Håper supporterane ikkje kjem på kamp: – Heilt latterleg

3 hours ago 5



– Det er heilt latterleg, og eg skjønner ikkje meininga med det. Vi driv med underhaldning, og vi kan ikkje drive med underhaldning viss det ikkje er folk som ser på, seier Alexander Bonsaksen til NRK.

12. oktober er det duka for det første møtet i sesongen mellom erkerivalane Vålerenga og Storhamar.

Kampane mellom laga har som vane å levere ei utruleg ramme med to av dei største supportergrupperingane i landet, men dette oppgjeret blir ikkje sånn.

Storhamar - Vålerenga

REGJERANDE MEISTER: Storhamar er noregsmeistrar etter å ha slått nettopp Vålerenga i finalen førre sesong.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

«For ikkje mindre enn 350 kroner kan du få ein rekebaguett på Gardermoen eller ein billett på betongen på Hamar. Baguetten er dyr, men han er langt meir fornuftig prisa enn det desse bortebillettane på Hamar er.»

Det skriv Klanen i eit innlegg på sine sider der dei oppfordrar Vålerenga-supporterane til boikott av kampen.

Supporterane får støtte frå spelargruppa.

– Først og fremst så vil eg seie at det er heilt latterleg at det går an å sette opp prisane så mykje på eit bortefelt, seier Bonsaksen når han blir spurd om boikotten Klanen har bestemt seg for å gjennomføre.

Martin Røymark er einig med lagkameraten og forstår supporterane.

– Eg støttar supporterane våre fullt ut på det. Det er synd, men vi veit at vi har dei i ryggen uansett, seier Vålerenga-kapteinen.

Bonsaksen og Røymark

REAGERER: Martin Røymark og Alexander Bonsaksen på kickoff før sesongen blei sett i gang.

Foto: Thomas Fure / NTB

Vil innføre faste prisar

Bonsaksen er tilbake i Vålerenga der han starta karrieren sin. Han meiner det går utover fleire at Klanen held seg heime.

– Eg er oppvaksen med rivaliseringa mellom Vålerenga og Storhamar og har sjølv spelt for fulle tribunar. Viss ikkje Vålerenga stiller med fans, så blir det ei dårlegare totaloppleving for Hamar-fansen òg. Heile produktet får svi, seier Bonsaksen.

Da det blei kjent at Klanen skulle boikotte kampen, kom Vålerenga med ei fråsegn. Der står det at klubben vil vere med på å innføre ei grense for kor mykje tilreisande supporterar skal betale.

«Vålerenga vil ved første høve ta eit initiativ ovanfor resten av klubbane i EHL om at billettprisar for bortetribunen skal låsast fast for alle klubbar i alle hallar.»

– Det synest eg hadde vore ein fin regel viss alle klubbane hadde blitt einige om det. Men da kan ikkje Storhamar sette opp prisane sånn som dei gjer, det blir berre tullete, seier Bonsaksen.

Svarer på kritikken

Espen Løvås er arrangementssjef i Storhamar, og han forklarer bakgrunnen for billettprisane for den kommande sesongen slik:

– Storhamar har i år differensierte prisar på billettane. Nokre kampar kostar berre 50 kroner og nokon kostar 350 kroner.

For å sjå Vålerenga eller Stavanger Oilers på Hamar denne sesongen, må ein ut med 350 kroner.

Det forklarer Løvås med at prisane er sette opp ettersom kor attraktive dei ulike motstandarane er.

Det er ikkje noko forskjell på prisane for heime- og bortesupporterane i CC-amfi.

– Alle sete i hallen blir likt prisa. Slik hallen er bygd har vi ikkje høve til å differensiere prisane på dei ulike felta i hallen, seier han.

Løvås legg til at snittprisen på kampane i sesongen er billigare enn det var førre sesong. Gjennomsnittsprisen for ein kamp i år ligg på 210 kroner mens den førre sesongen var 250 kroner, ifølge arrangementssjefen.

Tribune

FULLE TRIBUNAR: Per dags dato vil det berre bli heimesupporterar når Storhamar møter Vålerenga 12. oktober.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Men det er ikkje berre Storhamar Alexander Bonsaksen er misfornøgd med.

– Vi har kickoff her nå med norsk topphockey og dei må ta ansvar. Dei må sette opp nokre rammer og reglar som gjeld for ligaen. Det ansvaret ligg på norsk topphockey, elitehockey og forbundet, seier Bonsaksen

– Håpar dei snur

Cato Cocozza er dagleg leiar i Elitehockey, og han seier at situasjonen ikkje er optimal, men at det er akkurat nå er opp til klubbane sjølv.

Cato Cocozza

– UHELDIG: Cato Cocozza blei i 2022 dagleg leier for Elitehockey. Han er tidlegare spelar og har spelt for ei rekke norske klubbar, blant anna Vålerenga.

Foto: Thomas Fure / NTB

– Vi ønsker å ha mest mogleg publikum på alle matchar. Set ein for høge prisar kan dette bli resultatet. Det er uheldig at dette skjer. Klubbane bestemmer sjølv, men eg håpar ein kan ha ein dialog med kvarandre for å finne ei betre løysing enn dette tilfellet. Så får vi gå igjennom ønske frå klubbar og sjå om vi kan sette eit tak i framtida.

Alexander Bonsaksen håpar at Storhamar endrar billettprisane. Viss ikkje, håpar han å sleppe å sjå tilreisande fanst på kampen.

– Eg håpar dei snur så vi får fans, viss ikkje håpar eg ikkje éin Vålerenga-fan tar turen.

Publisert 23.09.2024, kl. 21.21

Read Entire Article