Mennesker drept siden 7. oktober 2023
Sist oppdatert: 2.10.24
Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter
Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 342 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.
Etter nesten eit år i krig med Israel, feira palestinarar på Gazastripa då dei såg fleire titals iranske rakettar på veg mot nabolandet tysdag.
Det melder nyheitsbyrået Reuters, og skriv vidare at nokre av rakettane datt ned i det okkuperte området etter å ha blitt skote ned av israelsk luftvern.
Ingen av desse skal ha ført til skadar på menneske i Gaza, ifølge vitna Reuters har snakka med.
Likevel er minst 60 palestinarar meldt drepne i natt i israelske angrep. 40 av desse var i Khan Younis, ifølge palestinske medium.
Israelske stridsvogner utførte eit raid i dei austlege og sentrale områda av byen, samtidig som at førarane sine kollegaar kjempa i Libanon lenger nord.
Dette raidet varte i fleire timar, der heile bustadbygg blei øydelagde medan folk gøymde seg inne, melder nyheitsnettstaden Al Jazeera.
Det europeiske sjukehuset i Khan Younis seier det har teke imot fleire døde personar etter kraftige israelske luftangrep og bakkeoperasjonar i byen.
Det varslar også at desse dødstala kan kome til å stige.
Hevdar igjen at måla var militære
I Gaza by er minst 22 palestinarar drepne i same periode, ifølge helsestyresmaktene. Desse heldt til på ein skule og ein barneheim, som begge husa flyktningfamiliar.
Det israelske militæret (IDF) hevdar i ei utsegn tidleg onsdag at det hadde angripe Hamas-soldatar som brukte to tidlegare skular som kommandosentralar. Desse ligg i nabolaga Rimal og Tuffah, skriv dei vidare.
I tillegg skriv IDF at det har angripe Bureij barneskule sentralt på Gazastripa, av same årsak.
IDF har brukt dette argumentet etter ei rekke angrep på flyktningleirar i Gaza som har ført til store sivile tap.
Samtidig har mange tusen palestinarar har søkt tilflukt inne i skulebygg etter å ha mista tilgangen på heimane sine.
Tysdag skaut også det israelske militæret mot fleire titals personar det kallar for «mistenkte» sentralt på Gazastripa, ifølge IDF.
Årsaka til dette var at IDF meiner dei var på veg mot deira militære posisjonar, ifølge talspersonen.
– Styrkane skaut mot dei mistenkte. Treff blei registrerte, heiter det i utsegna, som legger til at ingen soldatar ifølge rapportane blei skadde.
Publisert 02.10.2024, kl. 12.04 Oppdatert 02.10.2024, kl. 12.08