Verda kan gå inn i varig handelskrig. Dette kan det ha å seie for norske bustadprisar, arbeidsplassar og lommebøker.

Publisert 05.03.2025 22:27
I løpet av få veker er det blitt klart at Trump gjer alvor av trugslane sine.
Deportasjon av ulovlege innvandrarar, utmelding frå Paris-avtala og kutt i både bistand og stat.
For allierte land er tollmurar og handelskrig no eit faktum.

Må vere førebudde
Hos Sparebank 1 Sør Norge i Stavanger ser analytikarar på kva dette kan ha å seie for Noreg.
– Som bank er vi heilt avhengige av å forstå kva som skjer og vurdere korleis ting kan utarte seg,
Det seier Peder Snorre Skouen, risk manager i banken.

Dei gjer fortløpande vurderingar av ulike trugslar mot banken og økonomien til kundane, både større og mindre.
I ein handelskrig slepp verken bedrifter eller privatpersonar billig unna her til lands.
– Dei siste vekene har det vore vanvitige endringar i verda. Då må vi vurdere om vi må gjere tiltak, og finne ut om det er kundar som er spesielt utsette i ein tollkrig, seier Skouen.
Derfor har banken utvikla eit scenario kalla «Trump 2.0: Full handelskrig».
– Folk mister jobben
– For Noreg sin del, som er ein liten økonomi og handlar mykje med utlandet, er det klart at dette er alvorleg, seier sjeføkonom Kyrre Knudsen.
Knudsen presiserer at dette er eit nedside-scenario, med markert negative utslag for norsk økonomi, og ikkje utviklingstrekka som er aller mest sannsynlege.

Han har drege fram ei tavle for å illustrere kva banken ser på når dei vurderer korleis norsk økonomi vil bli ramma av uroa i verda.
– Den korte historia er at dette ikkje er bra for Noreg si lommebok. Her vil eksporten falle og gjere at folk mister jobben, seier økonomen.
Han understrekar at Noreg ikkje er makteslause mot uro i verdsøkonomien.
Styringsrenta kan setjast ned og oljefondet kan nyttast for å bøte på ein komande periode med dårlege økonomiske tider.
Scenario: Handelskrig
Etter Trump tok over som president i USA har mykje skjedd på kort tid. Derfor er det vanskeleg å spå kor lenge tiltak som til dømes tollmurar vil vare, og kor høge dei vil vere.
SpareBank 1 Sør Norge har teke utgangspunkt i eit scenario der høge tollmurar vert innførte av Donald Trump sitt USA og at andre land svarar med same mynt.
Perioden er frå 2025 til 2030.
Dette er dei viktigaste punkta i deira analyse:
Resesjon i Europa, som igjen vil føre til at norsk eksport til Europa fell.
Norske forbrukarar blir meir usikre og avgrenser sitt konsum. Bedrifter blir meir usikre og avgrenser sine investeringer.
Den norske regjeringa bruker meir oljepengar, men det er ikkje nok til å unngå økonomisk nedtur.
Arbeidsløysa blir høgare fordi bedriftar må nedbemanne. Banken sine anslag er at han stig til 6 prosent i 2027.
Boligprisane fell som følgje av auka arbeidsløyse og uro i folk sin privatøkonomi. Næringseigedom blir endå hardare råka.
Børsfall. Ein usikker verdsmarknad gjer at Oslo Børs fell med 30 prosent i perioden.
Oljeprisen held seg stabil, og dyrare vareimport gjer at inflasjonen held seg noko over målet i nokre år.
Noregs bank set ned styringsrenta, men grunna frykt for inflasjon blir det ikkje mange rentekutt.
Kjelde: SpareBank 1 Sør Norge si risikoanalyse: Trump 2.0 Full handelskrig
– Likevel vil me nok sjå at aktiviteten i Noreg kjem til å falle og at arbeidsledigheten kjem til å stige. Typisk for folk flest vil ein merke at bustadmarknaden bli vesentleg svakare enn han er no, seier Knudsen.
– Parallell til finanskrisa
I første omgang er det landa som handlar tett med USA som blir ramma. Noreg er i utgangspunktet ikkje blant dei landa.
Men det er mange eksempel på bedrifter som eksporterer til USA.

Han trekk fram olje, gass, fisk og metaller som eksportvarar der norske bransjar kan måtte kjenne på tollmurane i USA.
– Det er ein parallell til finanskrisa her. Den slo ikkje så hardt ut i Noreg som mange andre stader.
Trass i det, såg ein òg i Noreg at arbeidsplassar og bustadmarknaden fekk seg ein solid trykk.
– Det er ikkje utenkeleg at vi vil få nokre av dei same utslaga denne gongen, seier Knudsen.

Knudsen kjem med ei oppfordring til dei som er uroa over utviklinga den siste tida.
– For privatpersonar er det viktigaste å ta ein ekstra runde med privatøkonomien, til dømes vurdere om ein har nok pengar på bufferkonto, seier økonomen og legg til:
– Det kan vere greitt for å få ro i hovudet òg, å tenkje at «Okei, her kan det vere litt ulike scenario.»