Havforskararar: – Slik kan lakseoppdrett påverke vill torsk i Nord-Noreg

3 weeks ago 20



8. april 2024 kl. 10:09

Havforskarere fra Havforskningsinstituttet er i desse dagar på feltarbeid i Nord-Noreg i samband med SalCod-prosjektet.

Oppdrettsnæringa er venta å vekse i åra som kjem, og då særleg i Nord-Noreg. Nordafor er det store areal, og mindre problem med lakselus enn på Vestlandet.

For i tillegg til urørt natur, har Nord-Noreg også ein av verdas rikaste fiskeriressursar i skreien og relativt gode bestandar av lokal kysttorsk.

Forskarane har identifisert dei sju antatt viktigaste kjeldene til risiko for torsken, melder Havforskningsinstituttet.

– Desse kan potensielt føre til endringar både i åtferda, i fysiologien og i overlevinga til torsken, forklarar havforskar Thomas Bøhn.

Dei sju risikokjeldene er:

Torsk vert trekt mot oppdrettsanlegg: mellom anna spillfôr, mindre byttefisk og kunstig lys kan føre til at torsk søkjer mot anlegga.

Torsk vert skremd vekk frå oppdrettsanlegg: aktivitet, bråk og utslepp av kjemiske stoff knytt til anleggsdrifta kan skremme villfisk vekk frå anlegga.

Endra feittsyresamansetning i spillfôr som torsken et: fiskefôr er for det meste laga av plantebaserte ingrediensar, og feittsyresamansetninga er difor annleis enn i torskens «vanlege» måltid.

Auka vekst på grunn av spillfôr nært anlegg: betre tilgang på mat kan føre til at torsken veks fortare.

Utslepp og eksponering for giftige kjemikalium frå anlegg: kjemikalium frå avlusing og notimpregnering kan leke ut i torskens miljø.

Endring av tilgjengelege byttedyr for torsk: økosystema i nærleiken av anlegg kan verte påverka av utslepp, og mattilgangen for torsken kan verte endra.

Smittespreiing av virus, bakteriar og parasittar: om villfisk samlar seg nær anlegga, vert det fleire kontaktpunkt både mellom oppdrettsfisk og vill fisk, og mellom ulike artar villfisk som samlar seg. Risiko for smitte aukar når individtettleiken aukar.

Read Entire Article