LEIAR: Vassrøyret som sprakk kan vera ei nyttig påminning til oss alle: Du bør ha nokre dunkar vatn heime.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Leder
Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Stavanger Aftenblads meninger og analyser.
Det har kokt godt i store delar av Stavanger-området det siste døgnet. 55.000 innbyggarar fekk plutseleg sms frå kommunen om at dei måtte koka vatnet i springen før dei drakk. Eit røyr som frakta 850 liter vatn i sekundet var øydelagt.
Plutseleg gjekk det mandag kveld eit nytt elveløp mellom Store og Lille Stokkavatn. Vatnet som kom ut av springen på Madla, Stokka, Tasta, Vardeneset, Madlamark, Kvernevik, Sunde, Høye og Byhaugen, var misfarga.
Det tok ikkje veldig lang tid før IVAR onsdag morgon kunne melda at røyret var fiksa og tett. Kokevarselet gjeld rett nok fram til vatnet er testa og godkjent. Det skjer sannsynlegvis torsdag.
Sjølv om det sprokne vassrøyret dermed førte til ein del styr for folk som måtte finna fram vasskokarar og store gryter, var det dermed grenser for kor dramatisk og alvorleg denne hendinga var. Den sindige driftssjefen Sigve Nicolaisen i IVAR sa til NRK Rogaland at dei er ganske vane med at det går hol på leidningane som fraktar vatnet vårt. Det uvanlege denne gongen var at så mange innbyggarar merka det.
Hendinga bør likevel tena som ei påminning til oss alle. Om at ting du tar for gitt – reint vatn i springen, straum i kontakten, nett på mobilen, mat i butikken – kan svikta. Kva gjer du då?
For mange viste svaret seg å vera «går i butikken og kjøper vatn» då vatnet i springen plutseleg fekk farge. Litt utpå tysdagen fanst det ikkje lenger vatn utan smak og bobler å oppdriva i fleire butikkar i dei ramma bydelane. Nå kan det jo vera godt med sprudlevatn, men den plutselege hamstringa tysdag morgon tyder på at mange ikkje har drikkevatn i beredskap heime.
Det bør me alle ha.
Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) tilrår i sine relativt nye råd at du bør ha minst 20 liter vatn per person lagra heime. Pluss ei rekke andre, grunnleggande ting, som mat, batteri, fyrstikker og ved. Og har du noko å koka eventuelt misfarga vatn – eller mat – på, om elektrisiteten skulle svikta og bli borte nokre døgn?
DSBs oppdaterte råd til eigenberedskap er utvikla mot eit langt meir alvorleg bakteppe enn eit sprokke røyr på Stokka. Me lever i ei verd der krig, konflikt og klimaøydeleggingar har kome tettare på oss.
Samtidig er råda baserte på at «nokon andre» – kommunen, IVAR, Lyse eller Røde Kors – ikkje nødvendigvis kan hjelpa alle med éin gong om noko skulle skje. Du må også ta noko av ansvaret sjølv.
Dermed bør du nyta eit godt glas kaldt, reint vatn frå springen når kokevarselet blir oppheva. Og så bør du fylla opp nokre kanner til lagring til neste gong røyret sprekk.
Publisert:
Publisert: 16. oktober 2024 19:00