Hege blei rana på jobb: – Unnskyld, men eg må ha pengane i kassa

2 weeks ago 7



Politiet har starta etterforsking etter at ein person trua ein tilsett ved sjukehuskiosken i Mosjøen med kniv.

Ifølge kioskeigaren skal gjerningspersonen skal ha fått med seg rundt 10.000 kroner frå kiosken og skal deretter ha forlate på sykkel.

Det var Hege Therese Fjellstad som var på jobb da gjerningspersonen kom inn måndags kveld.

Ho seier det er det verste ein kan tenke seg å oppleve som tilsett.

– Det er ikkje noko eg har opplevd så mange gonger før. Ikkje noko eg ønsker å oppleve heller. Det var svært ubehageleg, seier ho.

Fjellstad var aleine inne på kiosken og vaska da ho høyrde at det kom nokon inn.

– Da kom det ein mann i døra inne på tipperommet og såg seg litt rundt. Og så sa han at han leita etter ein kompis som han skulle møte her.

Kiosken ved sykehuset i Mosjøen. En politibil står ved siden av det hvite lille huset.

Sykehuskiosken ligg omtrent 50 meter frå Helgelandssykehuset, og blir drivne av eksterne.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Ho svarte at det var ingen der. Og da sa han at han skulle kjøpe røyk, så ho gjekk bort til røykskapet.

Og da seier han plutseleg «unnskyld, men eg er nøydd til å ha pengane i kassa».

– Han beklaga seg faktisk?

– Ja, han sa unnskyld først. Og da trekte han jo fram ein kniv, som han da han førte meg bort mot kassa.

– Ikkje spesielt førebudd

Det er sjeldan det skjer slike ran på Helgeland, seier kioskeigar Pål-Magnus Aanes.

– Ein kan ikkje vere spesielt førebudd, for ein forventar det ikkje på ein liten plass. Vi har ein del innretningar som gjer at ein skal kjenne seg trygg på å arbeide. Men det skjer jo dessverre, seier Aanes.

Kioskeier Pål-Magnus Aanes.

Pål-Magnus Aanes eig kiosken som ligg nærleiken av sjukehuset i Mosjøen.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Eigaren seier det viktigaste er at Fjellstad kom uskadd frå det heile.

– Ho har takla det veldig bra og beheldt roa. Ho tenkte på å forhindre å opne kassa, men pengane er ikkje verd det. Da er det betre å berre gi dei vekk og såg få avvikla situasjonen og tilkalle politi, seier Aansen.

Men ei slik hending set enn støkk i ein psykisk.

– Så ein må ha god oppfølging av dei tilsette. Ein må følge med og ende rutinar på korleis ein gjer ting framover.

Sykehuskiosken ble ranet i Mosjøen. Hege Therese Fjellstad ble ranet. Her står hun bak disken sammen med kioskeier Pål Maguns Aanes

Kioskeier Pål-Magnus Aanes er glad for at Hege Therese Fjellstad kom uskadd frå det heile.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Kiosken som ligg ved sjukehuset i Mosjøen har ikkje kameraovervaking, men det blir endra på nå.

– Men vi set i gang betre sikkerheitssystem innvendig og utvendig. Vi er heldige, for det er nokre lokale som har overvakingskamera, som det er henta film frå. Og det er veldig bra for oss, seier Aanes.

Leitar framleis

Politiet var på staden kort tid etter dei fekk meldinga. Da hadde gjerningspersonen forlate staden og søket har så langt ikkje gitt resultat, sa politiadvokat i Nordland politidistrikt Eirik Blomli til NRK tysdag.

– Kvifor fekk ikkje politiet tak i gjerningsmannen sjølv om dei var raske på staden?

– Vi rykte ut så fort vi kunne, men det er ein del vegar til og frå kiosken. Så kva veg gjerningsmannen har tatt, det veit vi ikkje per nå, seier politiadvokaten og legg til:

– Det er vanskeleg å seie noko om kvifor politiet ikkje har møtt på gjerningspersonen på veg til staden.

Politiet har oppretta sak og har gjort ei rekke etterforskingssteg gjennom natta og vil fortsette i tida framover.

Publisert 24.09.2024, kl. 20.55

Read Entire Article