Marit Sletten, og Ingrid Storbråten.
Foto: Even Lusæter / NRK– Er ein festdag
Turistbygda Lom er vant til eit ordna kaos om sommaren med fullt av turistar som strøymer til.
Denne måndagen er det eit anna sirkus som råder.
Flagga er heist til topps og gjennom dagen vil bygdefolk, næringslivet, riks- og lokalpolitikarar, elevar, lærarar, samt stort sett rubbel og bit av medie-Noreg få med seg opninga av den nye privatistskulen i Lom.
Ei rørt Hanna Flækøy Skjåkødegård i Lom måndag morgon.
Foto: Even Lusæter / NRKPå plass i Lom er partileiarane Sylvi Listhaug (Frp), Trygve Slagsvold Vedum og Emilie Enger Mehl (begge Sp), samt Bjørnar Moxnes (Raudt) og Geir Lippestad (Sentrum). Samt ein rekkje andre lokalpolitikarar frå dei fleste partia.
NRK er også til stades og vil oppdatere fortløpande frå skuleopninga.
– Det er ein festdag, men og litt bittersøtt. Vi vil jo aller helst ha ein skule i offentleg regi, men no er dette det beste alternativet. Så får vi håpe at vi blir godkjend av Utdanningsdirektoratet som offentleg privat skule, seier Skjåkødegård.
Samla inn over 65 millionar kroner
Det var i oktober i fjor at fylkespolitikarane i Innlandet frå partia Arbeidarpartiet, Høgre og Miljøpartiet de Grønne, vedtok å legge ned to vidaregåande skular og fire skulestadar i Innlandet.
Etter det har arbeidsgruppa for den nye skulen i Lom samla inn over 65 millionar kroner, eit samla næringsliv står bak, samt at over 1200 personar har meldt seg inn i venneforeininga.
– Vi har vorte ringt ned, seier Skjåkødegård.
Monika Øyen heiste flagget i Lom måndag rett utanfor skulen.
Foto: Even Lusæter / NRK– Vi må prestere
Sjølv har ho teke på seg finstasen på festdagen med den lokale bunaden. I bygda vaier flagga og fleire butikkar har stengt dørene for å få med seg opninga.
– Vi har planlagd lenge og har fokus på skulestarten. Det er sjølvsagt stas å ha ei slik markering, seier rektor ved skulen, Tor Olav Mundal.
Rektor Tor Olav Mundal
Foto: Even Lusæter / NRKHan var avdelingsleiar ved den offentlege skulen i fjor, men meldte overgang til den nye privatistskulen.
– Vi er pent nøydd til å prestere. I stor grad så er det bygdefolket som betaler, men på den andre sida så hadde alternativet vore at det ikkje var skule her, seier Mundal.
FESTDAG: Måndag er det festdag i Lom når den nye skulen opnar. Kari Anne Skjåk (frå venstre), Kari Nyborg, Åshild Amundsen og rektor Tor Olav Mundal er klare for fest i Lom.
Foto: Even Lusæter / NRK– Det er unntakstilstand
Han fortel at det har vore ei spesiell opplading.
– Det var ei euforisk stemning og jubel blant lærarane da vi møttest før helga. Vi blir trigga av dette. I dag blir det unntakstilstand, og det er lenge sidan vi har gleda oss så mykje til skulestart.
I dag opnar privatistskulen i Lom. Fredag vart alt gjort klart.
Foto: Even Lusæter / NRKLikevel er skulen i Lom omstridd og heilt fram til skulestart er det usikkert kor mange som faktisk møter opp.
Sjølv anslår dei opp mot 90 elevar.
Færre elevar i det offentlege
På den andre sida har skuleeigar for den offentlege skulen, Innlandet fylkeskommune, planlagd for skuleopning i det offentlege.
Aasa Gjestvang, kompetanse- og tannhelsesjef i fylkeskommune, opplyste til NRK før helga at dei har planlagd og dimensjonert skulestart utifrå dei som har takka ja til den offentlege elevplassen.
I Lom er det mange av elevane som søkte, og takka ja, både til den private skulen i Lom og den offentlege skulen på Otta.
Færre i den offentlege skulen
Om 90 elevar startar i Lom er det tilsvarande færre som startar i den offentlege skulen. Gjestvang peiker på at det er ein del rettar elevane mister om dei går på den private skulen framfor den offentlege.
Til dømes får ikkje elevane fyrstegongsvitnemål og dei må ta eksamen i alle fag.
Skjåkødegård fortel at rektor har ringt til alle elevane på førehand og meiner alternativet i Lom er det beste for mange av elevane.
Spesielt peiker ho på at elevane har skulen i nærleiken og får bu heime.
Publisert 18.08.2025, kl. 07.38 Oppdatert 18.08.2025, kl. 08.48