Fredag er det tid for det fyrste rettsmøtet til Rodrigo Duterte i Den internasjonale straffedomstolen (ICC). Han vert etterforska for brotsverk mot menneskeslekta.
Han er ikkje sjølv til stades i salen. I staden får han følga møtet på video, fordi han har hatt ei lang reise med betydeleg tidsforskjell.
Den tidlegare presidenten på Filippinane vart arrestert i heimlandet og frakta til Haag i Nederland denne veka, etter ei arrestordre frå nettopp ICC.
Spørsmål og svar
- Kva er Duterte skulda for?
Den internasjonale straffedomstolen (ICC) seier at han er mistenkt for drap i ein slik grad at det utgjer eit brotsverk mot menneskeslekta, i perioden 1. november 2011 til 16. mars 2019.
Menneskerettsgrupper meiner opp til 30.000 menneske vart drepne under «krigen mot narkotika» som Duterte stod bak.
- Kva skjer i dette rettsmøtet?
Fyrst skal retten stadfesta identiteten til den skulda, altså Rodrigo Duterte. Dei skal òg finna ut kva språk han vil følga rettssaken på. Under rettsmøtet får han dessutan nærare informasjon om kva han er skulda for. Dette er altså ikkje starten på sjølve rettssaka.
- Filippinene er ikkje lenger medlem av ICC. Kvifor vart Duterte arrestert no?
Duterte sjølv trakk landet ut av ICC i 2019. Men domstolen meiner at dei likevel kan straffeforfølga han, fordi brotsverka han vert etterforska for, skjedde mellom 2011 og 2019. Då var Filippinane framleis medlem.
I rettsmøtet hevdar advokaten hans Salvador Medialdea at dette var ei bortføring.
Advokaten meiner vidare at Duterte ikkje er i stand til å bidra under rettsmøtet, og at han er alvorleg sjuk.
Han fekk fort motbør frå domar Iulia Motoc.
– Rettslegen meiner Duterte er fullt psykisk til stades og i god form, seier ho.
Støtte og motstand
Trass i dei svært alvorlege skuldingane mot Duterte har fleire støttespelarar møtt opp utanfor hovudkvarteret til ICC fredag.
Taktfast messer dei namnet hans og held opp plakatar med støttande slagord på.
På Filippinane, derimot, er det demonstrasjonar mot Duterte i mellom anna byen Quezon.
«Rettferd!» ropar studentar på Filippinane, i protest mot den tidlegare presidenten Duterte.
Foto: Eloisa Lopez / Reuters / NTBFleire tusen menneske drepne
Duterte vart kjent – og berykta – då han som ordførar innleia «krigen mot narkotika».
Då han seinare vart president fortsette han krigen, som kravde liva til minst 6000 menneske, ifølge filippinske styresmakter.
Ifølge menneskerettsgrupper er det reelle talet nærare 30.000 drepne. Fleire av dei skal ha vore gatebarn og rusbrukarar som var på feil stad til feil tid.
Duterte er det fyrste tidlegare statsoverhovudet som vert stilt for ICC skulda for brotsverk mot menneskeslekta.
Les meir om kven den tidlegare presidenten er og kva han no vert etterforska for:
Er du interessert i utanriksstoff? Sjekk ut podkasten til Utanriks-redaksjonen.
Publisert 14.03.2025, kl. 14.46 Oppdatert 14.03.2025, kl. 15.26