Jentene han er dømd for å ha valdtatt var under 14 år gamle då mannen fekk dei til å filme seg sjølve og sende han. Dette er å rekne som valdtekt, etter straffelova.
Han er også dømd for å ha lagra ei mengde nakenbilde av fleire andre jenter.
Nokre av tenåringsjentene skal ha fått betaling, før han sjølv vidareselde filmane.
Retten slår fast at mannen har jakta bevisst på unge:
«Tiltalte har aktivt søkt etter unge jenter gjennom sine ulike brukere på Snapchat, de fleste anonyme. Da han fikk kontakt med dem spurte han om alder, og hadde ingen betenkeligheter ved at barna han etablerte kontakt med var i alderen 11 – 16 år... Han hadde kontakt med flere av barna samtidig. Han innyndet seg ved å gi dem oppmerksomhet og komplimenter, penger og gaver. Han har også lokket med mulighet for å tjene penger», heiter det i dommen.
Må gje frå seg mobilar
Mannen må no betalte 550 000 kroner i erstatning til dei tre valdtektsoffera.
I tillegg må han gje frå seg fleire harddiskar, pcar og mobiltelefonar som han har brukt til å halde kontakten med jentene.
Han er også frådømd retten til å ha Snapchatkonto i fem år.
Pågripen fleire gonger
I dommen kjem det fram at mannen har vore pågripen av politiet fleire gonger, og deretter lauslaten. I desse periodane har han gjort nye overgrep.
Første gongen blei han pågripen etter tips frå ei mor, sommaren 2020. Då fann politiet store mengder nakenbilde av barn heime hos han. Seinare samme haust blei han pågripen på nytt, i det han skulle møte to jenter som han hadde avtalt å forgripe seg seksuelt mot.
Året etter blei han innhenta av politiet endå to gonger, og også dømd.
Vedgår fleire av sakene
Overgrepa skjedde over fleire år, frå 2019 til 2022.
Ifølgje dommen frå Møre og Romsdal tingrett har ikkje mannen vedgått det han er skulda for, før undervegs i rettsaka.
Han får difor ingen strafferabatt.
Han skal ha forklart at han var einsam og mykje åleine, og difor søkte til Snapchat.
Dommen er ikkje rettskraftig.
Publisert 30.10.2024, kl. 12.20 Oppdatert 30.10.2024, kl. 12.55