Frosta-saka: Spelte video av feil pasient

1 day ago 2



Etter at ei av dei fornærma kvinnene fortalde retten om sine opplevingar, las statsadvokat Eli Nessimo frå politiet sin gjennomgangsrapport av videomaterialet.

Videoen skal vise at Bye valdtar kvinna under ei undersøkinga på legekontoret.

Men mens retten fekk sjå videoen reagerte den tiltalte og hans forsvarar.

Da retten tok pause gjekk forsvarar, statsadvokaten og bistandsadvokatar i møte.

Etter pausen kunne statsadvokat Eli Nessimo bekrefta at videofila ikkje viste riktig kvinne.

Feil kvinne

Da videofila blei spelt for retten reagerte Arne Bye og dei to forsvararane hans.

Etter møteverksemd i pausen kom statsadvokaten tilbake.

Det kom innspel frå forsvarar og tiltalte i pausen som stiller spørsmål ved om det er riktig pasient på videoen, fortalde statsadvokat Eli Nessimo til retten.

Nessimo fortalde at dei ikkje har rukke å avklare om kvinna i videoen er den same som tidlegare onsdag gav sin forklaring til retten.

Vi kan ikkje med sikkerheit seie at det er det.

Tingrettsdommar Espen Haug bestemte deretter at retten måtta ta ein pause for å få klarleik i situasjonen.

Etter nok ein pause blei det klart at det var feil kvinne i videoen.

Nessimo fortel at dei har andre videofiler dei kan spele som viser kvinna som forklarte seg onsdag.

Kvinna ønskte ikkje å vere til stades i retten da videoen blei spelt.

Bilde tatt på undersøkelsesrommet på Frosta legekontor.

Bildet er tatt frå videoen som blei vist for retten tysdag. Det er Arne Bye som har filma frå undersøkingsrommet på legekontoret.

Foto: Bildet hentet fra ett av Arne Bye sine kameraer / Frigitt av politiet

Kvinne fekk saka lagt bort

Også tidlegare har kvinner blitt forveksla i videomaterialet frå legekontoret.

Same dag som rettssaka mot den tidlegare kommuneoverlegen starta, blei det kjent at ei kvinne hadde fått saka si lagt bort.

Grunnen var at Statsadvokaten hadde sett på feil videofil da dei forberedde tiltalen.

– Det viste seg seinare at videofila ikkje gjaldt den aktuelle fornærma, sa Nessimo da.

Seinare fekk kvinna saka si lagt bort.

– Da vi fekk innhenta riktig videofil var det vår vurdering, samanheldt med andre bevis, at saka måtte leggjast bort på grunn av bevisets stilling.

77 av dei totalt 94 fornærma kvinnene skal ha blitt funnen i videomaterialet som til saman er 5500 timar langt.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?

Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt.

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Journalistar i NRK Trøndelag

Send oss ein e-post

Publisert 20.11.2024, kl. 11.07 Oppdatert 20.11.2024, kl. 11.15

Read Entire Article