At mobilen har blitt ein slags digital forlenginga av armen, er det liten tvil om.
I Noreg har litt over 3,7 millionar personar førarkort.
Av desse har 2,7 millionar lasta ned det digitale førarkortet på mobilen.






Er du ikkje logga inn på det digitale førarkortet, må du gjere det medan politibetjenten står og ventar.
Lars Tore EndresenBilist Linda Sneve er ein av mange som blir litt stressa når politiet skal inspisere det digitale førarkortet.
– Når politiet står framfor deg og du skal vise fram førarkortet, og du må inn og finne appen, registrere og trykke ... du prøver å forte deg litt. Det er ei litt merkeleg kjensle.
Innloggingsproblem skaper kø
Appen for digitalt førarkort krev at du loggar inn med BankID minst éin gong i året. Det er det mange som gløymer.
App-trøbbelet forseinkar arbeidet til politiet og skaper kø, samtidig som det fører til unødvendig frustrasjon for sjåføren som sit bak rattet.
– Står du i køen for å bli vinka inn, er det eit kjempegodt tips å starte innloggingsprosessen med éin gong, seier avsnittsleiar Adrian Hegge i UP.
Det er alltid nokon som strevar med innlogginga, ifølge Hegge.
Adrian Hegge
Avsnittsleiar i Utrykningspolitiet
Kva vil du helst vise fram om du blir stoppa i kontroll?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Digitalt førarkort blir standard
Mobilen blir berre viktigare.
I 2031 innfører nemleg EU det digitale førarkortet som hovudløysing.
Og det fysiske plastkortet blir da berre ei valfri tilleggsteneste. Dermed er det ekstra viktig å ha dei digitale rutinane på plass.
Å gløyme innlogginga er fort gjort.
Sjølv for assisterande sjef i Utrykkingspolitiet, Roar Skjelbred Larsen, har teknologien svikta.
– Mi oppfordring er rett og slett å sjekke at førarkortet er ope og logga inn før du byrjar å køyre, oppfordrar assisterande sjef i Utrykkingspolitiet, Roar Skjelbred Larsen.
Foto: Veslemøy Prøis / NRK– Eg har jo erfart det sjølv. Eg har hatt med det fysiske, så skal eg teste det digitale. Så var ikkje det logga inn, og da tar det litt tid.
Dagfinn stoler på mobilen
Du skal få eit varsel på telefonen nokre dagar før du blir logga ut av appen.
Vegvesenet oppfordrar alle som får dette varselet til å logge inn på nytt med ein gong.






Innlogging på det digitale førarkortet kan ta tid
Lars Tore EndresenOg nokon har ikkje med seg plastkortet, slik som Dagfinn Solend. Han stoler fullt og heilt på mobilen. På spørsmål om kva han gjer dersom den digitale løysinga sviktar, har han ei reserveløysing klar:
Det gjekk raskt å logge seg inn i dag for Dagfinn Solend. Han har testa innlogging før, og da tok det lengre tid.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK– Eg har alltid legitimasjon i bilen, så eg håpar politiet berre slår meg opp i systemet da. Så eg trur det går bra, seier Solend.
Publisert 07.07.2026, kl. 21.28












English (US)