På 50 år har eit enormt område på 5000 kvadratmeterlangs kysten av Nord-Norge, gått frå frodig tareskog til ein kråkebolleørken, ifølge Miljøstiftelsen Bellona.
Kråkebollane et nemleg opp enorme mengder med tang og tare.
Tareskogen er viktig, fordi den blant anna fangar opp CO₂-utslepp frå atmosfæren.
Frå Trøndelag til Kirkenes har 5000 kvadratkilometer med tang og tare blitt borte i løpet av dei siste førti åra.
I eit forsøk på å bremse dette, har Lofoten Undervassklubb, saman med tre andre klubbar, tatt saka i eigne hender.
Dei kallar seg tarevaktarar, og dykkar ned og drep kråkebollane med hammar.
– Det er kjempe tidkrevjande, men veldig givande og stas å sjå kva forskjell det gjer, seier dykkar og tarevaktar, Stine Thunheim.
– Ørken utanfor kysten
– Vi har halde på i eitt år i det området vi har valt ut her i Lofoten, og vi ser allereie no at det har komme masse liv tilbake i akkurat det området vi knuser kråkebollar, seier Thunheim.
Men hammar er eit avgrensa verktøy mot ein fiende som er i ferd med å rasere kystområda i nord, der tareskogen er raudlista.
– Det er trist å sjå kor mykje sandbotn og ørken vi har rett utanfor kysten her.
Derfor har Bellona etablert eit internasjonalt forskingssenter for Marin Restaurering på kaikanten i Kabelvåg.
Der skal dei prøve å finne løysingar for å få tareskogen tilbake.
– Naturtap større enn det vi har på land
Ein ting er å plukke, hamre og bruke kalk for å få bukt på kråkebolle-problemet. Men ein treng også fiskane tilbake.
– Problemet her er at vi har fiska opp dei predatorane som et kråkebollane, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.
Derfor vil dei no prøve å få tilbake blant anna torsk, hyse og steinbit, som speler ei viktig rolle i å regulere kråkebolle-populasjonane.
Saman med Universitetet i Tromsø vil senteret vere ein felles arena for forsking, innovasjon, kunnskapsdeling og formidling.
– Det at vi no får med oss Universitetet i Tromsø gjer at vi får etablert ei vitskapleg plattform.
At 5000 kvadratkilometer langs kysten av Nord-Noreg har gått frå frodig tareskog til kråkebolle-ørken, meiner han har fått for lite merksemd.
– Dette er eit naturtap som er langt større enn det vi har på land, seier Hauge.
– Oppsiktsvekkande og skandaløst
– Vi har prøvd å fortelje ministrar og regjering at dette er vår største naturmangfaldproblem, seier Hauge.
Og sist veke la klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap) og landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) fram stortingsmeldinga om naturmangfald.
Den nye handlingsplanen skal konkretisere korleis Noreg skal følge opp avtalen om å verne 30 prosent av naturen som blei vedtatt i Montreal i Canada i 2022.
Regjeringa seier dei vil bevare 30 prosent av landsarealet nasjonalt og redusere nedbygging av viktige naturareal.
Det er sett av 100 millionar kroner til arbeidet. Til samanlikning så skal Danmark bruke 40 milliardar danske kroner på klima, natur og biodiversitet.
Men i meldinga til den norske regjeringa står det lite om vern av tareskog. Det likar Bellona-leiaren dårleg.
– Det er oppsiktsvekkande og skandaløst. Eg er ganske skaka, men samtidig så blir arbeidet til Bellona mykje viktigare. Viss ikkje regjeringa gjer det, så får vi gjere det, seier Hauge.
Publisert 01.10.2024, kl. 19.06