Giga-demningen som samlar Etiopia og splittar Afrika

2 hours ago 2



I Noreg er det lite ved namnet «Gerd» som minner om modernitet.

I Etiopia finn du knapt noko meir moderne enn GERD.

Grand Ethiopian Renaissance Dam er Etiopias splitter nye demning, eit prosjekt som får Noregs største vasskraftverk til å sjå små ut.

Satelittfoto av sjølve demninga

Demninga er enorm, også i global samanheng.

Foto: AFP

Fire gonger så stor som Noregs største

Etiopiarane har finansiert utbygginga sjølve, og «folkefinansiering» er eit ord som skaper stoltheit i eit land kor folk flest har delteke i eit spleiselag. Alt frå dei med svære lommebøker, til dei med bitte små.

Planen er at Afrikas største vasskraftverk på sikt skal komme opp i ein energiproduksjon på 6000 MW. Til samanlikning er Kvilldal i Suldal Noregs største vasskraftanlegg, med ein installert effekt på 1240 MW.

GERD kan åleine dekke straumbehovet for heile Stor-Oslo, og vel så det. Men i staden for å drifte varmekablar, elbilar, og stavmiksarar i Noreg, skal GERD bidra i motsett ende av forbrukarskalaen - blant dei som aldri har hatt straum i heimen.

Demninga er så stor at det har oppstått ein ny, svær innsjø i Etiopia. Den har fått namnet Nigat.

Sammenligning av to bilder

Før

Satelittfoto av området GERD-demninga er bygd - før bygginga

Etter

Området der GERD-demninga er bygd, etter bygginga

Stor energimangel i dagens Etiopia

Anlegget koplar millionar av menneske til straumnettet for første gong. Tanken er at Etiopias mange dieselaggregat kan leggast ut på billigsal. Matlaging kan skje utan farleg røyk. Skulebarn kan gjere lekser, også etter solnedgang.

Som dei gjorde med mobilnettet, kan Etiopia ta enorme skritt inn i framtida. Etiopia, og dei fleste andre afrikanske land, rakk aldri å bygge ut eit riksdekkande telefonnett før mobiltelefonen kom.

Fordelen med å henge litt etter i teknologiutviklinga er at ein kan hoppe over nokre ledd. I dag finn du knapt ein afrikanar utan mobiltelefon, mens dei færraste har eit forhold til fasttelefonen.

På same måte håper mange at det kan skapast nok fornybar energi til at flest mogleg afrikanarar kan hoppe rett til fornybar energi, utan å ta omvegen via fossile energikjelder.

Mange etioparar har møtt opp for opninga av demninga. Rundt hundre menneske står på ein tribune med plakatar, og bak dei er ein kjempestor plakat seier "Det er min demning".

Mange vanlege etiopiarar, både i og utanfor landet, har støtta prosjektet med pengar.

Foto: AP

Etiopias «månelanding»

Slikt er ekstra viktig om verda skal nå sine klimamål, samtidig som fleire skal få tilgang på energi.

Det er sjølvsagt enklare sagt enn gjort å få til ei slik utvikling. Men GERD er eit stort skritt i riktig retning.

Anlegget står for ei dobling av Etiopias noverande energiproduksjon. Prosjektet er eit slags etiopisk Mongstad – berre at denne «månelandinga» faktisk vart vellukka.

Den folkefinansierte demninga er bygd av etiopiarar, og har skapt etterlengta jobbar i byggeperioden. No skal den bidra til fleire jobbar gjennom vekst i næringslivet og fleire fabrikkar.

Også jordbruk skal styrkast. Vatn frå den svære innsjøen som er oppstått ved demninga skal få plantar og dyreliv til å vekse.

Fire menn kledde i uniform marsjerer med det etiopiske flagget under opninga av demninga

Stor stas og full fest då demninga offisielt vart opna førre veke.

Foto: AFP

Kan GERD samle eit splitta land?

Demninga er eit nasjonsbyggande prosjekt i eit land som stadig slit med interne konfliktar mellom landets mange regionar.

Statsminister og fredsprisvinnar, Abiy Ahmed, har i fleire år vore omstridd i sitt eige heimland på grunn av sine forsøk på å samle meir makt sentralt i landet.

Men i Etiopia er dei ulike regionane - og delstatsregjeringane der - som sprikande staur å rekne. Difor er det ekstra bra for Abiy at GERD mottek jubel frå nesten heile nasjonen.

Men sjølv om demninga sameinar etiopiarar, så splitter den afrikanarar.

Lengre nord i Nilens elveløp bur det sudanarar og egyptarar som er uroa for konsekvensane av oppdemminga av verdas største elv.

Egypt - heilt avhengige av Nilen

Spesielt Egypt er kritiske. Over 90 prosent av landets ferskvatn kjem frå Nilen. Eit satellittbilete av Afrikas på nattetid viser kor viktig Nilen er.

