Harry (48) og halve bygda viser nesten alt

4 hours ago 5



 Iselin Knobel LiseterSEPTEMBERKAREN: Harry Berge der han likar seg best, i båten. Vanlegvis noko betre påkledd. Foto: Iselin Knobel Liseter

Smalahovefesten blir spesiell i vesle Fjærland fredag. 16 av bygda sine menn syner seg fram i (nesten) all si prakt i 2025-kalendaren.

Torsdag 24. oktober kl. 21:59

Harry Berge (48) køyrer vanlegvis anleggsmaskiner ved fjell, dalar og fjordarmar - for å skaffe kraft og elektrisitet i hus og heim. Kall han gjerne ein kraftkar.

I frihelgane byter han ut bråkande gravemaskinar med stille garnfiske i den vesle båten sin.

Difor var det nesten heilt naturleg at han kledde seg naken og drog garnet heilt inst i Fjærlandsfjorden - for å bli septemberguten i nakenkalendaren.

Då VG får tak i han, har han dagen før drege opp ein breiflabb på 21 kilo.

– Eg er glad eg ikkje drog den opp då eg vart fotografert naken, flirer Harry og viser oss breiflabben sin enorme kjeft med kvasse tenner.

 Harry BergeSTORFANGST: Breiflabben på 21 kilo kom heldigvis over ripa i båten medan Harry Berge var fullt påkledd. Foto: Harry Berge

Sjølve fotoseansen var også noko for seg sjølv. Ute på fjorden ein stor mann med skjegg. Elles ingenting på kroppen.

– Var det nokon som såg deg - andre enn fotografen?

– Det var sopass kaldt at det ikkje var så mykje å sjå, svarar Harry Berge. Han ler høgt att.

Og legg til at det faktisk var nokon som såg kva som hende der ute på ein stille og spegelblank fjord.

– Eg køyrde båten med meg og fotografen til Øyestøl. Der er det langt frå folk. Eg kledde av meg. Fotograferinga starta. Første gongen eg drog garnet, fekk eg ikkje fisk. Eg bad om å få dra eit garn til. Der var det fisk, og bilda vart betre, fortel Berge.

Men det var visst folk i nærleiken likevel.

– Eg oppdaga at bilar på Fjærlandsvegen med utsikt til fjorden køyrde uvanleg sakte. Dei tykte vel det var litt spesielt det dei såg ute på vatnet.

Ikkje sjekketriks

Harry Berge er for tida singel og fembarnsfar. Men han stiller ikkje som nakenmodell i kalendaren som eit sjekketriks.

– Eg stiller fordi det skaper litt spetakkel og moro i bygda - og fordi det går til kreftsaka, seier Harry som blir septemberguten 2025 i den gilde kalendaren.

– Kvar skal du henge opp kalendaren?

– Da bli ikkje pao soverommet, svarar Berge på ekte sognamaol. Han trur kjøkenet er ein meir eigna plass.

– Og kanskje ein på brakka på anlegget? Føreslår VG.

– Ja, der kan det trengast. Brakkelivet er no meir kjend for andre kalendarar, humrar Harry Berge.

 Karianne Dvergsdal BøyumJULIGUTEN: Rett under den krympande breen bles Eirik Ove Bøyum i luren på ein støl i Fjærland i Sogn. Foto: Karianne Dvergsdal Bøyum

Det var bonde og KrF-politikar (!) Knut P. Bøyum som først fekk idéen til nakenkalendaren.

– Det starta som ein spøk på ein romjulsfest. Så fann me ut på eit seriøst møte i ungdomslaget at dette ville me gjere. Ingen var i tvil om at inntektene måtte gå til kreftforeininga, seier fjærlendingen.

Sjølvsagt er han ein av i alt 16 menn frå 20 til 72 år frå den vesle bygda som syner seg fram.

Knut køyrer snøfresar så snøføyka står i 14 minusgrader. Heilt naken.

 Gøril Resaland SkeideDESEMBERGUTANE: Torstein Soli-Supphellen, Svein-Kristian Restad og Mikkel Olai Liseter bakar og steller i stand til jul. Foto: Gøril Resaland Skeide

Også han er glad for at ein liten prosent av kroppen ikkje er synleg.

– Det beste er at her er det heilt vanlege mannfolk som ikkje er feittsugde eller fylt med botox som syner seg fram, seier Bøyum til VG.

– Me syner fram nakne menn som svir smalahovud, fiskar, - jaktar og mekkar motor.

Han legg ikkje skjul på noko, heller ikkje at han er ei aning PR-kåt.

200 kalendarar

Men den kunstnarlege kvaliteten på kalendaren er skyhøg, vurderer han.

Opplaget på 200 kalendarar kan fort bli i minste laget, fryktar fjærlendingen.

Damene som har stått bak kamera, tykkjer mannfolka i bygda er modige.

– Vår oppgåve var mellom anna å finne måtar å skjule dei edlare delane på. Det gjekk fint. Vi tykkjer dei er tøffe, seier Iselin Knobel Liseter og sjefsfotograf Gøril Resaland Skeide.

 PrivatBAK KAMERA: Iselin Knobel Liseter og Gøril Resaland Skeide. Foto: Privat

– Dei var så naturlege. Og ingen av bileta er seksualiserte, legg dei til.

– Og i 2026 er det damene i Fjærland sin tur?

– Ja, det er målet. Men med nakne damekroppar så er det litt meir krevande å skjule ting på ein naturleg måte.

Read Entire Article