Har funne omkomen fiskar etter søk i Ålesund

3 weeks ago 20



HRS melder tysdag kveld at fiskaren dei har leita etter er funnen omkomen. Mannen blei funnen ombord i sin eigen båt ved land på Brandal i Hareid, nabokommunen til Ålesund.

– Den første observasjonen av båten blei gjort av ein tilfeldig forbipasserande. Då brannbåten kom fram blei det stadfesta funn av den avdøde mannen, seier redningsleiar Vincent Roos ved HRS tysdag kveld.

Ifølgje politiet er dei pårørande varsla.

Politiet startar no etterforsking.

– Personen er funnen død åleine, difor blir saka etterforska, seier Tove Holst-Dyrnes.

– Mistenkjer de noko kriminelt?

– Nei, per no har vi ingen mistanke om at det har skjedd noko kriminelt, seier ho.

Tove Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes.

Foto: Casper Kanestrøm / Politiet

Kom ikkje heim

HRS sette tysdag kveld i gang ein redningsaksjon etter at ein eldre fiskar ikkje kom heim for dagen.

Mannen skulle ut på fiske i ålesundsområdet, og skulle vore heime tidlegare i ettermiddag.

– Han skulle ha kome inn, han brukar å vere tilbake tidleg på ettermiddagen, seier redningsleiar Vincent Roos ved Hovudredningssentralen for Sør-Noreg.

Fleire båtar og helikopter

To redningsskøyter, to brannbåtar og eit redningshelikopter deltok i søket.

HRS sende også tidleg på kvelden ut melding til fiskarar i området om å halde augene opne.

Det er i dette området det blir leita etter fiskaren.

Publisert 09.04.2024, kl. 20.30 Oppdatert 09.04.2024, kl. 21.28

Read Entire Article