Daud og tørrskadd lyng fleire stader i landet – største omfanget på tolv år

2 hours ago 2



Det er vanleg at lyngen blir brun gjennom vinteren, men til våren skal han byrje å få grønfargen att.

I år er det derimot store lynghei-område langs heile kysten der røsslyngen er tørkeskadd, eller heilt daud.

Dette kan få konsekvensar.

– Berre ein dag med litt god vind, lav fukt og sol kan gjere at lyngen blir så tørr at han kan ta fyr, seier branningeniør i Øygarden brannvesen, Jan Gaute Fjeldstad Haug.

  • Visne lyngplanter og mose i et landskap preget av tørre, brune farger.

    Lyngen på Fedje i Vestland har fått ein sølvgrå farge

    Foto: Åge Algerøy / NRK
  • Nærbilde av tørr, brun lyng og enkelte grønne gresstrå i et åpent landskap.

    Større område med tørr lyng på Giske i Møre og Romsdal

    Foto: Jakob Nikolai Andersen Hustad
  • Biletet viser eit område med grønt grad, og ein vissen lyngplante i midten.

    På Vega i Nordland er det ein del tørkeskadar, men det er ikkje like omfattande som på vestlandet.

    Foto: Jeanette Tennebekk
  • Skråning med tørr lyng og mose i et landskap med blå himmel i bakgrunnen.

    Det er tydeleg at det ikkje er liv i denne lyngen på Averøy

    Foto: Liv Guri Velle
  • Tørkede lyngplanter veks ved sidan av grå steinar i et terreng med noko grønt gras.

    Tørrskadd lyng på Vidden i Bergen

    Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRK
  • Biletet viser eit terreng med lyng, steinar og spreidde grøne plantar i eit fjellområde.

    I Bokn i Rogaland er det òg mykje tørkeskadd lyng i år

    Foto: Edvar Kalstø
  • Tørre kvistar og visna lyng dekker skogbotnen, med enkelte gule blomar mellom

    I Øygarden i Vestland kan ein skimte grøn lyng mellom mykje tørrskadd lynghei

    Foto: Tormod Magnesen
  • Biletet viser daud, sølvfarga lyng

    Lyngen på Byrknesøy har fått ein sølvgrå farge, noko som tyder på at han er heilt daud.

    Foto: Hennie Lefdal

Kald vinter med lite nedbør

Tørkeskadane kjem frå ein vinter med mykje berrfrost og lite nedbør, med mykje sol i etterkant. Det gjer at vatnet frå blada fordampar, samstundes som at røtene ikkje får fukt frå den frosne bakken, forklarer Jeanette Tennebekk.

Ho er fagansvarleg for kystlynghei på Lyngsenteret på Lygra i Alver. Omfanget av skadd og daud lyng er det største på fleire år.

– Sist gong vi hadde ei liknande hending var i 2014. Då var det mest i Nord-Noreg, men i år er det meir utbreidd i sør, seier ho.

Ei kvinne med briller og mønstra genser sit på ein benk i eit skogsområde.

Fagansvarleg for kystlynghei på Lyngheisenteret, Jeanette Tennebekk, forklarer at det kan ta fleire år før lyngen blir grøn igjen.

Foto: Privat

For ein del av røsslyngen er det ikkje berre snakk om tørkeskadar – han har rett og slett døydd.

– Dersom lyngen er meir brunaktig, så kan det framleis vere liv i han. Det kan ein sjekke ved å knekke av ei grein og sjå om han er daud eller frisk inni. Men dersom lyngen er heilt sølvgrå, er han mest sannsynleg daud, seier Tennebekk.

Kan få konsekvensar for sauebønder

Sauer kan vanlegvis beite på lyng om vinteren, og då treng ikkje bøndene å bruke så mykje gras til å fôre dei.

Men dersom lyngen er tørkeskadd, må dei ta nye vurderingar.

– Dersom bøndene finn ut at dei ikkje har nok fôr i lyngheibeitene, må dei vurdere om dei skal drive med tilleggsfôring eller utvide beitearealet, slik at dyra som går der får nok mat, seier Tennebekk.

Tre verar med horn står i eit lynghei-landskap med ein blå himmel i bakgrunnen.

Villsauene til sauebonde Tormod Magnesen i Øygarden beitar på kystlynghei om vintrane.

Foto: Tormod Magnesen

Tormod Magnesen er sauebonde i Øygarden. Han fortel at han ikkje har opplevd så mykje tørkeskadd lyng som i år.

– På dei 25 åra eg har drive med villsau har eg aldri sett noko liknande. Eg kjem til å følgje med på beita mine. Det er heldigvis ikkje så kritisk, men det er nok mykje på grunn av at eg driv med førebyggjande brenning av lyng, forklarer han.

Ein mann i vernetøy står med ein lauvblåsar framfor ein kontrollert brenning i eit utmarksområde.

Sauebonde Tormod Magnesen brenner jamleg ned gamal lyng, slik at lyngen kan bli fornya.

Foto: Privat

Brannvesenet er førebudd

Jan Gaute Fjeldstad Haug i Øygarden brannvesen, fortel at den tørre lyngen gjer at dei førebur seg ekstra godt i år.

– Vi ser at når lyngen er så tørr, så blir han meir brennbar og farleg. Då følgjer vi ekstra godt med på vêrmeldingar, og testar lyngen jamleg for å ha oversikt, seier han.

For dei som bur i område med mykje lynghei, har han eitt råd:

– Det kan vere lurt å rydde rundt huset, og passe på at du ikkje har brennbar utmark heilt opp til husveggen. Viss du får rydda opp lyngen frå husveggen, så hjelper det veldig dersom det kjem ein utmarksbrann.

Tørre kvistar og grøn vegetasjon med ein lilla blome i ein skogbotn med steinar.

På Arboretet i Bergen har heller ikkje røsslyngen fått grønfargen sin endå.

Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

Fryktar for honningsesongen

Det er ikkje berre sauene som beitar på lyngen.

Leiar for Hordaland birøktarlag, Vegard Helland, er bekymra for korleis den tørrskadde lyngen kan påverke birøktarane i år.

– For honningsesongen kan dette påverke negativt. Det vil nok ha ein dramatisk innverknad på kor mykje honning vi får inn, seier han.

Han forklarer at når biene skal ut på lyngtrekk i juli månad, vil det ikkje vere så mykje lyng for biene å sanke nektar frå. Det kan òg kan få konsekvensar for vinteren.

Tusenvis av bier svermar. Birøktar Vegard Helland kjem folk til unnsetning.

Leiar for Hordaland birøktarlag, Vegard Helland, er spent på honningsesongen til fleire av kubane sine denne sommaren.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

– Dette kan svekke bisamfunna ved at dei ikkje får bygd så sterke vinterbier. Dei kan gjerne leve eit stykke inn i vinteren, men når dei skal byrje å byggje opp samfunnet igjen, så stryk dei med.

Han legg til:

– Det blir spanande å sjå kva biene klarer å sanke inn frå det vesle som er igjen, og kor mykje det gir. Men i utgangspunktet er vi veldig bekymra.

Publisert 07.07.2026, kl. 21.57

Read Entire Article