Ruud tapte semifinalen klart – spelte inn 12 millionar
Casper Ruud fekk det tøft i semifinalen i ATP-sluttspelet mot italienske Jannik Sinner.
Verdseinaren vann første settet heile 6–1.
I det andre og siste vann Sinner 6–2.
– Dette var ein maktdemontrasjon. No er det berre å kome seg heim og trene, sa TV 2-kommentator Christian Paasche.
Sinner, som har vore verdas beste tennisspelar denne sesongen, møter amerikanske Taylor Fritz i finalen søndag.
Casper Ruud kan trøyste seg at han har spelt inn over 12 millionar kroner i premiepengar i ATP-sluttspelet denne veka.
Ruud, som har hatt ein varierande sesong, slo Carlos Alcaraz i den første kampen i gruppespelet.