Haaland-kritikk etter enda ein mållaus storkamp: – Han står berre der

1 week ago 14



Nordmannen sette målrekord på målrekord etter overgangen til Manchester City.

Men på sosiale medium blir han stadig skulda for å forsvinne i store kampar, og etter eit nytt mållaust oppgjer mot Real Madrid blei inntrykket ytterlegare forsterka.

NRK har tatt ein titt på tala bak målrekordane. Dei målar eit bilde av at Haaland har slite i dei aller største kampane.

I Mesterligaen har nordmannen utrulege 39 mål på berre 30 kampar gjennom gruppespelet og åttedelsfinalen. Da er motstanden ofte lettare.

Men etter kvart som Manchester City kjem djupare inn i turneringane, og motstanden blir større, så stoppar dei utrulege måltala.

På 9 kampar, i kvartfinalane og inn, i den gjævaste fotballturneringa i verda har Haaland berre skåra to mål.

Det inkluderer fire mållause kampar mot Real Madrid.

– Har ikkje skåra i nokon av dei viktige kampane

I England begynner dei nå å sette spørsmålsteikn ved Haalands bidrag når konkurransane går inn i den avgjerande fasen sin på våren. Dei neste vekene står alt på spel og trofea blir delt ut.

– Faktum er at Haaland framleis ikkje har skåra eit mål for City i nokon av desse viktige kampane på våren dei siste to sesongane, skriv sjefskribent Barney Ronay i The Guardian.

– Onsdag blei han bytt ut etter 90 minutt, med eitt mål frå ope spel på sine siste ni kampar for klubb og landslag, held han fram etter ein ny nedtur mot Real Madrid.

Kvifor er det sånn? Er ikkje Haaland god nok, eller er det andre grunnar?

NRKs fotballskribent Thore Haugstad har ei forklaring på tala.

Thore Haugstad, NRKs fotballskribent.

FORKLARER: Thore Haugstad.

– Haaland treng at laget speler bra for at han skårar mål. Viss du ser på spelarar som Mbappé eller til og med de Bruyne, så er det ofte dei som får laget til å spele bra. Ta Messi – viss han hadde ein god dag, så hadde Barça ein god dag. Med Haaland så må City ha ein god dag for at han skal ha ein god dag, forklarer Haugstad.

Meiner det er tilfeldig

Han meiner at Manchester Citys maskineri må sørge for at Haaland finn sin plass i spelet, og ikkje motsett.

– Han treng service, pasningar, innlegg, ein flikk, han treng å bli funnen. Viss City-maskineriet ikkje finn dei moglegheitene, så blir han isolert. Han får ikkje ballen, han står stille, han kjem ikkje med i spelet.

Haugstad meiner uansett at det ikkje handlar om at Haaland ikkje kan skåre mot gode lag. Det meiner også tidlegare storskårar Sigurd Rushfeldt.

– Det er imponerande tal i gruppespelet. Det er tøffare i sluttspelet. Det er forskjell å møte Real Madrid og andre type lag som Club Brügge. Han har jo vist gjennom mange år nå at han er kapabel til å skåre mot dei beste. Så det er nok litt tilfeldig

Sigurd Rushfeldt

TIL-HELT: Sigurd Rushfeldt – tidenes toppscorar i Eliteserien – meiner det mest er slump som har gjort at Haaland ikkje skårar mot dei store laga.

Foto: Gunnar Grindstein

– Ei svakheit for Haaland

Tala frå spelet i heimleg liga målar eit tilsvarande bilde som Mesterligaen.

Haaland har skåra 7 mål på 13 kampar mot dei fem beste laga i Premier League gjennom dei to sesongane sine i Manchester City.

Dei tala er også noko oppblåst på grunn av eit hat trick mot Manchester United førre sesong.

Tilsvarande har Haaland magiske 49 mål på 48 kampar mot «resten» av ligaen.

aQPHaXZbb_M

MÅLLAUS: Haaland skåra ikkje mot Arsenal denne sesongen. Her fortviler han etter kampen mellom laga i mars.

Foto: Reuters

Haugstad peikar for eksempel på kampane mot Arsenal denne sesongen, der Haaland gjekk mållaus av begge.

– Det er ikkje det at Haaland speler dårleg. Han speler ikkje i det heile tatt, han står berre der. Arsenal kuttar av alle desse pasningsvinklane, innlegga og markerer han ut av kampen. Det er nok det som er problemet, seier Haugstad og held fram:

– Så kan du seie at det er ei svakheit for Haaland, men det er berre sånn han er som speler. Løysingane ligg nok heller i det taktiske, å justere laget på midtbanen, meiner Haugstad.

Lurar på om Haaland bør vrakast

I oppgjeret mot Real Madrid onsdag blei Haaland bytt ut før ekstraomgangane og straffesparkkonkurransen. Inn kom argentinske Julian Alvarez, som stort sett har måtte nøye seg med å spele andrefiolin dei siste sesongane.

Men da bytte blei gjennomført stilte Englands fremste City-reporter spørsmålet om kva som eigentleg var best for Manchester City; Alvarez eller Haaland?

– I eit par veker har eg lurt på kva som er best – Haaland utan ballberøringar, men som bind opp midtstopparar, tvingar laga låge og trusselen om ein ball bak – eller Alvarez som har 40 berøringar, koplar opp med midtbanen og gir City meir alternativ, skreiv The Athletics Sam Lee på X.

Erling Haaland Julian Alvarez Mesterligaen

BLIR ERSTATTA? Bør Alvarez (t.h) erstatte Haaland? Det spørsmålet blir stilt i engelske medium.

Foto: Dave Thompson / AP

Alvarez er ingen kven som helst. 24-åringen har allereie vunne VM med Argentina, og er ein heilt annan spelartype enn Haaland.

Haugstad forstår at spørsmålet blir stilt.

– Haaland har vist seg effektiv mot dårlegare lag, og det er ein slags garanti på at City omset denne dominansen i mål. Men viss du møter lag som er så bra bakover og har så gode forsvarsspelarar og tar Haaland ut, så er det kanskje betre å ha ein spelar som er meir rørleg og som gir City fleire moglegheiter i sjølve pasningsspelet, seier Haugstad og slår fast:

Men det er berre ein teori på papiret.

Klarte ikke stå etter hodesmell 00:28

Publisert 18.04.2024, kl. 18.39

Read Entire Article