Grov opp tønner med hasj på sauegarden til Bjørn (66)

8 hours ago 3



Bjørn Dahl (66) er saman med to nordmenn og to litauiske menn tiltalt i ein av tidenes største hasj-saker på Vestlandet.

Dei er tiltalte for å ha vore ein del av ei organisert kriminell gruppe som har innført og oppbevart til saman over 800 kilo med hasj, meint for Vestlandet.

Mykje av det skal ha kome til landet med småfly. Ingen er tiltalt for å ha hatt tilknyting med alt stoffet.

Forrige veke bad statsadvokaten om totalt 35,5 år i fengsel for dei tiltalte mennene i saka, skriv BT

– Dette er ein del av eit profesjonelt nettverk som innfører hasj frå Spania til Noreg. Etterforskinga har vore stor og omfattande. Det er tale om velsmurt organisert kriminalitet som må straffast strengt, sa statsadvokat Kristine Herrebrøden i sin avslutningsprosedyre.

 Politiet

FLYTRANSPORT: Politiet var på pletten då dette småflyet landa i Tønsberg i 2022. Det kom frå Danmark og var lasta med 222,6 kilo hasj. Foto: Politiet

 Politiet

SLO TIL: Hasjen frå flyet som blei lasta inn i ein varebil, før politiet slo til. Foto: Politiet

 Politiet

MERKA: Noko av hasjen var merka med gorilla-logo. Foto: Politiet

Fann masse hasj

På sauegården til Bjørn Dahl på Eikelandsosen, knappe 1,5 time køyring frå tinghuset i Bergen, fann politiet over 90 kg hasj. 

Nedgrave i fôrtønner, under stein og jord, på totalt sju ulike stader i terrenget.

– Funnstadene omkransar garden til Dahl som ei vifte, sa Herrebrøden.

Den 66 år gamle hasj-aktivisten er altså tiltalt for å ha erverva og oppbevart akkurat desse 94 kiloa. 

 Politiet

NEDGRAVD: Her er ein av plassane det blei funne hasj-tønner. Foto: Politiet

Ei slik tønne pleier å ha fôr i seg. Denne var det hasj i.

Ei slik tønne pleier å ha fôr i seg. Denne var det hasj i.

 Politet

Her er noko av hasjen som blei beslaglagd på gården til Bjørn Dahl. Den er merka med Nutella, som påleggsentusiastar veit er noko heilt anna. Foto: Politet

– Forjævlig

Påtalemakta meiner Dahl var mottakar av hasjen, hadde kontakten med namngjeven bakmann i Spania og at han rekrutterte ein av dei andre tiltalte nordmennene.

Dei meiner han fortener nesten sju år i fengsel.

– Heilt forjævlig, har Dahl sjølv sagt.

– Det har ikkje vore noko særleg kjekt, nei, seier han til TV 2 på veg inn til siste dag av den fleire veker lange rettssaka.

Han nektar straffskuld og kjennskap til at garden hans var eit stort hasjdepot.

 Jon Bolstad / TV 2
STÅR FRAM: Bonden Bjørn Dahl (66) har valt å stå fram sjølv om han er tiltalt. Foto: Jon Bolstad / TV 2

Stor fjellgard

Påtalemakta meiner altså likevel dei kan kople han til bakmann i Spania. 

Dei viser mellom anna til at Dahl reiste dit i april 2022. Eit bilete som er funne på telefonen til ein bakmann, viser Dahl med ryggen til, nedanfor ein restaurant.

Han visste ikkje at det blei tatt bilete.

Ein medtiltalt 47-åring frå Hardanger var med til Spania. Telefonavlytting viser at mannen ringde til ein person heime i Noreg og sa «No har vi noko på gang her».

– Dette var ikkje ei solreise til Spania, men ei jobbreise, kommenterte statsadvokaten.

Tilfelle og samantreff, har Dahl sagt i retten, ifølge BA

Hans hovudpoeng er at ein lærling han hadde på garden, frå Litauen, er kopla til dei andre tiltalte. Slik er også han kopla til saka, har han tidlegare sagt til NRK.

TV 2 har fulgt prosedyrane i rettssaka.

– Vi veit ikkje når hasjen kom til terrenget på garden. Det er ein gard på nærare 1000 mål i kupert vestlandsterreng, sa forsvarar Rune Tjomsland i sin prosedyre torsdag, der han bad retten frifinne Dahl.

På garden er det busett sju personar og det er også ofte besøk der, mellom anna i fleire campingvogner på eigedomen.

– Det er umogleg for Dahl å ha kontroll på kva som skjer på heile eigedomen, sa Tjomsland.

