Fryktar store mørketal blant klasebombe-dødsfall i Ukraina

3 weeks ago 11



Overvakingsorganet Cluster Munitions Coalition (CMC) skriv måndag at klasebomber har råka fleire menneske i Ukraina enn noko anna land dei siste åra.

Auken har skjedd sidan Russland invaderte i 2022. Men talet på drepne og skadde er sannsynlegvis eit dramatisk underslag, ifølge forfattarane.

Klasevåpen er bomber eller granatar som opnar seg i lufta og slynger ut mindre sprengladningar over eit stort område. Det dreier seg ofte om hundrevis.

Ein ukrainsk soldat held ein ueksplodert bit av ei russisk klasebombe i Khmelnytsky-regionen, 8. juli 2024.

Ueksploderte småbomber som denne er ofte pakka inn i større rakettar som opnar seg høgt oppe i lufta. Dei skal eigentleg eksplodere når dei treffer målet, og kan difor vere ustabile ved kontakt.

Foto: FLORENT VERGNES / AFP

Eit kjent problem med desse sprengladningane er at mange ikkje eksploderer når dei treff bakken.

Dei har difor potensial til å råke sivile i lang tid etterpå. Nysgjerrige born og bønder som pløyer jorda blir ofte løfta fram som typiske offer.

USA har sendt klasevåpen til Ukraina

112 land, blant dei Noreg, har signert eit internasjonalt forbod mot bruk, produksjon og lagring av klaseammunisjon. Men verken Russland, Ukraina eller USA har signert.

USA fekk i fjor hard kritikk frå fleire land fordi dei byrja å sende klasevåpen til det ukrainske militæret. Både Ukraina og Russland brukar dei.

– Det er eit vedtak vi utsette. Det er eit vedtak som kravde eit svært nøye blikk på den potensielle skadeverknaden på sivile, sa USA sin nasjonale tryggingsrådgivar Jake Sullivan ifølge CNN.

UN Cluster Munitions

Her blir restar etter russiske rakettar inspiserte i Kharkiv vinteren 2022. Fleire av desse er klaserakettar, skriv nyheitsbyrået AP.

Foto: Libkos / AP

– Men då vi sette alt det saman, blei det einstemmig anbefalt frå det nasjonale tryggingsteamet, og president Biden bestemte seg for å gå vidare med strategien.

Ukraina bad fleire gongar om å få tilsendt klasevåpen til motoffensiven i fjor.

Styresmaktene sitt argument var at Russland hadde eit fortrinn på bakken med fleire soldatar og artillerivåpen, og at klasevåpen kunne bidra til meir slagkraft, skriv The Guardian.

Registrerte flest i starten av krigen

Før krigen hadde ikkje Ukraina registrert noko dødsfall som følge av klaseammunisjon på fleire år. No er det altså registrert fleire enn tusen.

Men forfattarane av CMC-rapporten det kan vere «vesentleg fleire» enn det dei kjenner til.

Russland har nemleg teke ansvar for fleire angrep med klasevåpen på stader CMC ikkje har vore i stand til å verifisere, seier ein av forfattarane til AFP.

Ei kvinne står ved skadene etter ei klasebombe i Kramatorsk.

Det er også dokumentert bruk av klasevåpen her, i Kramatorsk i Ukraina. Kor mange som faktisk er drepne i slike angrep, meiner CMC det er vanskeleg å talfeste.

Foto: ARIS MESSINIS / AFP

Korleis dødstala er fordelte, varslar også store utfordringar for Ukraina etter at krigen er over.

Omtrent halvparten av dei registrerte døde og skadde på verdsbasis i 2023 blei utsette for faktiske angrep. Dei andre blei råka av ueksplodert ammunisjon.

Dette gjeld ni forskjellige land. Men i Ukraina finst det fleire ueksploderte delar av klasebomber i jordbruksområda enn landminer, heiter det i rapporten.

Eit åtvaringsskilt i Yahidne

Dette åtvaringsskiltet står på eit jorde i Yahindne, Ukraina. Biletet er teke medan den amerikanske utanriksministeren var på besøk i området i 2023.

Foto: Brendan Smialowski / AP

Litauen har trekt seg frå avtalen

Forfattarane av CMC-rapporten er særleg kritiske til styresmaktene i Litauen, som i juli valde å trekke seg frå avtalen om forbod.

Dei grensar til Russland, og gav som årsak at nabolandet framleis nyttar våpena i krigen.

– Det ville vere eit feilgrep for eit land som førebur seg på å forsvare seg sjølv, å slå fast kva for grep det ikkje er villig til å bruke, sa forsvarsminister Laurynas Kasciunas den gongen ifølge Reuters.

Litauen sin forsvarsminister

– Med denne stemma gjer vi forsvaret av Litauen sterkare, sa Kasciunas då nasjonalforsamlinga stemte for å trekke seg frå avtalen.

Foto: DANIEL ROLAND / AFP

Utanriksministeren i Noreg, Espen Barth Eide, skildra valet som «beklageleg», og la til:

– Sjølv om tryggingssituasjonen i Europa er endra som følge av Russland sin angrepskrig i Ukraina, er det avgjerande at statane held plikta si om å forby bruk, lagring og transport av denne typen våpen.

Er du interessert i meir frå Utanriksredaksjonen? Høyr vår siste radiosending:

Publisert 09.09.2024, kl. 22.37

Read Entire Article