Har 204.072 bilete lagra på mobilen – og full kontroll

1 month ago 25



Kor mange bilete har du på mobilen?

Mange av oss har titusenvis og lite system.

– Eg har 2.000 no. I overkant, seier ryddeekspert Synnøve Skarbø.

– Eg har over 40.000 og fullstendig kaos, seier bloggar Linnea Myhre.

– Eg har 204.072 og full kontroll, seier reiseekspert Odd Roar Lange

– Eg har 3.000 og forstår ikkje kva folk skal med mange bilete, seier meisterfotograf Morten Krogvold.

Ekspertane har heilt ulike system for å finne fram i fotokaoset.

Fotoeksperten

Om huset står i brann eller flaum, vil mange redde gamle fotoalbum. Det meste kan kjøpast nytt, men gamle familiebilete er for mange uerstattelege.

Likevel er det gjerne hulter og bulter når det gjeld digitale bilete.

Morten Krogvold til fjells. I svart poloskjorte, solbriller med eit fjellvatn og ein topp i bakgrunnen.

Foto: Privat mobilfoto

– Fotoa er det einaste som overlever oss, seier Morten Krogvold, vår nasjonale meisterfotograf. Han er sjølvsagt i mørkerommet når me ringer.

– Eg forstår ikkje vitsen med å ha 20.000 bilete på mobilen som du aldri ser på.

Sjølv har han rundt 3.000.

  •  Jarl Rehn-Erichsen / Scanpix .

    Jarl Rehn-Erichsen / NTB

    Krogvolds metode:

    – Eg har eit heilt fantastisk system: No system at all.

    1. Eg sletter.

    På ein flytur kan eg slette 700 bilete på rappen. Så eg veit stort sett kva som er inne på mobilen.

  • Fotograf Morten Krogvold er gjest i Drivkraft.

    Robert Rønning / NRK

    Krogvolds metode:

    2. Er det eit mobilbilete eg vil ha om ti år, printar eg det ut på eit godt labaratorie.

  • Morten Krogvold - Nordic Light

    Roar Halten

    Krogvolds metode:

    3. Ta ut 200 -300 bilete og lag papirbilete av dei.

    Da varer dei til andre generasjonar også – og blir sett på!

    Om det blir finanskrise, kan skya gå til helvete og bileta forsvinn. Dessutan er ikkje teknologien sånn at dei varer evig.

Bloggeksperten

Linnea Myhre var Noregs første stjernebloggar, og har no gjort comeback innan blogging. Slikt blir det ein del bilete av.

– Eg har over 40.000 bilete.

Podkasten Leseklubben på Langedrag for å møte elgen Elke. Linnea Myhre sammen med Elke.

Linnea Myhre frå Molde og elg (ikkje frå Kristiansund).

Foto: Xin Li / NRK

Myhres metode:

– Eg har ingen tips dessverre, det er fullstendig kaos.

Ryddeeksperten

Den nasjonale ryddeeksperten vår, Synnøve Skarbø frå Stranda, seier at orden kan ha fleire effektar.

– Eg elskar å rydde, og eg elskar å ha det ryddig! Det er balsam for sjela, og eg blir glad og roleg innvendig med ting på stell.

Det gjeld også på mobilen hennar. Skarbø synast at dei 2.000 bileta ho har lagra er i overkant.

  • Synnøve Skarbø tar selfie.

    Synnøve Skarbø

    Skarbøs metode:

    1. Lag ei eiga mappe på mobilen for dei fotoa som er mest verdige å vise fram.

    – Når eg slektningar eller vener spør: «Eit liten augeblink, så har eg 50 bilete som går på loop der.»

  • Synnøve Skarbø foto

    Terje Bendiksby / NTB

    Slett

    2. Siste dagen i månaden slettar eg alle ubrukelege bilete.

    Eg tar ofte 10–12 variantar av eit bilete, og gløymer ofte å slette etterpå.

    3. Så fører eg over til datamaskin i mappe for kvart år og månad.

    Men altså berre alle dei finaste bileta i "Januar 2025"-mappa osv.

    Men eg hugsar veldig sjeldan kva månad ulike foto har skjedd, difor:

  • Synnøve Skarbø blid

    Espen Solli / TV 2 / NTB

    Tagge

    4. Skriv eit stikkord på kvart bilete, så det kan søkast opp.

    – Det er ein kjempejobb, difor er eg særs selektiv på kva eg fører over. Men om det berre står «IMG_nummer», så finn eg det aldri igjen.

