For kvar kvinne ho tilset, må ho tilsette ein mann for å passe på henne

1 week ago 12



For kvar kvinne Madina Mahboobi har tilsett i hjelpeorganisasjonen sin i Kabul, har ho tilsett ein mann. Enten ektemannen, broren eller faren.

Taliban har nemleg bestemt at kvinner må ha ein verge dersom dei skal bevege seg langt frå heimen.

Mahboobi har funne ei slags løysing.

– Eg har ikkje tilsett mennene som verger. Eg vil ikkje normalisere det. Så dei har sine eigne arbeidsoppgåver som dei må gjere, seier Mahboobi.

– Når vi reiser ut i felt, så passar eg på at alle er i arbeid.

Menn fjerner gjørme frå eit hus med spader.

HALVPARTEN TRENG HJELP: Ein auke i naturkatastrofar, i tillegg til nedgang i internasjonal bistand, har ført til at halvparten av alle afghanarar i dag er avhengige av naudhjelp.

Foto: Atif Aryan / AFP

NRK møter henne i Oslo, der ho er for å fortelle om situasjonen i Afghanistan.

Den 29 år gamle kvinna er ei av dei privilegerte som hadde mogelegheita til å reise ut av landet då Taliban tok makta i 2021, men som valde å bli.

Veninnene flykta, ho blei

– Eg har kjent meg svikta. Og veldig, veldig einsam, fortel ho.

Alle veninnene hennar flykta då dei skjønte at Taliban kom til å forby kvinner å jobbe.

– Og det forstår eg. Men eg har bestemt meg for å bli verande og kjempe for å gjenopprette verdigheita til afghanske kvinner, seier Mahboobi.

madina tar ei eldre dame i handa. dei smiler til kvarandre.

Madina Mahboobi (til høgre) er direktør for Vision Development Organization i Afghanistan.

Foto: Privat

Taliban har innskrenka kvinners rettar på utenkelege måtar.

Jenter må slutte på skulen etter 6. klasse og er ekskluderte frå arbeidslivet. Unntaket er helsesektoren, som er grunnen til at Mahboobi får arbeide.

Kvinner får ikkje bruke parkar eller svømmebasseng, spele sport eller snakke høgt i offentlegheita.

Men det mest inngripande, er for mange kravet om å ha ein verge.

Kvinner kjenner seg til bry

– Familien min har lidd mykje på grunn av dette, seier Mahboobi.

– Far min og bror min har plutseleg blitt vergane mine. Bror min bestod ikkje siste året på universitetet fordi han måtte reise så mykje med meg.

Mor hennar har kreft. Ein gong måtte faren velge mellom å følge kona på sjukehuset for kreftbehandling, eller å følge dottera slik at ho fekk levert naudhjelp.

Kvinner sit på eit jordet med ei pappeske frå UN framfor seg. Dei har på blå burka. I bakgrnnen er det ffjell med snø på toppen.

Mahboobis organisasjon arbeider med å dele ut naudhjelp. Her får kvinner på landsbygda utdelt humanitære hjelpepakkar.

Foto: Privat

Taliban har sagt at kvinner må ha mannleg følge når dei beveger seg lenger enn 77 km frå heimen. Men dei fleste tør ikkje å forlate heimen utan ein verge, og viser til trakassering frå Taliban.

I ein FN-rapport fortel kvinner at dei opplever det som stressande å vere avhengige av mannlege familiemedlem. Dei kjenner seg til bry.

Samtidig vegrar mange menn seg for å vere verge, fordi det er tidkrevande og fordi dei også opplever trakassering frå Taliban.

Menn med tradisjonelle klede og turban på hovudet går ved eit større solcellepanel. Menn med gevær går rundt dei. I bakgrunnen er det fjell.

Taliban-medlemmer inspiserer eit solcellepanel i Kabul.

Foto: Ahmad Sahel Arman / AFP

Ein leiar med sterk kontroll

Den islamistiske rørsla blei til under borgarkrigen som oppstod etter at dei sovjetiske styrkane trekte seg ut av Afghanistan i 1989.

