For nokre dagar sidan måtte ho innsjå at hennar favoritt Kamala Harris tapte presidentvalet.
No kan ho få full revansj i utdelinga av verdas mest høgthengande musikkpris.
Superstjerna Beyonce dominerer lista lista over talet på Grammy-nominasjonar. Albumet «Cowboy Carter» er blant anna nominert til årets album.
Ho fekk fire fleire nominasjonar enn dei neste artistane på lista. Billie Eilish, Charli XCX, Kendrick Lamar og Post Malone fekk alle sju nominasjonar kvar.
Med 11 nominasjonar sette ho også ny rekord for ein kvinneleg artist i USA.
Ho har tidlegare delt rekorden på 10 nominasjonar med Lauryn Hill.
Publisert 08.11.2024, kl. 17.53 Oppdatert 08.11.2024, kl. 17.56