Stjerne for ei ny tid

1 week ago 16



Phung Hang i 2001

Ho drøymde om å bli artist

Bandet Cape

Det blei ho med bandet Cape i 2001

Phung Hang satser på ny karriere

No er ho tilbake og tek eit oppgjer med rasismen

Med ein ny låt og artistnamnet Jade Aya vil den tidlegare Cape-stjerna gjere det lettare for asiatiske kvinner å stå opp mot kvardagsrasismen.

Sjølv har Phung Hang opplevd denne seksualiserte rasismen mange gonger.

Phung Hang fortel om skremmande og ekle opplevingar i Noreg.

– Eg har blitt spurt kor mykje eg skal ha for ein blowjob på 54-bussen til Bjølsen i Oslo, på dagtid.

På veg heim frå byen har ho fått tilrop om ho gir happy-ending.

– Eg har blitt nekta å besøke vener som bur på hotell då dei tilsette trudde eg var prostituert og ikkje ville sleppe meg inn, fortel ho.

Den opne rasismen mot kvinner frå Asia er like tydeleg i verdssamfunnet no som før, særleg mot Aust-Asiatiske kvinner.

Sjølv kom ho til Noreg frå Vietnam.

– Om mamma og pappa ikkje hadde flykta frå Vietnam til Noreg, så kunne eg ha vore ei av dei jentene.

Om du synest at det er noko kjend med Phung Hang så har du heilt rett.

Ho blei stor stjerne med bandet Cape tilbake i 2001, selde til platina, toppa VG-lista og blei nominert til Spellemann i 2002.

Og på dansegolvet dansa alle med til «Tic Tac».

Oppvekst på Hedmarken

Men å skape seg suksess som dansar og songar var ikkje gitt for Phung.

For ho vaks opp i Brumunddal i Hedmark, ein stad som på starten av 90-talet blei stempla som «rasistbygda».

I bygda går dette utover innvandrarane, og særleg dei med vietnamesisk bakgrunn.

– Eg trur ikkje folk forstod omfanget og kor ille dette var før det gjekk ganske lang tid, seier Phung Hang no.

For etter «Slaget om Brumunddal» i 31. august 1991 reiste bygdefolket seg i protest. 19. september vende dei bokstaveleg talt ryggen til rasistane og nynazistane.

– Eg er glad eg vaks opp ein stad som tok tak i det og som valde å gjere noko med det.

Folket i Brumunddal vende ryggen til rasistane i 1991.

– Modig

Gjennom musikken tek ho no eit oppgjer med rasismen som svært mange kvinner med Aust-Asiatisk bakgrunn opplever.

– Ideen til låten kom då eg reiste til Thailand og såg unge asiatiske jenter som står på gata og ropar etter eldre, kvite, store menn, seier Hang til NRK.

Solveig Hessaa-Szwinto er samfunnsvitar og jobbar ved Arkivet for fred og menneskerettar i Kristiansand.

Ho er ein av dei fremste ekspertane på nettopp rasisme mot kvinner frå Aust-Asia.

Ho er glad for at artisten brukar musikk for å sette søkelys på dette.

– Det er modig å dele erfaringar om opplevd rasisme, for det kostar, seier Hessaa-Szwinto.

Solveig Hessaa-Szwinto forsker

Solveig Hessaa-Szwinto jobbar som forskar i Kristiansand.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Gjennom forskinga si har ho avdekka at denne forma for rasisme i høgste grad er til stades i det norske samfunnet framleis.

I ein studie ho gjennomførte så hadde alle dei kvinnelege deltakarane opplevd seksualisert rasisme.

– Det var fleire av dei kvinnelege deltakarane som hadde blitt spurt heilt ned i 13-årsalderen om kor mykje dei kostar. Dette spørsmålet blir spurt av framande, vaksne menn.

Rasisme som går på hudfarge, kjønn og seksualitet, slår Hessaa-Szwinto fast.

Phung Hang og hennar alter ego Jade Aya håpar no at musikken skal gjere det lettare for asiatiske kvinner å stå opp mot kvardagsrasismen.

Då ho var yngre måtte ho snike seg ut for å oppleve draumen om å leve av dans og musikk.

Ho kom på andreplass i NM i diskodans og ho blei med i realityserien «Popstars» på TV3.

Der blei ho plukka ut til å bli med i bandet Cape.

– Spennande

Dei andre i bandet var Mette Olsson Årbø frå Stavanger, Kjetil Tefke frå Moss, Hanne-Karine Sørby frå Porsgrunn og Alf Gunnar «Alfie» Nilsen frå Trondheim.

– Det var kjempestort, det var skummelt og det var spennande, fortel ho no, 23 år seinare.

Dei var blant dei aller første realitydeltakarane i Noreg og det var ikkje noko stort apparat som stod klar då TV-kamera var skrudd av.

– Det var ikkje nokon psykolog som førebudde oss på kva vi kom til å møte eller som skulle ta oss imot når hysteriet var på sitt verste.

Phung Hang, programleder for skoleturneen til TV-aksjonen

Phung Hang som programleiar i NRK i 2015.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Etter karrieren med Cape gjekk blant anna vidare til NRK som programleiar.

Ho har vore MOT-ambassadør og er i dag ein høgt akta foredragshaldar innan kulturendring og førebygging av mobbing og rasisme – og ho har blitt mamma.

Og no ny karriere som musikkartist.

– Eg hadde lyst å få ut noko som eg har eit stort ønske om, seier ho om låten «Mr Mr» som no er ute på dei stadane du lyttar til musikk.

At den nye låten har eit annleis uttrykk og innhald enn det ho gav ut saman med Cape er ingen i tvil om.

– Eg synest jo det er stas å få gje ut ny musikk no i vaksen alder. No får eg lov til å vere ein litt meir moden artist. Eg lever jo berre no!

Artisten Jade Aya aka. Phung Hang

Phung Hang er no tilbake som artisten Jade Aya.

Foto: Coverbilde

– Medmenneske

Forskar Solveig Hessaa-Szwinto er glad for at Phung Hang brukar musikken til å fremje sitt syn på rasisme.

– For rasismen er øydeleggande eit heilt liv. Det er utruleg viktig at vi har ei forståing av at rasisme er eit felles ansvar, seier ho.

Ho slår fast at det er ikkje berre dei som erfarer rasisme som skal jobbe antirasistisk.

– Det er noko vi alle må løyse saman.

For Phung Hang er det ein viktig bodskap ho no presenterer gjennom ny musikk.

– Eg vil ta vare på folka rundt meg fordi eg vil vere eit medmenneske, ikkje fordi eg er frå Brumunddal eller fordi eg er asiat.

Publisert 10.05.2024, kl. 12.49

Read Entire Article