Eit satelittkart viser verda på nattestid, der ein ser tydeleg at det er mykje lys langs Nilen i Egypt

Eit satellittfoto frå Nasa, teken då det er natt i Afrika, viser to ting. At det er mykje mindre lys i Afrika enn Europa og Midtausten - og at det er masse lys frå alle dei som bur langs Nilen i Egypt.

Foto: NASA

Elva lyser opp fordi mesteparten av egyptarane bur langs den livsviktige elva.

Egypt fryktar at oppdemminga skal føre til mindre vatn i elva, både på grunn av meir vassbruk til jordbruk i Etiopia, men også på grunn av fordamping av vatn som no samlar seg i den nye innsjøen som har dukka opp ved demninga i Etiopia.

Også er det ikkje slik at Etiopia og Egypt alltid har vore einige på den internasjonale arenaen, og skulle dei hamne i ein konflikt i framtida kan Etiopia no ha eit kraftig overtak. For dei kan halde tilbake vatn, som Egypt er heilt avhengig av.

Då demninga opna førre veke lova Etiopias leiar, Abiy Ahmed, at nabolanda skulle få tilgang på sin rettmessige del av vatnet, og at Egypt ikkje har noko å frykte. Men dei mange lovnadane frå Etiopia har så langt ikkje roa ned egyptarane.

Mellom dei to landa ligg Sudan, eit land som er i full oppløysing. Den sjølvutnevnte regjeringa i Sudan står saman med Egypt, også i denne saka.

Etiopia avviser det meste av kritikk. Tvert imot påstår etiopiarane at demninga kan vere til hjelp for nabolanda.

Til dømes meiner Etiopia at dei kan hjelpe Sudan med å regulere vasstanden i Nilen, og dermed unngå ein reprise på overfløymingar som har ramma hovudstaden Khartoum fleire gonger.

Abiy Ahmed taler under opninga av GERD-demninga

Abiy Ahmed talte under opninga av GERD i førre veke. Han lova Egypt og Sudan at dei har ingenting å frykte.

Foto: AFP

Trump blandar seg stadig inn

USAs president, Donald Trump, har fleire gonger snakka om demninga - og konflikten mellom landa langs Nilen.

Tilbake i 2020 klaga han på at Etiopias statsminister fekk Nobelprisen for å ha inngått ein avtale med Eritrea.

På eit valmøte i Ohio sa Trump at han «redda eit land» og fiksa ein avtale, og at han nettopp hadde høyrd at statsleiaren i det landet fekk Nobelprisen for å redde landet.

«Men du veit, det er slik det er. Så lenge me veit, så er det alt som betyr noko. Eg redda dei frå ein stor krig. Eg redda eit par av dei», sa Trump, og gav uttrykk for at han ikkje fekk den æra han fortente.

Seinare har ein avtale mellom Etiopia og Egypt blitt trekt fram når Trump og hans støttespelarar har snakka om Nobelprisen.

Men nokon slik avtale finst ikkje, og den diplomatiske spliden mellom landa eksisterer framleis.

Spreng demningen

I Etiopia sit dei med eit heilt anna inntrykk, og mange meiner Trump har stått for det motsette av å forhandle fred.

Spesielt mykje merksemd fekk det at Trump i sin første presidentperiode nemnde at han hadde sagt til Egypt at dei måtte sprenge demninga.

«Det er ein veldig farleg situasjon, for Egypt kjem ikkje til å klare å leve på den måten. Dei ender opp med å sprenge demninga. Og eg sa det til dei, høgt og klart: Spreng den dammen. Dei er nøydde til å gjere noko»

Nyleg skreiv også Trump på Truth Social at USA har vore «dumme nok» til å finansiere bygginga av demninga, noko som blir tolka til at han skuldar andre amerikanske presidentar for å ha løyvd pengar til prosjektet.

Men i Etiopia blir denne meldinga på «Truth Social» kalla for blank løgn. Der er regjeringa veldig opptekne av å få fram at Etiopia har stått for finansieringa sjølve.

arbeidarar bygger demninga

Bygginga av demninga har teke 14 år, og er stort sett gjort av etiopiarar.

Foto: Reuters

Vil bli eksportør av energi

Men det er ikkje berre krangel og bråk å spore. Sett bort frå Sudan og Egypt, så er det mest optimisme å spore i regionen. Kenya, Somalia og Sør-Sudan var alle representerte med sine presidentar då dammen vart opna.

I Etiopia planlegg dei å gjere som Noreg – eksportere straum til kontinentet. Gigantprosjektet GERD kan difor skape ringverknader langt utover Etiopia.

Og skulle dei tre naboane Etiopia, Sudan og Egypt, klare å finne saman - så kan kanskje GERD bli nyttig også for skeptiske naboar som gjennom 14 år har vore kritiske til Etiopias energiske ambisjonar.

Publisert 17.09.2025, kl. 17.14

Read Entire Article