To veker på berre vatn og salt tærer på kroppen, men ikkje viljen til klimaaktivist Vebjørn Bjelland Berg. No trosser han legen sitt råd, i håp om å nå fram med bodskapen sin.

Publisert 12.08.2025 20:07 Sist oppdatert 27 minutter siden
Mellom valkampbuer og partilogoar sit klimaaktivisten Vebjørn Bjelland Berg.
Han er på dag 14 av fasta sin for klima. Kravet hans?
At Noreg får ein utfasingsplan for olje og gass.
No er han på Arendalsuka, i håp om å få eit møte med statsministeren. Det gjorde han nesten, ifølge seg sjølv, men blei geleida vekk av PST.

Svolten
I slutten av juli starta Bjelland Berg på fasta. Sidan då har han berre levd på vatn og salt.
Dagsforma varierer.
– Det går veldig i bølger. I går hadde eg «cravings» etter mat som eg aldri før har opplevd. Så eg kjem i kontakt med eigen standhaftigheit i denne prosessen, seier Bjelland Berg.
I tillegg hjelper det ikkje at det er mykje matos frå buer og telt som sel pølser og vaflar og annan mat like i nærleiken.
Sjølv om det er over 20 plussgrader har han ull både inst og ytst på kroppen. Mangelen på næring har gjort at han lettare fryser.
På Arendalsuka er det meste av eliten innanfor næringslivet og politikken samla denne veka. Bjelland Berg håpar på å få fart på bodskapet i møte med fleire politikarar.

– Kor lenge kan du gå før det går utover liv og helse?
– Det legane som hjelper til meg har sagt, er tre veker. Det er ei utfordring, men eg er framleis på ein trygg plass fysiologisk akkurat no.
Likevel tenker han å halda på lenger enn som så, sjølv om han er ganske redusert.
– Eg tar det som det kjem, men eg trur eg har det i meg å halda det gåande mykje lengre.
Klimaaktivisten trur ikkje aksjonen åleine gjer at Noreg endrar kurs i oljeindustrien, men han er trygg på at det langt på veg kan vera til hjelp.
– Sjølv om me brenn opp all olje og gass, så er dette verdt det. Det har ein verdi å halda fast på sanninga for sanninga si skuld.
Dette er ikkje første gong Bjelland Berg avgrensar matfatet for å setta fokus på klima.
Han gjorde det same før sommaren, for å nå fetteren sin, klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).
TV 2 har kontakta regjeringa for kommentar, men har ikkje fått svar.
MDG: – Sterkt å treffa Vebjørn
Ein av dei som tok turen innom, var leiar i Miljøpartiet dei Grøne, Arild Hermstad.
– Det er sterkt å treffa Vebjørn som sultestreiker for klimaet og for at Noreg skal starta utfasing av olje. Eg har stor respekt for viljestyrken og engasjementet, seier Hermsrad

Hermstad meiner mange nordmenn kjenner seg att i frustrasjonen hans.
– No treng me ekte politiske forpliktingar, som at me må starta utfasinga av olje og bygga opp ny, grøn industri.