Heftig krangel mellom Salah og Klopp – lagkompis måtte gå mellom

1 week ago 17



– Der rauk pokalen, Jürgen Klopp, seier Viaplay-kommentator Andreas Toft.

– Ja, der rauk pokalen. Det er det ingen tvil om, seier Viaplay-ekspert Nils Johan Semb etter at kampen mellom West Ham og Liverpool enda 2–2 laurdag.

Men etter kampen var det bileta av ein heftig krangel på sidelinja som fekk merksemd.

For der stod stjernespelar Mohamed Salah klar til å bli bytta inn akkurat i det West Ham sette inn utlikninga i det 78. minutt.

Da oppstod det ein heftig diskusjon mellom Salah og trenaren Jürgen Klopp.

– Sjå på Salah, kor misfornøgd han er! Det er sjeldan du ser han så misfornøgd, sa Viaplays kommentator Andreas Toft da reprisane av krangelen rulla over tv-skjermen.

– Vi såg det på oppvarminga også. Ein gretten og misfornøgd Salah, supplerer Nils Johan Semb om Salah som var benka frå start i oppgjeret.

Egyptaren var tydeleg misfornøgd med eit eller anna og peikte og diskuterte tydeleg høglydt med manageren Jürgen Klopp som såg ut til å svare tilbake mot den egyptiske stjernespelaren.

Premier League - West Ham United v Liverpool

DÅRLEG STEMNING: Det var tydeleg dårleg stemning mellom Mohamed Salah og Jürgen Klopp.

Foto: David Klein / Reuters

Etter kvart kom spissen Darwin Núñez til og gjekk i mellom for å avslutta munnhoggeriet frå Mohamed Salah.

– Dette ser ikkje bra ut. Dårleg av Salah. Fredsmeklaren Nunez, skriv den profilerte journalisten James Pearce på X.

Viaplay-ekspert Pål André Helland var også overraska over situasjonen.

– Nei, dette har vi ikkje sett. Nunez må gå og roe ned Salah, som til vanleg er verdas mest sindige fotballspelar. Han er frustrert over at han ikkje startar. Frustrert over at han ikkje blir sett inn tidlegare. Her har West Ham utlikna til 2–2 også, så da er kjenslene litt utpå drakta, seier Helland.

Heseblesande avslutning

Etter at Liverpool hadde hatt fleire store sjansar i fyrste omgang, var det West Ham som fyrst fekk utteljing da Jarrod Bowen skåra med eit hodestøt.

Det var knytt usikkerheit til om stjernespelaren skulle bli klar til kampen mot Liverpool på grunn av ein skade.

Men Bowen var klar og han viste kvifor han er så viktig for West Ham denne sesongen, da han knuste all motstand inne i straffefeltet og heada inn 1–0 til vertane. Og da gjekk heimelaget med leiinga inn til pausepraten.

Premier League - West Ham United v Liverpool

SCORA: Jarrod Bowen var tilbake etter eit skadeavbrekk og scora 1-0-målet mot Liverpool.

Foto: David Klein / Reuters

Liverpool starta andre omgang med eit brak da dei gjekk rett i angrep og fekk utteljing etter tre minutt. Colombianaren Luis Diaz drog seg inn i bana frå venstrekanten, og inne i feltet fann han venstrebacken Robertson som hadde teke turen inn i West Hams sekstenmeter. Skotten avslutta kontant, og Liverpool utlikna.

Liverpool heldt fram med å presse utover i omgangen, og etter 65 minutt kom skåring nummer to.

Britain Soccer Premier League

GAKPO: Cody Gakpo feirar med laget etter 2-1-skåringa.

Foto: Kin Cheung / AP

Etter at ballen var innom eit West Ham-hovud inne i feltet, så datt den ned på foten til Cody Gakpo som smalt til frå fem meter. Ballen gjekk fyrst via Ogbonna og så vidare via målvakt Alphonse Areola og i mål. Og Liverpool hadde snudd kampen.

Skrøpeleg form

Før kampen mot West Ham så har Liverpool tatt berre poeng på tre kampar, og difor var dei i ferd med å sakke akterut i kampen om ligatittelen.

Klubblegende og fotballekspert Jamie Carragher var nådelaus i dommen over Merseyside-laget etter tapet for byrival Everton i midtveka.

– Dette er slutten på tittelkampen for Liverpool, sa Carragher da i Sky Sports-studio.

For med 0-2-tapet på naboens heimebane byrja det allereie da å sjå vanskeleg ut for Jürgen Klopp å få ein draumeavskjed som Liverpool-manager.

Dei siste vekene har klubben vorte slått ut av både FA-cupen og Europaligaen, og i tittelkampen var det før laurdagens kamp mot West Ham tre poeng opp til serieleiar Arsenal. Manchester City låg også framfor Liverpool på tabellen med fleire kampar att i sesongen.

No står det att berre tre kampar av Liverpool-karrieren for Jürgen Klopp. Fredag meldte fleire medium at arvtakaren er i ferd med å bli klar. Mykje tyder på at det blir nederlendaren Arne Slot, som har bekrefta at han gjerne tek turen frå Feyenoord til Liverpool.

Publisert 27.04.2024, kl. 15.29 Oppdatert 27.04.2024, kl. 15.49

Read Entire Article