Frankrike: Mann tiltalt for å ha organisert 90 valdtekter av kona si

1 month ago 15



Måndag blei ein fransk 70-åring stilt for retten byen Avignon i ei valdtektssak som har skaka heile Frankrike.

Mannen er tiltalt for å ha dopa ned og filma kona si bli valdteken av over femti framande menn som han rekrutterte på nettet, i perioden 2011 til 2020.

Under rettssaka i Avignon talde politiet opp totalt 92 valdtekter gjort av 72 menn. 51 er mennene blei identifiserte. Dei er mellom 26 og 74 år, og medtiltalte i saka.

Rettstegning viser tiltalte i svart genser på tiltalebenken, ved siden av politimann i grå uniform

Ei rettsteikning viser den tiltalte i retten i Avignon måndag.

Foto: Benoit PEYRUCQ / AFP

Rettssak for opne dører

Alle rettsmøta skal vera offentlege, kunngjorde dommar Roger Arata tysdag.

Det oppfyller den fornærma kvinne sitt ønske om «full offentlegheit» gjennom heile rettssaka, seier den eine advokaten hennar Stéphane Babonneau, til AFP.

Ho ønsker ikkje lukka dører, fordi det er det «angriparane hennar ville ha ønska», seier den andre advokaten hennar, Antoine Camus til AFP.

– Klienten min har levd i nesten femti år saman med ein person ho trudde ho kjente, men som har forrådt ho. Ho er sint. Ho er knust, seier Camus til Franceinfo.

Rettssak i Avignon, Frankrike

Medtiltalte snakkar med ein advokat i tinghuset under rettssaka.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / AFP

Mennene som er skulda for valdtektene er frå «alle sosiale miljø», skriv den franske avisa Le Parisien. Blant dei medtiltalte er det ein brannmann, ein murar, ein fengselsbetjent, ein militær og ein journalist.

Dei fleste av mennene har innrømt dei faktiske forholda, ifølge Franceinfo. Eit mindretal seier dei ikkje visste at kvinna var dopa, og at dei trudde ho let som ho sov.

Rettssaka skal vara til slutten av desember. Blir dei medtiltalte dømde for grov valdtekt, kan dei få opp til tjue år i fengsel.

Dopa ned kona i over ni år

Overgrepa mot kvinna starta i 2011, då paret budde i nærleiken av Paris, og heldt fram etter at dei flytta til Mazan, ein landsby i Provence, to år seinare.

Ifølge advokatane til den fornærma kvinna, var ho så sterkt bedøvd at ho ikkje var klar over at overgrepa skjedde. Ho skal i periodar ha slite med hukommelsestap og var redd for at ho hadde Alzheimer.

Den tiltalte innrømte til etterforskarane at han gav kona si kraftige roande middel, blant anna det angstdempande stoffet Temesta, skriv AFP.

– Han vedkjenner at han gjorde det han gjorde, under dei omstendigheitene, og at det ikkje var ueinigheit under etterforskinga, fram til tiltalen, seier forsvarsadvokat til mannen Béatrice Zavarro.

Beatrice Zavarro, forsvarsadvokat, ikledd raude briller på hovudet, blå skjorte og svart kappe, snakkar med ein annan advokat i svart.

Advokat Béatrice Zavarro forsvarar den tiltalte 70-åringen.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / AFP

Han sa også at alle mennene som kom heim til dei og valdtok kona hans, var klare over at ho var dopa ned.

Etterforska mannen i fire år

Politiet starta etterforsking av mannen i 2020, då han vart tatt for å filma under skjørta til kvinner på eit kjøpesenter.

Politiet fann deretter hundrevis av videoar og bilete av overgrepsmateriale under etterforskinga. Noko av dette omfatta også bilete og videoar av andre kvinner i familien til den tiltalte mannen.

Politiet fann også meldingsloggar kor mannen rekrutterte framande til å koma heim til paret for å ha sex med kona hans.

Ektemannen deltok i valdtektene, filma dei og oppmuntra dei andre mennene til å bruke nedsettande språk, ifølge den franske påtalemakta.

Demonstrasjon Avignon

Røykbomber og demonstrantar utanfor rettslokala i Avignon. 

Foto: CHRISTOPHE SIMON / AFP

Demonstrerte for å visa støtte

Valdtektssaka har vekt store reaksjonar i Frankrike. Før dørene til rettssaka opna måndag, demonstrerte ei rekkje kvinner framfor tinghuset i Avignon for å visa støtte til den fornærma.

Dei bar skilt med slagorda «Stopp valdtektskulturen», «Valdtektsmann, me ser deg» og «Valdtekt = umenneskeleggjerande brotsverk».

Publisert 02.09.2024, kl. 16.29

Read Entire Article