Turen på Heidi's Bier Bar vart noko dyrare enn planlagd.
Det var natt til søndag 12. mai i år at to politibetjentar rykte ut til Heidi's Bier Bar i vestlandsbyen Haugesund.
Ei kvinne i starten av 20-åra hadde kutta seg på noko glas, men var hamna i krangel med ein vektar utanfor den populære utestaden.
Ho skal høglydt ha protestert på at ho ikkje fekk sleppe inn igjen i baren og ropte også til politiet då dei kom til.
Derifrå og ut gjekk det enno meir skeis for gjesten.
«Du er ein pikk og du er ein pikk»
Ifølge politiet nekta kvinna først å oppgi personalia til politiet. Deretter fekk ho beskjed om å forlata Haugesund sentrum, fordi dei opplevde at ho både var overstadig rusa og forstyrra ro og orden.
Det skal ho ikkje gjort raskt nok for politibetjentane, som etter litt att og fram på kaien, måtte ta i bruk fysisk makt, pågripe kvinna og frakte ho ut av byen.
Då blei stemninga enno meir amper, skriv Haugaland og Sunnhordland tingrett i ein fersk dom.
– Tiltalte forsøkte fleire gonger å komme seg ut av cellebilen og ho ropte og dytta til politistudenten. Ho vart sett på handjern og sa deretter til politibetjentane at «du er ein pikk og du er ein pikk», samanfattar dommarane.
Seier ho var redd
Dei dømmer kvinna til å måtte betale ei bot på 22.000 kroner.
Den får ho for å ha nekta å oppgi personalia, ikkje følge ordre/pålegg frå politiet og for å ha forulempa offentleg tenesteperson.
Den unge kvinna nekta straffskyld i retten.
Ho viste til at ho på eit tidspunkt gav førarkortet sitt til politiet, men raskt tok det tilbake då ho såg dei skulle ta bilde av det.
SHo tykte allereie då at politiet var «kvasse med henne». Ho opplevde seg heller ikkje overstadig rusa.
Vidare sa ho til retten at ho ikkje følte politibetjentane gav ho nok tid til å forlate sentrum, før dei arresterte henne.
Ho nekta for å kalla politibetjentane for «pikk», og forklarte oppførselen sin med at ho var redd fordi ho ikkje forstod situasjonen.
Betaler ho ikkje bota på 22.000 kroner, må kvinna i fengsel i 22 dagar.