Giftige algar kan skape trøbbel

2 days ago 6



Rekordår for blåskjell, men:

Om du er glad i blåskjel, har forskarane ein god og ein dårleg nyheit til deg.

 Anders Marius Knudsen
KAN BLI TRØBBEL: Klimaendringar har innverknad på framveksten av giftige algar som takast opp i blåskjela. Særleg ein giftig alge kan skape meir trøbbel i framtida. Foto: Anders Marius Knudsen

Publisert 24.07.2025 13:38 Sist oppdatert 1 time siden

Det er meldt om rekordår for blåskjel langs norskekysten. Naturleg nok godt nytt for alle dei som er glad i havretten.

Men år for år stig temperaturane og det blir meir nedbør. Klimaendrane har stor innverknad på livet i havet og dermed også på maten vi et.

Er du blant dei som er glad i ein god porsjon med blåskjel, har forskarane ein god og ein dårleg nyheit til deg. 

Kan skape trøbbel

Et du skjel henta frå norskekysten, er det særleg to giftige algetypar som kan skape trøbbel. 

Den eine, dinophysis acuta, kan gi alvorleg magetrøbbel og diare. 

Den andre, alexandrium tamarense, er ein nervegift som kan føre til lammingar. 

 Havforskningsinstituttet / NTB
KAN VERE GIFTIG: Det er viktig å vere merksam om ein skal ut og plukke blåskjel. Dei kan vere giftige. Foto: Havforskningsinstituttet / NTB

No har forskarar ved Nansensenteret laga ein modell som skal finne ut korleis framtidige endringar i havtemperatur og saltinnhald kan påverke oppblomstringa av dei to mest skadelege algeartane langs norskekysten.

Prognosen er urovekkande. 

– Høge temperaturar gir betre vekstforhold for diaréframkallande algar. Med auka temperaturar kan ein forvente meir og hyppigare blomstring enn i dag, seier Lasse Pettersson, forskar ved Nansensenteret. 

Nedbør påverkar

Noko positivt er det derimot å skimte. Algen som kan gi alvorlege lammingar trivst best i salt vatn. Med meir nedbør, blir det også mindre saltinnhald i sjøen. 

 Nansensenteret
FORSKAR: Lasse Pettersson er seniorforskar ved Nansensenteret og har forska lenge på giftige algetypar i havet. Foto: Nansensenteret

– Førekomsten av desse algene er dermed venta å bli redusert, seier Pettersson. 

Sett på spissen: Om du plukkar og et blåskjel på feil tidspunkt, vil det bli større fare for at du blir sittande på do, men mindre fare for å bli lam

 Vidar Ruud / NTB
FØLG MED: Mattilsynet tar jamleg prøvar for å sikre at blåskjela er trygge å ete. Foto: Vidar Ruud / NTB

– Desse algene har vore her heile tida, i større og mindre grad i ulike områder til ulike tider. Det nye er at vi kan forvente korleis dei ulike algene blir påverka av klimaendringane. 

På Mattilsynet sine heimesider kan du sjølv sjekke om blåskjela er trygge å ete i ditt område. 

Oversikta blir oppdatert kvar fredag og akkurat no skal det altså vera trygt å forsyna seg.

– Det er altså så mykje skjell som vi aldri har sett før, sa marinbiolog Tore Strohmeier ved Havforskningsinstituttet til NTB tidlegare denne veka.

Nytt verktøy 

Med bakgrunn i desse funna, jobbar Nansensenteret no med å utvikle ein modell dei håpar vil gjere blåskjelvarslinga meir føreseieleg. 

– All mat vi et er regulert av eit strengt regelverk. Det blir teke prøvar jamleg for å overvake om skjella er trygge å ete. Vi håpar å lage ein modell som kan gjere denne varslinga meir føreseieleg, seier Pettersson. 

Ved hjelp av klimatiske data, mattilsynet sine prøvar og kunstig intelligens, er målet å kunne føresjå risiko for framvekst av giftige algar. 

Slik kan oppdrettarane lettare planlegge for når det er tid for å hauste og når det er best å vente. 

– Det kan hjelpe næringa å planlegge betre, og kanskje unngå å bli fanga av ei algeoppblomstring. Det vil framleis vere viktig å utføre faktiske målingar, seier Pettersson.

Read Entire Article