Frå partnar til alliert - det svenske flagget blir heist i Brussel

1 month ago 56



– Sverige har lenge vore ein partnar, no er de ein alliert. Med alle fordelane og ansvaret som kjem med det.

Det seier Natos generalsekretær Jens Stoltenberg på ein pressekonferanse i Brussel måndag, som han held saman med Sveriges statsminister Ulf Kristersson.

Den svenske statsministeren seier at det å bli innlemma i Nato, har vore som å «kome heim».

– Vi veit at forventningane til oss er høge, men vi har også høge forventningane til oss sjølv, seier Kristersson, som takkar Stoltenberg for hans iherdige kamp for å få Sverige med i alliansen.

alle nato-flagga stilt opp. ein mann sett fram det svenske

I mai 2022 søkte Sverige om Nato-medlemskap. Nærare to år skulle gå før dei blei formelt innlemma.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP

Russland har tidlegare sagt at dei vil reagere dersom Sverige blir Nato-medlem. På spørsmål om kva Sverige tenker om dette, seier Kristersson at dei er «på vakt».

– Risikoen for cyberangrep mot Sverige, er ikkje nytt, seier Stoltenberg, som presiserer at angrep mot ein alliert, er eit angrep mot alle.

– Sverige er tryggare på innsida av Nato enn på utsida.

Svensk optimisme

Den svenske statsministeren er heilt sikker på at det er riktig at Sverige blir med i alliansen, og det er også stadig fleire svenskar einige i, viser undersøkingar gjort av Statista.

Frå januar 2022 til januar 2024 har støtta auka frå om lag 20 prosent til 60 prosent.

Alliansefridom i fred og nøytralitet i krig, var lenge Sveriges utanrikspolitiske motto.

Men krigen i Ukraina utløyste ei uro og eit behov for å styrke forsvaret. Torsdag braut svenskane over 200 år med nøytralitet, og blei offisielt medlem av Nato.

Medlemskapen gjer det enklare for Sverige å øve militært med andre land, i tillegg til at dei vil få tilgang til meir militært personell og materiell. Det blir enklare for utanlandske styrker å øve i nordområda, for å betre sikkerheita.

Det formelle er unnagjort, og måndag skjer det seremonielle. Kl. 12 blir det svenske flagget heist opp utanfor Natos hovudkvarter i Brussel, mellom Spanias og Tyrkias flagg.

stoltenberg og kristersson tek kvarandre i handa framfor eit nato-lerret

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg arbeidde lenge med å få Sverige med i forsvarsalliansen.

Foto: Pavel Golovkin / AP

Eit viktig tilskot

Noregs ambassadør til Nato, Anita Nergaard, seier til NRK at Sverige blir eit viktig tilskot til alliansen.

Sverige har store kapasitetar og er eit høgt teknologisk land. Dei har ein forsvarsindustri å rekne med. Saman med Noreg og Finland i nord, vil vi saman kunne utvikle eit sterkt og godt forsvar av Natos nordområde.

Sjølv om Tyrkia og Ungarn lenge blokkerte prosessen, trur ikkje Nergaard at det blir noko problem at dei to landa no skal dele allianse med Sverige.

Vi samarbeider godt med alle allierte og må alltid finne løysingar. Det er ein av dei sterkaste sidene ved Nato-samarbeidet. Vi tar den tida vi treng for å bli einige.

Anita Nergaard med rød blazer. Smiler til kamera

Anita Nergaard er Noregs ambassadør til Nato.

Foto: Simen Ekern / NRK

Nergaard fortel at Nato vil starte det praktiske arbeidet med å få i gang svensk samarbeid så snart flagget er heist.

Ukraina er nærme

På pressekonferansen i Brussel gjentok Stoltenberg at Ukraina er nærare eit Nato-medlemskap enn nokosinne.

– Vi styrker vårt politiske samarbeid i eit nato-ukrainsk råd, og det er velkoment at Nato-allierte hjelper Ukraina med å kome nærare ein medlemskap.

Read Entire Article