Har tent 350 millionar kroner per kamp i Saudi-Arabia: – Ekstreme tal

2 weeks ago 11



Al Hilal har fått lite igjen for Neymar-overgangen fotballmessig. Men med omsyn til PR, merksemd og å lokke til seg andre stjerner til den saudiske ligaen, så kan det godt hende dei er nøgde likevel, seier TV 2-kommentator Mina Finstad Berg.

nWMQX6L8yhQ

Mina Finstad Berg presiserer at Neymar ikkje har den same statusen som Cristiano Ronaldo, men at stjernestatusen hans er så høg at overgangen kan ha vore viktig likevel.

Foto: TV 2 Øyvind Ganesh Eknes / TV 2

Ifølgje Talksport fekk Neymar ei årslønn på 138 millionar pund då han signerte for Al Hilal sommaren 2023.

Med ein kurs på 14,13 (per 8. november) betyr det ei årslønn på 1,95 milliardar norske kroner.

Rundt 15 månader inn i kontrakten har Neymar derfor tent i overkant av 2,4 milliardar kroner.

Med 7 offisielle kampar på 15 månader betyr det rundt 350 millionar norske kroner per kamp.

Det er ekstreme tal, seier NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp.

Carl-Erik-Torp-061023

Uavhengig av skadar synest Carl-Erik Torp at karrieren til Neymar har gått nedover over mange år.

Foto: Birk Pessl-Kleiven / NRK

Han trur derimot ikkje eigarane av den saudiske ligaen ser på desse tala på same måte.

Sportsleg har dei jo ikkje fått det dei har betalt for, men dei har fått blest rundt overgangen. Det er nok minst like viktig for eigarane, meiner Torp.

Skadd igjen

Etter fem kampar for Al Hilal hausten 2023 vart Neymar skadd i ein Brasil-kamp mot Uruguay.

Det enda med at han måtte opererast for avrive korsband og øydelagt menisk.

Comebacket denne hausten har så langt vore av det korte slaget.

Neymar sitt Al Hilal-opphald

– Neymar er ikkje noko enkelt tilfelle. Frå ein medisinsk ståstad er kneet hans lega, men samtidig vil han få andre problem, som muskelproblem, fordi han ikkje har spelt på lenge, sa trenar Jorge Jesus ifølgje NTB – etter at Neymar endå ein gong vart skadd denne veka.

Saudi Pro League - Al Hilal v Al Taawoun
Soccer Football - Saudi Pro League - Al Hilal v Al Taawoun - Kingdom Arena, Riyadh, Saudi Arabia - October 26, 2024 Al Hilal's Neymar poses for a picture in the stands during the match REUTERS/Stringer

Neymar fotografert på tribunen denne hausten.

Foto: Reuters

– Skulle bli gullkalven

Mina Finstad Berg seier historia om Neymar også er ei historie om eit enormt talent som har blitt skusla vekk.

Han gjekk frå Barcelona til PSG for å bryte ut av Messis skygge, men det gjekk opp og ned. Så kom skadane. Neymar skulle jo bli den neste store etter Messi og Ronaldo, men sjølv om han har vunne nokre store titlar vart det aldri slik, seier TV 2-kommentatoren.

Carl-Erik Torp synest Neymar si karriereutvikling etter opphaldet i Barcelona, som var over då han var 25 år i 2017, generelt sett har vore trist.

Neymar skulle vere gullkalven som skulle ta over etter Messi. Fallet hans er eit av dei største og mest triste i fotballhistoria. Han var jo eigentleg ferdig som 26-27-åring. Men om ein ser tilbake har jo karrieren til Neymar vore vellykka når ein ser kva han har tent inn, seier NRK-eksperten.

In this file photo taken on January 06, 2016 Barcelona's Brazilian forward Neymar celebrates after scoring during the Spanish Copa del Rey (King's Cup) round of 16 first leg football match FC Barcelona vs RCD Espanyol at the Camp Nou stadium in Barcelona on January 6, 2016. - After a summer of negotiations on a possible return of Neymar to Barcelona, the Paris SG Brazilian star and his former club have a meeting on September 27, 2019. But this time, before a court. (Photo by PAU BARRENA / AFP)

Sjølv om han ofte kom i skuggen av Lionel Messi hadde Neymar eit bra opphald i Barcelona, der han blant anna vann Champions League i 2015.

Foto: AFP

Publisert 08.11.2024, kl. 11.06

Read Entire Article