Håper på saftig suksess med eksotisk frukt: – Det nye Hardanger

1 month ago 19



I hagen står tre med eple, pærer og morellar. Her veks det godt. Men det er særleg eitt tre som skil seg ut.

– Dei er faktisk veldig gode. Lyse, fine og saftige, fortel Geir Jostein Ørsjødal.

Den blå varaordføraren (H) med grøne fingrar i trønderkommunen Inderøy har nettopp hausta sine første ferskenar frå eigen hage denne sommaren.

Ferskentreet blei kjøpt til bursdagen til kona i august i fjor, og kom med blomstrar og frukt i år. Nå håpar han å inspirere andre til å tenke nytt og satse på dyrking av nye frukter.

Mogleg at våren var litt spesiell. Det var varmt og gunstige forhold, men eg hadde ikkje forventa at det skulle komme så mykje frukt.

Etter at lokalavisa skreiv om det nyaste treet, har han fått mykje merksemd.

Fersken fra Trøndelag

Ferdig fersken i hagen til Inderøys varaordførar, Geir Jostein Ørsjødal.

Foto: Eivind Aabakken

Myttji nedbør og myttji varme

Du kan kjøpe ditt eige ferskentre på mange hagesenter i Noreg, men den saftige frukta blir først og fremst dyrka i Sør–Europa, California og Sør–Afrika.

Ifølge tal frå Opplysningskontoret for frukt og grønt, importerte vi 7,2 tonn fersken og nektarinar for sal i norske butikkar.

– Klimaendringane er jo her, og det å utnytte det potensialet det gir oss, synest eg vi burde gjere. Fruktdyrking i Trøndelag – spesielt næme sjøen – det er jo veldig gunstig. Vi har nok nedbør og nok varme. Kanskje Trøndelag er det nye Hardanger, seier Ørsjødal.

I Gartnerhallen ser dei for seg at både norsk fersken og andre nye sortar etter kvart vil komme i sal.

– Dette føreset at forbrukaren viser interesse for nye produkt, og at ein lykkast med produksjon, blant anna mengde- og kvalitetsmessig, seier organisasjonssjef Gunn Jorunn Sørum.

Gunn Jorunn Sørum, organisasjonssjef Gartnerhallen

Gunn Jorunn Sørum er positiv til at fleire ønsker å dyrke frukt.

Foto: Julie Lunde Lillesæter / Julie Lunde Lillesæter/Differ Media

Ho legg til at dei allereie er i gang med å teste sal av norsk aprikos i butikkar på Vestlandet.

Det er aktuelt å sjå fersken og andre nye sortar frukt i sal i Noreg i framtida. Vi i Gartnerhallen applauderer dei som prøver ut dyrking av nye sortar frukt og grønt i Noreg, og støttar også fleire slike prosjekt sjølv gjennom Grofondet, seier Sørum.

– Marknaden er for liten

Ørsjødal i Inderøy meiner norske bønder må tenke nytt og dyrke fruktsortar som fersken, i alle fall som eit tillegg til annan produksjon.

Den største utfordringa for matjorda er at det gror igjen. Det må vere ein kjempeidé der det er mogleg.

Nokre kilometer unna har Inderøy Mosteri gjort frukt til butikk. Pressemeister Yngve Henriksen er ikkje heilt einig i at dyrking av fersken lønner seg.

– Det er jo ein type tropisk frukt som går å få moden i Trøndelag, både fersken, nektarinar og aprikosar. Det er jo kjempeartig, men eg trur ikkje det har eit stort økonomisk potensial, seier Henriksen.

Yngve Henriksen, Inderøy Mosteri

Yngve Henriksen er pressemeister ved Inderøy Mosteri.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Han meiner det er fordi vi i Noreg har satsa stort på blant anna eple, pærer og plommer.

– Det er ingen mottakssystem for fersken og aprikosar i Noreg. Marknaden er rett og slett for liten. Også er kvaliteten på det som kjem frå Europa så bra at det er vanskeleg å konkurrere med det, seier Henriksen.

Må ete og produsere meir norsk

Sjølv om Gunn Jorunn Sørum i Gartnerhallen er open for dyrking av tropiske frukter i Noreg, meiner ho derimot at hovudfokuset i første omgang bør vere på å få forbruket av norsk frukt og grønt opp.

Norskdyrka aprikos Meny Sogndal

På Meny i Sogndal har ein begynt å selje norskdyrka aprikosar.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Grøntnæringa er mykje meir marknadsbasert enn resten av jordbruket, og det er derfor heilt avgjerande å balansere tilbod og etterspørsel best mogleg for at produksjonen til bonden skal vere lønnsam. I første omgang må vi derfor jobbe for å få forbruket av norsk frukt og grønt opp. Når det skjer, er vi klare for auke produksjonen, seier ho.

Klima speler ei rolle

Klimaendringane kan vere med på å påverke fruktproduksjon.

Klimaendringar kan gi varmare vêr og lengre vekstsesong, som inneber at ein kan få betre forhold for dyrking av frukt i Noreg, seier Sørum.

Epler som blir torpedert av hagl, kan ikke selges. Tonnevis ble ødelagt før sommeren.

Ei kraftig haglskur fleire stader på Austlandet før sommaren ramma fruktbøndene hardt. 10 prosent av den årlege epleproduksjonen i Noreg blei øydelagd.

Foto: Anders Haualand / NRK

Men klimaendringane kan også føre til ekstremvêr, som kan påverke produksjonen av frukt og grønt.

– Dette inneber at kvar enkelt bonde ber enorm risiko, og her er det viktig at vi har gode ordningar for klimatilpassing og redusert klimarisiko, seier Sørum.

Flaum og store nedbørsmengder i fjor, og kraftige haglskurer i år, er nokre eksempel på at meir ekstremvêr påverkar norsk frukt- og grøntproduksjon.

Temperatur i Norge siden 1900 sammenlignet med snittet i perioden 1991-2020

Avvik fra normal Snittemperatur

Gå til NRKs Klimastatus

Nektarinar til neste år

Heime hos Geir Jostein Ørsjødal i Inderøy er han stolt over årets ferskenavling.

Dyrker fersken

Hagen til Geir Jostein Ørsjødal er full av frukt – han har ikkje tenkt å gi seg med det same.

Foto: Eivind Aabakken

– Eg har stått i Høgre-bua og prata om fersken i staden for politikk. Eg trur nesten eg skal begynne med fruktdyrking i staden for politikk, ler Geir Jostein Ørsjødal.

– Nei da, eg synest dette er artig. Til neste år skal eg prøve meg på nektarinar, avsluttar han.

Publisert 25.08.2024, kl. 19.58

Read Entire Article