– Ho fekk blodtrykksfall, kasta opp og kulen stoppa ikkje å blø, fortel Eva Nielsen.
For nokre dagar sidan blei hennar 100 år gamle mor send frå sjukeheimen der ho bur til sjukehuset i Orkdal.
Der fortalde dei tilsette at dei ikkje hadde riktig kompetanse til å operere bort kulen over mora sitt auge. Dei ønskte heller å sende ho vidare til St. Olavs hospital i Trondheim for operasjon.
– Der hadde dei ikkje kapasitet og vi forstod at ho ikkje ville bli prioritert.
Det meiner Nielsen skyldast mora sin høge alder.
– Det var vel ingen lege som sa det direkte, men vi var einige om at ein 20-åring ikkje ville ha blitt sendt heim med ein blødande kul i panna.
Sjukehuset sjølv meiner det ikkje var alder som var grunnen til at Gerd ikkje blei operert.
– På generelt grunnlag har ikkje alder nokon betydning, seier fagdirektør ved St. Olav Birger Henning Endreseth.
Les heile sjukehuset sitt svaret nederst i saka.
Klarte ikkje stoppe blødinga
– Etter fem timar med venting, utan mat og stell blei ho sendt heim igjen med ambulanse. No ligg ho i senga og har det ikkje bra, fortel Nielsen om mora.
I Trondheim fekk Gerd time for å operere bort kulen først i starten av juni.
Nielsen fortel at mora blei tatt godt i mot på sjukehuset i Orkdal. Likevel klarte ikkje helsepersonellet der å stoppe blødinga frå kulen.
– På sjukehuset i Orkdal blei dei eigentleg litt skaka, fortel Nielsen om at mora ikkje blei sendt vidare.
Dagen etter tok sjukeheimen kontakt med mora sin fastlege som også ringde til St. Olav.
– Dei har ringt og klaga og sagt at dette kan ikkje vente. Dama er jo plaga.
Etter fastlegen ringde, framskunda sjukehuset operasjonen ein månad til starten av mai i staden, fortel Nielsen.
Eva Nielsen fortel at situasjonen har vore frustrerande.
– Ho har betalt sin del av skattepengane
– Eg kjenner meg oppgitt. I går var vi sinte, frustrerte og provoseret, fortel Nielsen.
Mora, som lid av demens, skjønner ikkje sjølv at ho ikkje må klø på kulen.
– Det såg ikkje ut i senga hennar om morgonen. Det er blod på lakenet og dei har vaska, for det renn nedover kinnene og set seg i håret.
– Ho er heilt utsliten etter i går.
Mora jobba i same jobb i Trondheim kommune frå ho var 16 til 62 år gammal. For lang og tro teneste fekk ho kongens fortenestemedalje.
– Også blir ho behandla slik. Når ho no verkeleg treng hjelp så får ho det ikkje, seier Nielsen oppgitt.
– Ho har betalt sin del av skattepengane, tenker eg.
Gerd fekk kongens fortenestemedalje for lang og tro teneste i Trondheim kommune. Her saman med tidlegare ordførar i Trondheim, Marvin Wiseth
Foto: Publikumsinnsending– Alder har ikkje nokon betydning
Fagdirektør ved St. Olavs hospital, Birger Henning Endreseth, skjønner at situasjonen er vanskeleg for dei pårørande.
– Eg skjønner at pårørande stiller spørsmål ved handteringa av pasienten sidan ho blei innlagd som ein akuttpasient, seier Endreseth.
Han seier dei i tilfellet med Gerd gjorde ein heilskapleg medisinsk vurdering av kva behandling som var hensiktsmessig.
– Her er det snakk om ei veldig gammal dame med tilleggssjukdommar og ein lesjon som vi vurderte der og da at ikkje hadde behov for øyeblikkeleg behandling.
Endreseth fortel at dei i eit slikt tilfelle ønsker å gjere ein totalvurdering av pasienten før dei opererer.
Birger Henning Endreseth ved St Olavs hospital seier dei gjer ein totalvurdering av kvar pasient for å vurdere kva behandling det er hensiktsmessig å gi.
Foto: Morten Andersen / NRKHan seier alder i utgangspunktet ikkje har så mykje å seie for slike vurderingar.
– På generelt grunnlag har ikkje alder nokon betydning, seier Endreseth.
– Vi gjer ein vurdering av pasienten basert på totalbiletet.
Likevel er det meir risikabelt å operere på nokon som er gamle, seier Endreseth. At ein 20-åring med den same kulen som Gerd ville ha blitt behandla annleis er han einig i.
– Ein 20-åring ville ha vore friskare og har truleg ingen tilleggssjukdommar. Det ville vi også hos 20-åringen ha tatt omsyn til.
– Med ein gammal pasient må vi gjere ein meir omfattande totalvurdering av før vi opererer.
Endreseth seier sjukehuset alltid har kapasitet til akutte operasjonar. Han seier det ikkje er eit spørsmål om kapasitet at Gerd ikkje blei operert.
– Det ein medisinskfagleg vurdering som blei gjort, så kan du seie at det er ein del av ein prioriterting, men det handlar ikkje om kapasitet.
Publisert 24.04.2025, kl. 14.56