I ei oppsiktsvekkjande rettssak i Oslo tingrett blir det denne veka lagt fram dokumentasjon på at to jentebabyar blei forbytte på ei fødestove på Sunnmøre i 1965.
Det store spørsmålet er kvifor både kommunen og staten bestemte seg for å legge lokk på saka.
Det førte til at det gjekk over 50 år før dei to mødrene og dei to babyane fekk vite om kva som hadde skjedd.
– Det var ein alvorleg feil som fekk katastrofale følgjer, spesielt for dei to jentene som blei levert til framande familiar, sa Kristine Aarre Hånes i sitt innleiingsforedrag i retten måndag.
I rettssal 818 sit ei av dei biologiske mødrene no saman med den tidlegare ukjende, biologiske dottera si. På benken framfor sit dottera som vaks opp i heimen, men eigentleg ikkje høyrde til familien.
Alle tre skal forklare seg i retten seinare i veka.
Undersøkte om barna likna på foreldra
Det var ingen som ante at noko gale hadde skjedd før i 1983.
Då viste ei overraskande blodprøve av ei av mødrene at ho ikkje kunne vere mora til barnet ho hadde heime.
Men det var lite hjelp å få frå kommunen der forbytinga hadde skjedd.
I skjul bestemte kommunen og staten seg for å setje i gang ei omfattande, hemmeleg kartlegging. Den retta seg mot dei seks babyane som kom til verda på fødestova i februar 1965.
Det blei mellom anna dokumentert om dei likna på familiane dei budde hos og om det var sannsynleg at dei kunne vere forbytt.
Målet var å finne ut kven som kunne vere forbytta.
Konklusjonen blir at to jenter som var fødde med fire timars mellomrom på 14. og 15. februar, har blitt sendt heim med feil familiar.
Mora som har stilt spørsmål blir bedt om å halde stilt. Dermed får ingen av dei andre involverte vite.
– Ikkje kjende med at det finst dokument
Så går det nesten 40 år.
Det er berre tilfeldigheiter som til slutt avslører den store hemmelegheita. I 2021 oppdagar ein av dei forbytta babyane at ho har fleire ukjende slektningar. Ho har no blitt vaksen og får treff på nettstaden My Heritage.
Men heller ikkje no vil kommunen seie noko om saka. I eit brev signert kommuneoverlegen avviser kommunen saka:
«Vi er ikkje kjende med at det finst dokument frå 90-talet eller at det finst saker som omhandlar forbyting av babyar, så vi famlar altså litt i «blinde». Eg er redd eg ikkje kan hjelpe deg vidare no».
Først etter omfattande korrespondanse vedgjekk staten og kommunen at det hadde skjedd ei forbytting, og at dei var kjende med dette.
Krev inntil 20 millionar
No går ei av mødrene og begge dei forbytta borna til rettssak mot staten og kommunen. Dei krev inntil 20 millionar kroner i erstatning for feilen som har skjedd:
- sjølve forbytinga av babyane i 1965
- avgjerda på 80-talet om å ikkje fortelje familiane om det som hadde skjedd
Dei tre kvinnene vil ha erstatning og oppreising for brot på menneskerettane, for tapt barndom og familieliv. Og dei vil at staten og kommunen skal vedgå at dei har gjort noko gale.
– Vanskelege vurderingar
Verken kommunen eller staten vil ta ansvar i saka.
Advokatane meiner det ikkje er mogleg å bevise kven som forveksla babyane, at sakene uansett er forelda, og at ingen har krav på erstatning.
Advokat Asgeir Nygård hos Regjeringsadvokaten og kommunen sin advokat, Reidar Andresen, ønskjer ikkje å kommentere saka no.
Publisert 11.11.2024, kl. 15.17