Taliban er mest kjend for sitt brutale styresett og ekstreme tolking av sharia.

Det er mykje hemmeleghald rundt den øvste leiinga, som sit i byen Kandahar.

Det finst berre eitt bilete av leiaren, Haibatullah Akhundzada. Han kommuniserer i brevform, bruker ikkje moderne teknologi og har aldri før opptredd i offentlegheita.

Portrettbilete av Hibatullah Akhundzada med kvit turban og langt skjegg.

Dette er dei einaste bilete som skal eksistere av Haibatullah Akhundzada, Talibans øvste leiar. Biletet er ikkje verifisert.

Foto: Afghan Islamic Press / AP

Akhundzada gjer alt han kan for å halde ein låg profil utad, men har nærmast total kontroll innad i rørsla. Frå Kandahar styrer han Taliban saman med ei handfull trufaste menneske.

– Taliban er fargerikt

Men det er ikkje denne delen av Taliban Mahboobi forheld seg til i det daglege. Det er mennene på bakken.

Ho ler og ristar på hovudet når ho fortel om sitt første møte med Taliban.

Formålet var å få løyve til å drive organisasjonen hennar, og ho skulle halde ein presentasjon. Ho fekk streng beskjed om å snakke på pashto.

– Eg svarte at eg berre beherskar dari. Og engelsk, då.

– Så sa han «please, continue» på perfekt engelsk. Eg blei heilt sjokkert. Så sat vi der i ein time og snakka engelsk med kvarandre, fortel Mahboobi.

EIn militærparade

Taliban feira treårsjubileum i august. Biletet viser ein militærparade i byen Khost.

Foto: AFP

– Taliban er fargerikt. Eg har sett ulike mentalitetar, gradar av ekstremisme og fleksibilitet. Nokre vil ikkje sjå på deg, nokre vil ikkje prate med deg, medan andre respekterer deg og hjelper deg.

«Forboda er ein del av prosessen»

Mahboobi har funne ein måte å drive organisasjonen på, trass i alle forboda.

Seinast kom eit dekret som forbyr kvinner å snakke høgt offentleg.

– Kva tenker du om det?

– For meg er dette støy. Eg vel å ta dei store kampane, som å utnytte desse få moglegheitsromma som enno finst, slik at kvinner kan jobbe, seier ho.

Når det kjem nye forbod, tar Madina Mahboobi det som ei utfordring, ein del av prosessen, og ikkje ein barriere.

Barn og kvinnerr står ved eit bord der det ligg mange bøker. Dei er utandørs.

BOKKAMPANJE: Då Taliban annonserte at jenter ikkje får gå på skule etter 6. klasse, organiserte Madina Mahboobi ein protestkampanje der dei gav ut bøker til jenter.

Foto: privat

Moglegheitsromma blir mindre

Afghanistan-forskar ved Prio, Kristian Berg Harpviken, fortel at mange fotsoldatar har sett litt mellom fingrane når det kjem til forboda mot kvinner.

Han fryktar det kan endre seg i tida framover.

– Dei siste seks månadane har Taliban rulla ut såkalla ulema-råd i provinsane som skal kontrollere det eksisterande byråkratiet.

Madina Mahboobi må innrømme at ho ikkje ser så lyst på framtida.

Ho ser at den internasjonale bistanden gradvis minkar, medan behovet er stigande.

Menn henter naudhjelp

Naturkatastrofar, kvinneforbod og mindre bistand har gjort situasjonen i Afghanistan til ei av dei mest komplekse krisane i verda.

Foto: Ebrahim Noroozi / AP

Men ho kjem ikkje til å forlate landet sitt, og ho bønnfell verda om å ikkje isolere Afghanistan.

– Det finst mange Madina-er på bakken. Eg håper folk ser oss, og hjelper oss å bygge oss opp økonomisk, slik at vi kan klare oss sjølve.

Publisert 09.11.2024, kl. 09.32 Oppdatert 09.11.2024, kl. 09.53

Read Entire Article