Nokon er også meir kreative når det kjem til julepynten.
Silje Kjørstad på Hadsel i Vesterålen oppdaga at ho hadde ei julelenke til overs. Då fekk ho ei fiks idé.
– Eg trengde lys der bak og måtte ha noko som er litt i min gate, seier ho til NRK.
Resultatet blei som Kjørstad seier sjølv:
– Ein p-nisse som lyser opp kvardagen. Dei som kjenner meg tar den interne humoren.
Familien har rett og slett ein lysande penis på baksida av huset.
Ho seier at ein alminneleg nisse hadde blitt vanskeleg å dandere i høgda. Men sambuaren måtte likevel hjelpe å dandere tuppen av lemmet.
Og julep-nissen har allereie tiltrekke seg merksemd. Først på TikTok, så i lokalavisa vol.no. Kjørstad har fått både positive og negative kommentarar.
– Det finst nok av «stivpinner» der ute som ikkje liker denne typen humor.
– Men eg kan også forstå at nokon kan synest det er litt for vulgært, seier vesterålingen og forsikrar om at naboen slepp å få penisen rett i fleisen. Han henger nemleg vendt ut mot ein myr og ein tursti.
Utradisjonelt eller ikkje, Silje er likevel ei av dei som pyntar tidleg til jul.
– Er det ikkje litt tidleg å pynte i midten av november?
– Her er det så mørkt, så vi alle treng lys i november. Ein ser litt lysare på livet når det er lys rundt oss. Når ein stikk inn kontakten får ein litt lykkekjensle når det lyser opp.
– Vi lever i ei brytningstid
Mange meiner det er alt for tidleg å pynte til jul allereie i november. For 30–40 år sidan var det ein dag som gjaldt.
– Det var den 23. desember som gjaldt. Uansett.
Det fortel Geir Thomas Risåsen. Han er julekonservator ved Norsk Folkemuseum, og kan meir om juletrendar enn dei fleste.
Han fortel at han har sett mange pynta juletre heime hos folk, allereie så tidleg som i starten av november.
– For meg er det nok litt uvant, men samstundes må vi erkjenne at vi lever i ei brytningstid kor tidspunktet for jula er i endring.
– Det som er den eigentlege julehøgtida, julaftan og første juledag, er nok meir i ferd med å bli slutten heller enn starten, som det eigentleg er.
Konservatoren trur påverknad frå den andre sida av Atlanterhavet, der det er vanleg å pynte til jul like etter «Thanksgiving», er ein del av grunnen.
– Det er den tradisjonen vi er i ferd med å ta over. Vår gamle nordiske jul er eigentleg ein tretrinnsrakett med adventstid, julehøgtid og romjula. For meg varer romjula til og med den tyvende dagen, som er 13. januar, seier Risåsen.
– Men det er min tradisjon, og den jula som eg for egen del ønsker å beskytte. Det må vi også huske på – at kvar og ein har sin tradisjon, legger han til, og understrekar at det er ein smakssak når folk vil pynte til jul.
– Jula varer altså ikkje helt til påske lenger?
– Den har vel strengt tatt aldri gjort det. Vi har jo uttrykket «20. dags Knut kaste jula ut», og det er jo 13. januar. Eg er veldig glad i jul og vil gjerne halde på jula fram til då, avsluttar Risåsen.
Bryt tradisjonen
Det er ikkje berre utsida av huset i Vesterålen som er ferdigpynta til høgtida. Også inne i huset er det også snart klart for jul. Allereie 1. desember er alt, inklusive juletre, oppe. Sjølv om det ikkje var slik då Silje var lita.
– Det er kjedeleg å berre ha det ei veke. Når det først er jul og lys og fargar kan det godt vare ein stund, seier ho og legg til:
– I tillegg har eg jo julepynt til eit par tusen, så det er jo greitt å bruke det litt også.
Og julepynten skal òg henge ute ein stund. Heilt til mørketida er over. I Hadsel er det som regel til midten av februar.
Publisert 18.11.2024, kl. 18.18 Oppdatert 18.11.2024, kl. 18.21