    – Som du skjønar, dette er eit litt tungvint system, men som fungerer for meg.

Ho anbefaler også folk kvart år å printe ut ei fotobok med det beste av bileta.

  • Elisa Nøstdal med telefonen og svart boblejakke

    Remi Sagen / NRK

    Systemet til folk flest:

    Elise Nøstdal frå Ålesund

    – Eg har nesten 13.000 bilete, tatt over mange år.

    – Har du noko system?

    – Nei, dei ligg eigentleg berre i kamerarullen. Eg prøver å gå gjennom av og til og sjå om det er noko eg kan rydde opp i, men er litt dårleg på det.

  • Nikoline Kvalsvik med mobilen, svart boblejakke, lyst langt hår.

    Remi Sagen / NRK

    Nikoline Kvalsvik Larsen har 12.000 bilete

    Ho tar særleg bilete av opplevingar.

    – Så hugsar eg det og vekker minner. Og så er det masse skjermbilete av ulike ting.

    – Eg er veldig dårleg til å ha system, og slettar nesten aldri bilete heller.

  • Peter Moen med telefonen sin full av bilete

    Remi Sagen / NRK

    Peter Moen tek meste bilete på Snapchat

    Han lagrar helst på Snap framfor på kamerarullen.

    – På bildeappen har eg eit par album som er kategorisert som «Turar» eller «Klede».

    – Eg skulle kanskje tatt meir bilete av det eg gjer, for å hugse ting. Men eg har kanskje nok bilete...

Reiseeksperten

Reiseekspert Odd Roar Lange frå Molde har 100 gonger så mange bilete som Skarbø på mobilen. Men han synast ikkje det er for mange.

– Eg blir veldig skuffa dersom nokon har fleire enn meg! seier Lange.

– Som eit funfact kan eg seie at av dei 204.072 bileta, er 10.714 bilete av meg sjølv. Selfies og bilete andre har tatt av meg – her og der rundt om i verda.

  • Odd Roar Lange står på ei strand i sørlege breiddegrader.

    Philip Kollstrøm / NRK

    Langes metode:

    1. Eg lagrar alle i Apple-skya.

    Eg brukar alltid stadsfunksjon så eg kan søke opp på stad. Treng eg eit bilete av Atlanterhavsvegen, søker eg nettopp på dette.

  • Odd Roar Lange i fjellheimen

    Odd Roar Lange

    Langes metode:

    2. Eg lagrar også i Google Foto.

    Her er det lettare å søke på situasjon: Til dømes «biff», «ambulanse», «badestrand» osv.

  • Reiselivsekspert Odd Roar Lange er på tur i Henningsvær i Lofoten denne veka.

    Odd Roar Lange

    Langes metode:

    3. Eg lagrar også i mapper når det er smart.

    Eg brukar gjerne Mac for å søke etter bilete i Apple og Google-skyene. Der finn eg lett igjen bilete – og dette gjer det enkelt i min kvardag som reisejournalist.

– Kor mykje brukar du på lagringsplass?
129 kr til Apple og 125 kr til Google i månaden.

Det blir dryge 3000 kroner i året.

Odd Roar Lange har 204.071 bilete på telefonen.

Dette skjermbiletet blei bilete nummer 204.072 på telefonen hans.

Foto: Odd Roar Lange

Nasjonale fotoskatten forsvinn

– Den digitale utviklinga gjer at mange bilete vil forsvinne, eller er av såpass dårleg kvalitet at dei ikkje er noko særleg å sjå på. Dermed vil delar av den nasjonale fotoskatten vår forsvinne, seier fotograf Morten Krogvold.

Og sett i bakspegelen har det vore fleire merkelege trendar innan mobilfoto.

Retrobilde

Bilete tatt med Hipstamatic-filter.

Foto: Flickr.com/brokentrinket

Rundt 2012 var Hipstamatic ein farsott. Eit filter gjorde at bileta skulle sjå ut som dei var frå 1970- og 80-talet, litt uskarpe, mørke og med høg fargemetting.

Det var kult nokre månader, men 13 år seinare er desse bileta eit sår i fotoalbumet.

Og kva med Snapchat?

Bileta som ein har lagra, er i dårleg oppløysing. Men for mange forsvann dei fleste fotoa etter ti sekund. Det er kanskje like greitt.

Folk tar selfie og foto og bilete i Geiranger.

Selfie-produksjon i Geiranger, sommaren 2024.

Foto: Webjørn S. Espeland

Publisert 11.02.2025, kl. 10.34

Read Entire Article