Golberg svarer på Northug-utspel: – Parodi og katastrofe

1 week ago 9



Det hadde vore parodi og katastrofe, seier Golberg til NRK om tankane som har blitt lufta i norske medium den siste tida.

Det starta med eit utspel frå Petter Northug sjølv:

– Eg burde gå den lagsprinten i VM. Det kan du sitere meg på. I dag er Erik Valnes nummer éin og eg nummer to for å gå lagsprint med Klæbo i VM, men ting kan skje. Det er sånn i boka mi, sa 38-åringen i eit VG-intervju 16. august.

– Eg hadde ikkje klart å sette Klæbo i ein dårleg situasjon, spesielt viss du tenker på det eg gjorde i NM del to. Viss eg hadde fått beskjed om at eg skulle gå den første etappen, så skulle eg faen meg ha laga eit sirkus ein siste gong i Granåsen, la han til med eit smil.

«Gi gåva som Northug fortener»

Petter Northug har 13 VM-gull på merittlista frå før. Men om han kjem til start under VM i Granåsen i februar neste år, vil det vere ti år etter at han vann sitt hittil siste VM-gull, femmila i Falun i 2015. Sist han var i aksjon i ein meisterskap, var VM-femmila i Lahti 5. mars 2017.

Harald Thingnes og Petter Northug

SKAPER MERKSEMD: Næraste mikrofon er sjeldan langt unna når Petter Northug drar på seg startnummer.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Etter nokre turbulente års fråvær frå sporten, starta Northug ei satsing mot langløp for to år sidan.

Nå har han altså bestemt seg for òg å gjere eit siste krumspring i tradisjonelt langrenn, og stiller til start i den nasjonale sesongopninga på Beitostølen i håp om at det kan vere første steg på vegen mot eit VM på heimebane.

Allereie i februar tok Northugs gode venn, tidlegare TV2-journalist Ernst A. Lersveen, i ein kommentar i Nettavisen til orde for at Northug burde få friplass på VM-femmila.

«Derfor, Nossum og dykk andre som bestemmer uttak: Tør de ta sjansen? Gi gåva som Northug fortener!», skreiv han.

Sundby: – Ein fantastisk idé

Etter Northugs eige utspel i august, gjekk Martin Johnsrud Sundby ut i VG og sa at han trudde det «hadde skapt eit veldig engasjement, sirkus og merksemd for langrenn om Northug allereie no blei tatt ut til å gå lagsprinten i VM saman med Klæbo».

– Så det er mange gode grunnar til at det er ein fantastisk idé, bortsett frå dei andre løparane som vil kvalifisere seg til den etappen. Dessverre er det fem-seks andre som går fortare enn Petter på papiret, dei vil føle at dei ikkje blir tatt på alvor, sa Sundby i intervjuet.

Petter Northug og Martin Johnsrud Sundby

TIDLEGARE RIVALAR: Martin Johnsrud Sundby fekk sjølv sole seg i glansen av merksemda Petter Northug tiltrekte seg som langrennsløpar gjennom over ti år i verdseliten.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Det er tankane om at Petter Northug burde få ein snarveg til VM, enten det er på femmila eller lagsprinten, som får Pål Golberg til å bruke ord som «parodi og katastrofe».

Han er heilt tydeleg på at Northug må kvalifisere seg på same måte som alle andre.

Eg håpar jo inderleg at Petter går så fort at han går seg inn i ein diskusjon, men det begynner å bli nokre år sidan 2015. Men han er velkommen til å bli med på hardøkter i Oslo. Eg sender invitasjon, seier Golberg til NRK etter å ha sprunge inn til tredjeplass på 10 km under Norgesløpet på Jessheim laurdag.

Når NRK konfronterer Northug med orda Golberg vel, svarar han:

«Same som han under VM i Val di Fiemme. Berre enda verre da.»

Han sikter til VM-lagsprinten i 2013, då Northug og Golberg gjekk på Noregs lag – og Golberg kollapsa.

Pål Golberg og Petter Northug i Drammen 2017

I KØ FOR VM-LAGSPRINTEN: I 2017 var Petter Northug god nok til å springe frå Pål Golberg i diagonal. Spørsmålet er om han framleis er det.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Mange folk uansett

Golberg deler Northugs synspunkt om at Erik Valnes per nå er den som på papiret ligg best an til å få gå lagsprinten med Johannes Høsflot Klæbo i Granåsen, men har ikkje Northug som det neste namnet på lista.

I staden peikar han på seg sjølv og Harald Østberg Amundsen som dei neste kandidatane. Kanskje ikkje så rart, tatt i betraktning at nettopp Pål Golberg var den som gjekk saman med Klæbo da Noreg vann eit suverent gull på lagsprinten sist det var VM, i Planica i 2023.

Golberg er ikkje ueinig i Sundbys argument om at det ville skapt engasjement og sirkus med Northug til start, men seier:

Eg trur det kjem mange folk til VM uansett.

I VG-intervjuet bruker Martin Johnsrud Sundby dalande interesse og mangel på profilar i langrenn som eit argument for å gjere vegen tilbake til VM-løypene lettare for Northug.

– I gamle dagar var det bra nok med «Gutta på tur», no manglar vi dei utøvarane som seier noko så vi set kaffien i halsen. Vi har folk som har vunne «hundre verdscuprenn» som likevel går under radaren, sa Sundby.

Bekymra for sponsorflukt

Golberg, som sjølv har 52 pallplassar i verdscupen, meiner at dagens toppløpar byr nok på seg sjølv.

Men det er klart, det er knallhard konkurranse. Vi har nordmenn som er verdas beste i dei største idrettane i verda. Det var definitivt ikkje tilfellet når Marit Bjørgen og Bjørn Dæhlie heldt på i si tid, påpeikar han.

Pål Golberg er likevel bekymra for fallande interesse, og ikkje minst sponsorflukt. I fjor mista langrennslandslaget sin store avtale med Norengros. Etter VM takkar Sparebank 1 og Equinor for seg.

Men å gi Petter Northug gratisbillett til VM-deltaking, er ikkje ei løysing femmilsverdsmeisteren frå Planica trur på.

Det avviser også landslagssjefen at vil hende.

– Vi kjem ikkje til å ta ut Petter Northug på førehand til VM. Våre tradisjonelle «sesonginformasjonar» vil vere klare og godkjende som vanleg i midten av oktober. Der vil kriterium for uttak til verdscup og VM framgå. Det er i aller fyrste rekkje resultat i verdscupen som kvalifiserer for VM, seier Ulf Morten Aune til NRK.

Publisert 30.09.2024, kl. 06.55

Read Entire Article