DEBATT: Det er lagt planar for storstilt utbygging både i høgda og breidda på Jæren. På Bryne er det tommel opp frå kommunedirektør og kommunestyret om at utbyggjarar får løyve til å utvida kjøpesenteret M44 med handel og bustader.
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
I beskrivelsane av planane kjem det fram at M44 kjem til å ruve i bybildet. Eg grøssa då eg las det. Handelsarealet skal utvidast til 65.000 kvadratmeter, på størrelse med Kvadrat. Med bustader på toppen kjem bygget til å ruve med 20 meter frå bakkeplan. Kommunedirektøren innrømmer at bygget er for høgt, men går elles god for planane. Det same gjer det politiske fleirtalet i Time kommune.
Det har kome kritiske røyster til planane, blant anna auka trafikk forbi og kring senteret. Som mange veit er at trafikken her er ganske pressa frå før. Og kva er det som aukar trafikken? Jo, det er mellom anna fleire moglegheiter til å besøke kjøpesenter. Treng me det? Har jærbuen behov for fleire butikkar?
På Klepp er dei allereie i gang med ny kyrkje og nytt rådhus. Ein kvar kommune må ha eit fungerande rådhus, men kanskje ein kunne droppa å leggje ei kyrkje midt i sentrum? Kva når kyrkjeklokkene kjem til å ringe? Korleis vert det for dei som bur i nærleiken? Det spørst om dei ikkje kjem til å setje søndagskaffien i halsen, og eg er overtydd om at det kjem til å kome mange klagar på støy.
Bygg for fellesskapen
Ei ny kyrkje kan sikkert vere bra for nokre, men er det inkluderande for alle Klepp sine innbyggjarar? Kva med heller å byggje svømmehall eller ein fleirbrukshall som alle kan nytte seg av? Me må tenkje på fellesskapet – det er her framtida ligg. På Klepp er det klart for storstilt utbygging i sentrum med bustader, butikkar og kanskje til og med hotell. Det har dei folkevalde einstemmig vedteke.
I Klepp har dei allereie fått sine høghus, og dei er dessverre kome for å bli. I dei nye planane kjem den høgaste blokka til å ruva 29 meter. I beskrivelsane av planane vert det igjen vist til at ein skal styrke Klepps posisjon som handelssentrum. Dette går eit einstemmig kommunestyre god for.
I sommar hadde eg besøk av ein sogning som bur i Bergen. Me var rundt på Jæren for å gjere innkjøp. Han er ein mann som reiser mykje i jobben sin, men han hadde til gode å vere på ein stad med så mykje butikkar og butikksenter som her på Jæren. Han tykte det minte om USA – der er dei kjende for å ha gigantiske kjøpesenter som ein må køyra til. Då eg fortalde om dei storstilte planane om vidare utbygging av handelssenter, vart han stum.
Kommunestyrerepresentantar og kommuneleiing har ansvar for å tenkje på alle aspekt rundt ei slik utbygging. Skal me la marknadskreftene få bestemme korleis Jæren skal bli sjåande ut? I tider kor me er nøgde til å tenkja på både miljø og infrastruktur vel kommunane å leggje til rette for meir trafikk, meir handel og fleire stygge bygg. Kva med dei som kjem etter oss?
Kva om me angrar?
Det er enkelt å byggja opp, men vanskeleg å riva ned. Kva om me angrar? Har me ikkje ansvar for å tenkja mykje meir langsiktig, slik at det me bygger kan stå seg over tid? Eg er for utvikling og nye arbeidsplassar, men ho må stå i forhold til den tida me lever i og den som kjem.
Me må ikkje la marknadskreftene få så mykje makt at dei set premissane for korleis Jæren kjem til å sjå ut. Som tidlegare student i ein norsk storby, og dessutan i utlandet, var det alltid med glede eg kom heim til Jæren. Eg gledde meg til å kome heim til det opne og flate landskapet på Jæren. Vind, vidde og ein lang horisont – som i dag dessverre vert broten av Høghuset på Bryne.
Me må bevara Jæren ved å setja opp bygg som er i samspel med det unike landskapet, og som er med på å bevara regionens kultur. Prangande høghus og handelshus respekterer og reflekterer verken landskapet eller jærbuen. Arkitektur heng saman med livskvalitet, og me må byggja for framtida. Då må ein ta omsyn til trivsel, estetikk, materialval og ikkje minst miljøet. Det er ingen motsetnad mellom utvikling og å laga eit miljø som skal stå seg over tid. La ikkje marknadskreftene få leggja premissane for korleis Jæren skal utvikla seg i framtida.
Publisert:
Publisert: 8. oktober 2025 12:09