Fotballbane ramma av massivt steinras

1 month ago 17



– Eg skal love deg at eg vakna av drønna.

Brede Tjønneland sov då han plutseleg vakna av høge drønn og brumling ifrå fjellet natt til onsdag.

Han blei nysgjerrig og køyrde ned til fotballbana. I mørket såg han ikkje så mykje, så onsdag tok han turen ned att.

– Då tenkte eg: «Å ja, det var soppass, ja!». Eg såg kor høgt oppe steinane må ha rasa frå.

Tjønneland er brannkoordinator i Vaksdal kommune og er van med at det rasar jamt og trutt i fjellsidene rundt seg.

– Men dette har eg aldri sett før, seier han.

Han reknar at kvar av blokkene veg mellom 18–20 kubikk, noko som svarar til tre-fire personbilar.

Saka vart fyrst omtalt i Vaksdalsposten.

Steinras på Geitebakken fotballbane i Vaksdal kommune.

Slik såg raset ut onsdag føremiddag.

Foto: Vaksdal kommune / Vaksdal kommune

Stengd framover

Raset gjekk kl. 03.40 i natt.

– Bana blir stengd for bruk fram til geolog kan gi ei vurdering av situasjonen, skriv Vaksdal kommune på sine heimesider.

Tjønneland trur ikkje at det hadde vore fare for liv, dersom dette hadde skjedd på ein dag der det var folk på fotballbana.

– Hadde det vore folk på bana, så trur eg dei hadde kome seg vekk sidan det gjekk så høgt oppe ifrå.

Dette er andre gong at eit idrettslanlegg i Vaksdal blir treft av ras.

Publisert 27.03.2024, kl. 11.55 Oppdatert 27.03.2024, kl. 12.26

Read Entire Article