Haaland «grilla» av A-laget i tre timar – avslører hemmelegheit om håret

6 hours ago 8



– Eg er og litt nervøs, om eg skal vere heilt ærleg.

Det seier ein smilande Erling Braut Haaland idet han helsar på ein av dei 30 reporterane frå A-laget.

Og TV-bilda viser at Haaland faktisk har litt nervar – i same sekund held 24-åringen på å falle over stolen der han skal bli «grilla» dei neste tre timane.

Resultatet blir eit openhjarta og varmt intervju med ei vanlegvis kortfatta og privat superstjerne.

– Ver helsa, Erling Haaland!

Portrettserien A-laget blei ein av dei store TV-suksessane i fjor og vann Gullruten for Årets underhaldningsprogram.

I serien stiller kjente personar til intervju med ei gruppe reporterar som er på spekteret eller har funksjonsvariasjonar. Tidlegare har både Jonas Gahr Støre og Herman Flesvig sete i stolen.

I den kommande sesongen er altså verdsstjerna frå Jæren eit av dei kjente menneska som skal svare på dei mange spørsmåla som kjem. Og det er tydeleg at det ikkje berre er Noreg- og Manchester City-spelaren som har nervar i samband med innspelinga.

en person med åpen munn

STRÅLTE: Erling Braut Haaland var i kjempehumør då han møtte reporterane frå A-laget.

Foto: Monster

NRK sleppte onsdag eit klipp frå episoden, som viser at stillheita nærast er trykkande mens Haaland går opp trappa til rommet der reporterane ventar.

Når Haaland kjem inn i rommet, utbryt reporter Jon Raaum Christensen:

– Ver helsa, Erling Haaland. Det er ei stor ære å få møte Noregs beste fotballstjerne!

Får spørsmål om håret

Det tar likevel ikkje lang tid før pulsen blir senka. Spørsmåla kjem på løpande band allereie under oppvarmingspraten.

Reporter Mats Sollid går rett på sak og spør om dei blonde lokkane til 24-åringen. I episoden har Haaland som vanleg samla håret i ein stram hestehale.

– ‎Er «ponytail» liksom blitt greia di?, spør Sollid.

– Eg kjenner det har blitt det nå dei siste åra. Folk kjenner igjen meg med det lange, blonde håret. Eg har ikkje klipe meg nå på fire år eller noko, svarer stjernespissen.

– Serr? Det er sjukt, bro. Kva er greia med deg, da?, utbryt Sollid og får mykje latter frå fotballspelaren.

en mann med briller

SPURDE OM HÅRET: Reporter Mats Sollid var nysgjerrig på Haalands hår.

Foto: Monster

Jon Raaum Christensen tar fort tak i noko av det vi nordmenn liker best å prate om: vêret.

– Men Erling? De liker best å spele fotballkampar når det er fint vêr?

– Eg liker når det er litt regn. Da synest eg det er perfekt. Da går ballen veldig fort, svarer Haaland, som like etter avslører at han ikkje liker berg-og-dal-banar.

– Du er jo rik og sånn?

Jon Raaum Christensen har også planlagt eit meir svevande spørsmål.

Men Erling? Kunne du tenkt deg å bruke formuen din på å samarbeide med forskarane om å utvikle ekte svevebrett, sånn at vi kanskje kan klare å arrangere flygande fotballkampar over skyene, akkurat som «Back to the future»?, spør Christensen.

– Kanskje det? Eg har aldri ... Korleis har du klart å komme på akkurat det der?, svarer ein lattermild, men imponert Haaland.

en mann som ser på en annen mann

REPORTER: Jon Raaum Christensen hadde fleire spørsmål på blokka då han møtte Haaland.

Foto: Monster

– Du elskar jo fotball, og du er jo rik og sånn?, spør den same reporteren.

– Eg trur eg må bli rikare enn det eg er nå om eg skal få råd til alt det der, seier City-spelaren.

Trur på interesse i utlandet

Ingrid Wevang, produsent for serien i Monster, fortel at nyheita om at Haaland hadde sagt ja blei møtt av stor jubel i redaksjonen.

Namnet til superspissen hadde lenge stått øvst på ønskelista over personar dei ønskte å intervjue.

– Det var skikkeleg, skikkeleg stas at han valde å bruke tida det tar å gjere opptaket med oss, seier Wevang.

Intervjuet blei gjort i juni under landslagssamlinga til kampane mot Italia og Estland.

– Den kjemien du ser oppstår i klippet, han er der gjennom heile opptaket. Det er veldig fin kjemi. Han er ein veldig fin, menneskeleg fyr.

Jostein Olseng

EKSTERNSJEF: Jostein Olseng, eksternsjef i NRK.

Foto: Marta Komarnicki

Jostein Olseng, eksternsjef i NRK, beskriv dagen med Haaland som «heilt magisk».

– Erling viste ei side som i alle fall ikkje vi har sett før. Han fekk også nokre spørsmål som ein aldri har sett at han har fått. Vi gleder oss til å vise fram dette programmet, seier Olseng, som har ansvaret for produksjonar som kjem utanfrå NRK.

Det er foreløpig ikkje klart når sesong 2 av A-laget skal visast på NRK. Men det blir totalt åtte episodar, med åtte kjente namn.

Olseng trur også Haaland-episoden vil få merksemd utanfor landegrensene.

– Erling er jo ei superstjerne, og han byr på på ein måte det ein ikkje ser på indre bane eller i «mixed zone». Han får nokre spørsmål han ikkje får av sportsjournalistar. Dette burde i alle fall fenge i England, seier eksternsjefen.

Publisert 25.06.2025, kl. 14.04

Read Entire Article