– Det tar ikkje unna i det heile tatt, seier Bjørn Helge Kristoffersen som er bonde i Lofoten.
Han er ikkje i det heile nøgd med det som blei lagt fram når endeleg regjeringa opnar for turistskatt.
Lovforslaget om besøksbidrag frå næringsministeren set eit øvre tak for overnattingsavgifta på fem prosent.
Det vil gjelde hoteller, campingplassar, bobilparkar, vandrarheim, privatutleige, hotellskip, fritidsbåtar i gjestehavn og anna overnattingsverksemd, som Airbnb.
Men det gjeld ikkje dei turistane som plagar Kristoffersen mest – nemleg dei som campar på eigedommen hans.
– No blir ikkje bobilturistar og campingturistar blir ikkje beramma i det heile.
NHO er einig med bonden i Lofoten. Dei trur ikkje ordninga er god nok er uroa for at det òg vil ramme norske turistar.
Meiner skatten bør kome på flyplassen
– Det er ikkje på langt nær så godt som det kunne ha vore, seier Kristoffersen i Lofoten.
Han blei skuffa då han oppdaga dei etterlengta tiltaka frå regjeringa om turistskatt.
– Men er det ikkje bra at dei prøver å gjere noko med problemet?
– Viss dei skal kome dette til livs må dei fjerne gratisbilletten på ferga for turistane. Det burde berre gjelde for innbyggarar. Kven reiser ikkje gratis når dei kan det, spør bonden.
– Sommaren neste år blir heilt lik. Eg kjem til å setje opp straumgjerdet igjen.
Men det er ikkje berre på sommaren Kristoffersen synest turistane er ein plage. Også vinterturistane seier han heftar lokalbefolkninga.
– Turistane ligg i grøfta og Viking, sjukebil og politi står på vegane. Vi andre blir sperra. Dei er ei tidsheft for oss uansett.
Bonden trur eit betre forslag hadde vore å skattlegge turistane på flyplassen eller direkte på flybilletten. Då trur han det òg hadde råka vinterturistane hardare. I tillegg meiner han skatten burde vore høgare.
– Det kan ikkje vere berre nokre hundrelappar. Vi må opp i tusenlappen minst.
Ordførar i Vestvågøy kommune, Jonny Finstad, er heller ikkje fornøgd med forslaget. Han peiker særleg på camping langs vegane som eit problem.
– Dette forslaget fangar ikkje opp den største utfordringa vi har i Lofoten, nemleg villcamping langs vegane. Det er det som skaper størst gnissingar mellom lokalbefolkninga og turistane.
Finstad oppfattar at det er juridisk vanskeleg for regjeringa å innføre ei avgift på camping langs vegane, men at eit handlingsrom for å geleide turistane mot betale campingområde har blitt synleggjort.
– No må vi sjå kva slags moglegheiter vi har gjennom friluftsloven og vegtrafikkloven også vidare for å gjere eit arbeid lokalt for å betre situasjonen
Rammar norske turistar
NHO Reiseliv er heller ikkje begeistra for den nye ordninga.
– Turistskatten som regjeringa i dag foreslår, vil gjere det dyrare å feriere i Noreg – også for nordmenn, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.
Nordmenn står nemleg for to av tre overnattingar på norske hotell.
Devold meiner forslaget ikkje løyser dei reelle utfordringane, og er stikk i strid med det næringa sjølv har bedt om.
Ser moglegheiter
– Om du hadde lagt det på flyplassane, ville ikkje bobilturistene blitt omfatta.
Det seier stortingsrepresentant Bjørnar Skjæran (Ap). Han har vore i møte med Lofotrådet tysdag, og svarar på vegner av regjeringa.
– Regjeringa skal behandle alle høyringsinnspel før saka kjem til Stortinget. Det viktige er at nå er det tatt et ordentleg godt initiativ frå regjeringa for å få på plass.
I møtet blei problemstillinga med bobil- og campingturistar teke opp.
– Her ligg det moglegheiter for kommunane gjennom sine regelverk å leggje avgrensingar på ulike typar camping. Det er stoff som er godt egna for høyringsprosessen vi skal inn i, avsluttar stortingsrepresentanten.
– Nå må vi ta et fullt trykk i Lofotrådet, og sette oss ned alle seks kommunane i Lofoten og bli samde om ei høringsuttalelse med konstruktive innspel. Dette er ei god moglegheit for Lofoten, og den skal vi gripe, seier Vestvågøy-ordføraren.
Publisert 19.11.2024, kl. 21.31