Første rentekutt i USA sidan 2020

2 weeks ago 9



Heile verdsmarknaden ser mot den amerikanske sentralbanken i kveld.

Federal Reserve, som skal halda pengeverdien til den største valutaen i verda stabil, valde å trappa ned renta frå intervallet på 5,25 til 5,5 prosent med 0,5 prosentpoeng.

Styringsrenten i USA er dermed nede på intervallet 4,75 til 5 prosent.

Dette var i tråd med kva ekspertar og investorar hadde venta.

Professor ved Noregs Handelshøgskule (NHH), Ola Grytten, fortel at det er to grunner til at sentralbanken satt ned renta.

Det første er at inflasjonen nå er meir under kontroll, og nærare målet på 2 prosent. Det andre er at det går dårlegare i amerikansk økonomi.

– Det ser ut som ein vil gå inn i svakare konjukturer, der ein produserer mindre og ikkje skaper så mange arbeidsplasser, seier Grytten.

Dermed sett sentralbanken opp renta for å få meir fart i økonomien igjen.

Rentekuttet gav umiddelbare utslag for den norske krona, som styrka seg mot både dollaren og euroen.

Men spenninga er ennå ikkje over. Klokka 20.30 norsk tid vil sentralbanksjef Jerome Powell utdjupa kva som låg bak renteavgjerda.

Denne talen følger finansmarknaden med vaktsame auge. Små detaljar i utsegnene kan skapa store rørsler i marknaden.

Inflasjonen har stupt

Ifølge den amerikanske sentralbanken (FED) var tida inne for eit rentekutt fordi inflasjonen har blitt kraftig roa ned etter toppunktet på 9 prosent i juni i 2022.

Til samanlikning viste dei siste tala for august at prisane var 2,5 prosent høgare enn for eitt år sidan. Lågare har ikkje prisveksten vore sidan 2021.

Se hvor mye du må betale hvis renta øker.

Rente

Ditt lån

Nedbetalingstid nå

Månedlige utgifter 18 783 kr

Økte renteutgifter 378 kr

Det vil si en total utgift på 18 783 kroner i måneden, som betyr 378 kroner mer i ekstra renteutgifter enn det du betaler i dag. Renteutgifter er det du må betale ekstra når renta øker fra dagens rente på 5,49%

Sentralbanken i USA har eit mål om at prisane ikkje skal auka meir enn rundt 2 prosent i året, og nå meiner sentralbanken at målet er godt innan rekkevidde.

Men marknaden har den siste tida vore uroleg for at sentralbanken kan vera seint ute med å setta i gang med rentekutta. Håpet har heile tida vore at inflasjonen skulle pressast ned til 2 prosent utan å bremse økonomien inn i nedgangstider.

Renta verkar på økonomien langt fram i tid, og i starten av august rasa børsane fordi arbeidsløysetala i USA auka litt meir enn venta.

Då auka frykta for at renta hadde bremsa økonomien så mykje at dårlege tider var rundt hjørnet.

Dette var med i grunngjevinga for at sentralbanken nå sette ned renta, kjem det fram i ei pressemelding onsdag kveld.

NHH-professoren trur renta vil falla meir, men kor raskt det vil gå er vanskeleg å seia.

– Me såg i forkant av dette var det ein del demokratiske senatorar som meinte renta burde blir kutta med 0,75 prosentpoeng. Sentralbanken i USA er uavhengig, men neppe så uavhengig som i Noreg, seier Grytten.

Venta uendra rente i Noreg

Økonomar antar at Noreg ikkje kan setja ned renta før Europa og USA kuttar renta. Årsaka er blant anna den svake kronekursen, som blir påverka av rentedifferansen mellom land.

I Noreg er det venta at styringsrenta blir halden uendra på 4,5 prosent torsdag. Då legg sentralbanken også fram planane for rentesettinga framover, og spenninga er mest knytt til om det blir eit rentekutt i desember eller i 2025.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Prognose Norges bank

Publisert 18.09.2024, kl. 20.00 Oppdatert 18.09.2024, kl. 20.25

Read Entire Article