Gjenvinn fritidsbåtar med milliontap: – Me har kniven på strupen

4 days ago 4



– No er det sånn at me taper på kvar einaste båt me behandlar, seier dagleg leiar av mottaksanlegget Ecofiber Recycling, Odd Egil Kvelland.

Firmaet hans hentar og gjenvinn kasserte båtar rundt Stavanger, eller som folk leverer til kontoret deira.

I sommar skreiv NRK om fritidsbåtane i landet som ligg til forfall.

Gjennom statlege midlar kan Ecofiber Recycling demontere båtvrak for så å gjenvinne fiberglaset og gje det nytt liv, og i tillegg selje diverse motordelar.

en mann med briller

No meiner Odd Egil Kvelland at bedrifta hans står med ein korsveg. Han trur ikkje dei kan halde fram om dei ikkje får meir hjelp frå staten.

Foto: NRK Rogaland / NRK

Dei er eit av 250 anlegg i Noreg som hentar båtvrak, men dei er eit av svært få som sanerer og gjenvinn vraka sjølv.

Mottaksanlegg får elleve kroner per kilo for båtar dei tek i mot og gjenvinn, opp til båtar på meir enn tre tonn. Etter det må eigar sjølv betale for overvekta.

båter på bakken

Her ligg restane frå gamle fritidsbåtar før det blir resirkulert og får nytt liv.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

Dei elleve kronene har ikkje blitt prisjustert sidan 2017, sjølv om bransjen estimerer at drifta deira har blitt 35 prosent dyrare i denne perioden.

Over 80.000 båtvrak

Ifølgje Kongeleg Norsk Båtforbund (KNBF) har me rundt ein million fritidsbåtar i Noreg. Men sidan me ikkje har eit småbåtregister, er det vanskeleg å seie nøyaktig.

Tilskotsordninga «Vrakpant – tilskot til innlevering av kasserte fritidsbåtar» har lagt til rette for at drygt 80.000 båtvrak rundt om i landet har blitt rydda og behandla frå 2017–2024.

I 2016 argumenterte den første stortingskandidaten i MDG, Rasmus Hansson, for ei vrakpantordning for fritidsbåtar.

Rasmus Hansson MDG

MDG-veteranen Rasmus Hansson har lenge vore engasjert i problematikken rundt kasserte båtar og mikroplast.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen

At Noreg har ei vrakpantordning som hentar forlatne båtar, eller som folk kan levere båtane sine til, ser han på som eit viktig steg.

Likevel har politikaren klare meiningar rundt eit anna aspekt i problematikken. Eit lovpålagt register for fritidsbåtar under 15 meter.

– Det er uforståeleg sløvt at me ikkje innførte eit register for lengst. Det er lenge sidan det har falt nokon inn å dumpe bilen sin når den blei gammal. Likevel skjer det framleis med båtar som er like store og miljøgiftige, seier Hansson.

Klima- og miljøminister, Andreas Bjelland Eriksen, seier at regjeringa har ei registreringsordning til vurdering.

– Ein god del (rundt 400.000, journ.anm) har registrert båten sin hjå Redningsselskapet, men det er eit stort problem at ikkje alle er registrerte. Dette er viktig for oss å få på plass, og så må me i tillegg ha gode mottaksanlegg, seier han.

Nyleg var Bjelland Eriksen på besøk hjå Ecofiber Recycling etter at bransjen tok kontakt for å vekke merksemd rundt problemstillinga deira.

Aukar taksten med 1,40 kroner

Bjelland Eriksen ønskjer at regjeringa skal auke satsane til 12,40 kroner, og samstundes få på plass ei forskrift som sørgjer for ei årleg prisjustering.

– Om det ikkje var for denne mottaksordninga trur eg langt fleire kasserte fritidsbåtar hadde vore på avvegar. Det er ein viktig jobb dei gjer, seier ministeren.

en gruppe menn som står i et rom med en båt bak

Andreas Bjelland Eriksen får ei omvising i hallen til Ecofiber Recycling.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

– Me er glade for at det skjer noko, men me har det framleis tøft. Likevel satsar me på at dette er nok til å overleve fram til neste korsveg, legg Kvelland til.

Det var i 2017, då Høgre sat i regjering, at tilskotsordninga blei innført.

– Me innførte ordninga for at båtar ikkje skal rotne i naturen og spreie seg i økosystemet, seier avtroppande 2. nestleiar i Høgre, Tina Bru.

Tina Bru smiler til kameraet

Høgre-toppen Tina Bru meiner Ap deler ut valflesk i innspurten før valdagen. Samstundes er ho samd med ministeren i at mikroplast er eit alvorleg problem.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

– Denne ordninga er noko me innførte. Behovet er stort, og kostnadene har auka sidan den gong. Difor er det på tide å justere prisen.

Usikker framtid for bransjen

– I fjor gjekk me rundt ein million kroner i minus. Så me har kniven på strupen her, seier Kvelland.

Er dette tilskotet nok til å drifte vidare?

– Dette kan nok bidra til at me kan fortsetje drifta eit stykke fram i tid. No håpar me at ministeren følgjer opp det som har blitt sagt.

Publisert 11.09.2025, kl. 16.08

Read Entire Article