Martin Bech Holte fangar opp ei uro for kva som held på å skje med Norge. Boka hans er ein nyttig provokasjon, men blir for enkel.
Tom Hetland
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Martin Bech Holte:
Landet som ble for rikt
330 sider
Kagge Forlag
Det er dårleg stemning i fedrelandet: Er Norge på veg nedover bakke?
Me har levd med klagesongane ei god stund: Alt blir dyrare, krona er svak, sjukefråveret aukar, byråkratiet veks, offentlege prosjekt tar lang tid og sprenger alle kostnadsrammer, rikfolket flyktar frå drepande skattar. Og politikarane? Ja, dei er naturlegvis udugelege.
Martin Bech Holte har verkeleg fanga tidsånda. To veker inn i 2025 blir «Landet som ble for rikt» trykt i nye opplag og ligg an til å bli årets debattbok.
God timing er likevel ikkje heile forklaringa. For Holte skriv både godt og provoserande. Han set sakene på spissen, og forklaringane hans er enkle å forstå. Hos Holte finst det ei «rotårsak», som det gjerne heiter i McKinsey-miljøet som han kjem frå: Oljefondet. Oljerikdommen har gjort nordmenn late og uproduktive, me er blitt meir opptatt av å krevja og fordela i staden for å skapa, og me venner oss til sløsing og feilinvesteringar som etter kvart vil kosta oss dyrt.
Tøff hestekur
Holte føreslår ein tøff hestekur: Offentlege utgifter blir reduserte med 300–400 milliardar kr (12-15 prosent) på fire år. Personskattane blir sette ned tilsvarande. Det vil seia at ein stor del av arbeidstakarane slepp å betala skatt i det heile. Slik vert det fleire arbeidsplassar og større investeringar, trur Holte.
Ideane hans kan sjølvsagt skytast ned med snusfornuftig realisme, men provokasjonar og dristige forslag er likevel nyttige for å setja tankar i sving. Det kan vera god grunn til å skjerpa seg før milliardane rullar altfor fort. Og sjølv om Holte ideologisk er lett å plassera i ein høgreliberalistisk bås, stiller han også kritiske spørsmål til det som har vore høgresida sin dagsorden: Har digitalisering, kommunereform og EØS-tilpassing blitt mål i seg sjølv, utan at ein sjekkar om politikken faktisk leverer resultat?
Det er også morosamt å lesa kritikken av den eksplosive veksten i offentlege innkjøp frå ein som kjenner prosessane og konsulentbransjen frå innsida: «Det er 60 milliardar kroner ekstra per år som brukes på kommunikasjonsrådgivere, advokater, IT-konsulenter, andre konsulenter, innleie av tapte ansatte, dårlig forhandlede vilkår, og så videre.»
Er det verre hos oss?
Holte har likevel fått mykje fortent kritikk. Problema han skildrar, er ikkje nødvendigvis særnorske. Fleire har til dømes peika på at stagnasjonen i produktivitet gjeld meir eller mindre alle vestlege land, Norges kurve følgjer OECD-gjennomsnittet.
Forfattaren opererer også med ei skarp periodeinndeling som verkar kunstig. Ifølgje han når norsk økonomi botnen i 1973. Då tar trua på sentral planlegging slutt og blir erstatta av eit nytt rammeverk med effektiv ressursforvalting og marknadsbasert konkurranse. I 1991 er Norge modent for å gå over på offensiven som «attacking Vikings», og denne gullalderen varer fram til 2013. Då begynner det å gå nedover. Andre vil kanskje leggja større vekt på at 2013 var det siste året Norge kunne nyta godt av skyhøge oljeprisar kombinert med billege importvarer. Uansett har nok utviklinga i økonomisk tenking i Norge i store trekk følgt dei internasjonale trendane.
Dyrking av dei sterke
Holte tenkjer ganske smalt økonomisk og er nærmast monomant opptatt av samanlikningar mellom land. Makroøkonomiske indikatorar står sentralt, og andre samfunnskvalitetar kjem i skuggen.
Men også økonomien skal fungera innanfor eit samfunn med eit moralsk fellesskap, og her har forfattaren ein skummel blindflekk. Holte løftar gjerne fram dei sterke leiarane og ikkje minst «skaparane». Han skildrar dei som ein eigen mennesketype som stakar ut sin eigen kurs og ikkje «diltar etter», og som samfunnet må leggja til rette for slik at dei til dømes ikkje reiser til Sveits.
Å skapa gode vilkår for gründerar er vel og bra, men perspektivet til Holte blir likevel ganske annleis enn hos den konservative kjempa Kåre Willoch. Han snakka også om produktivitet og konkurranseevne nærmast inntil det parodiske, men understreka samstundes alltid at «adelskap forpliktar» og at også den økonomiske eliten måtte visa samfunnsansvar og gå føre med eit godt eksempel. Kva som skjer når dyrkinga av det økonomiske «overmennesket» går for langt og den som har pengar får grenselaus makt til å laga sine eigne reglar, får me rikeleg høve til å studera i USA dei neste fire åra.
Publisert:
Publisert: 14. januar 2025 17:57