 Politiet
OVERVAKA: Her går Bjørn Dahl med ein sekk på gården sin medan politiet dreiv skjult etterforskning. I retten er det stor diskusjon om kva Dahl hadde i sekken då han gjekk til og frå ei campingvogn der ein person hadde kome på besøk. Foto: Politiet

Funn av blod

Eitt av hovudargumenta for at Dahl ha visst om hasjen på garden, er DNA-funn. I tønnene låg hasjen i posar.

Det er funne blod frå Dahl på 1 pose og epitel (i dette tilfelle hudceller) på 2 strips.

– Det viser fullt og heilt klart at Dahl var klar over hasjen som var graven ned på garden hans, argumenterte Herrebrøden.

– Viktigare enn at DNA er funne, er korleis det har hamna der, svara forsvararen hans i sin prosedyre.

 Jon Bolstad / TV 2
AKTOR: Statsadvokat Kristine Herrebrøden ba om lange straffar for alle dei fem tiltalte i hasj-saka. Foto: Jon Bolstad / TV 2

– Usannsynleg

Tjomsland argumenterte for at det er usannsynleg at Dahl skulle legge ein pose med blod oppi ei tønne, om fokuset på operasjonstryggleik i hasj-nettverket var så stor som påtalemakta elles har argumentert for i saka.

Forsvararen meiner litauarane, eventuelt i samarbeid med andre nordmenn, kan ha brukt garden som lager utan at Dahl visste det.

Han viste til chatmeldingar der ein namngjeven bakmann i Spania skriv «vi kan finne et sted neste gang, bra også når det gjelder purker, kom nok aldri til å finne».

Ein annan mann, som påtalemakta meiner er ein tiltalt litauar i 30-åra, skriv: «I need to find place where to put, I can't put in forest, it's winter. I need find place or another customer».

 Jon Bolstad / TV 2
FORSVAR: Rune Håkon Tjomsland (t.h) er Bjørn Dahl sin forsvarar i saka. Foto: Jon Bolstad / TV 2

Kjempar for legalisering

Dahl er ikkje heilt ukjent for politiet frå før. 

Han har tidlegare sona totalt 15 år i fengsel. I 2014 vart han teken med 57,8 kilo hasj.

– Har det skjedd før, kan det skje igjen, kommenterte statsadvokat Herrebrøden.

Då Dahl slapp ut frå varetekt etter politiaksjonen på garden hans hausten 2022, ringde han rett til Bergens Tidende og fortalde kva som hadde skjedd. «Like greitt at folk får vite det», sa han. Også då nekta han kjennskap til tønne-hasjen.

Han vekte også oppsikt i 2017, da han under valkampen fyrte opp ein joint  midt på Karl Johan i Oslo. Då ville han på Stortinget for Samfunnspartiet og kjempe for legalisering av cannabis.

Det han røykte, hadde han lovleg fått importert til Norge. Til medisinsk bruk.

– Cannabisaktivisme og organisert kriminalitet er to heilt forskjellige ting. Det eg har kjempa for er legalisering. Eg vil ha cannabis vekk frå dei kriminelle miljøa og få det inn i ordna forhold, sa Dahl då han forklarte seg for retten i oktober.

Kritiserte bevisbildet

Dom er ikkje venta før utpå nyåret. 

Påstandane for dei andre tiltalte var slik, ifølge BT:

6 år og 10 månader for litauar (35). Han nektar straffskuld. Tiltalt for å ha innført til saman over 500 kg hasj til Noreg.

8 år og 11 månader for mann (47) som bur i Midthordland. Tiltalt for å ha erverva og oppbevart til saman minst 307 kg hasj. Han nektar straffskuld og forsvarar Nils Christian Nordhus bad om frifinning. 

Han kritiserte også bevisbildet som er lagt til grunn for deler av tiltalen. Han meiner berre «ni prosent av kryptert chat har vore lesbart for politiet».

– Berre ni av 100 puslespelbitar. Då skal du ikkje pusle mange bitar til, før du puslar fram ein katt istadenfor ein hund, sa Nordhus retorisk.

6 år og 10 månader for rogalending (67). Erkjent delvis straffskuld, ifølge NRK. Tiltalt for å ha erverva og oppbevart til saman minst 230 kg hasj.

6 år og fire månader for 43 år gamal litauar. Han har erkjent delvis straffskuld, ifølge NRK. Tiltalt for å ha overlevert 222,6 kg hasj til to personar i Danmark som flaug det til Tønsberg. Flyet skulle eigentleg til Voss, men måtte lande ein anna plass grunna dårleg vêr. I Tønsberg stod den medtiltalte litauaren (35) og tok i mot, ifølge politiet.

Read Entire Article